Skriftlig spørsmål nr. 3009 · 2024-2025
Når setter regjeringen i gang utredning av nytt fengsel for Ålesund og kva kapasitet legg ein opp til?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Astri Aas-Hansen, 24. august 2025. Svaret kom 1. september 2025.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Justis- og beredskapsministeren · Astri Aas-Hansen
- Datert
- 24. august 2025
- Besvart
- 1. september 2025
Spørsmål
Når setter regjeringen i gang utredning av nytt fengsel for Ålesund og kva kapasitet legg ein opp til?
Begrunnelse
i Stortingsmelding: Straff som virker – straffegjennomføring for et tryggere Norge står det at regjeringen vil Utrede etablering av nytt fengsel i Ålesund-området.
Eg besøkte dagens Ålesund fengsel denne veka saman med ordførar Håkon Lykkebø Strand og fekk der verkelig sjå behov for nytt fengsel med betre fasiliteter for innsatte og ansatte.
Både kommune, regionråd og sjølvsagt fengselet sjølv er utolmodig etter å koma vidare med planleggingen.
Svar
Justis- og beredskapsministeren Astri Aas-Hansen, 1. september 2025
Det er eit stort vedlikehaldsetterslep i kriminalomsorga, med fleire gamle fengsel som er lite eigna for ei forsvarleg kriminalomsorg. Det er behov for å betre kapasiteten, også når det gjeld tilstanden i enkelte fengsel.
Det er allereie fleire pågåande fengselsprosjekt, og på grunn av ressurssituasjonen i kriminalomsorga er det avgrensa kor mange fengselsprosjekt som kan setjast i gang samstundes. Arbeidarpartiregjeringa har bestemt å setje i gang ei utgreiing av eit nytt fengsel i 2025, som erstatning for fengselet i Ålesund. Kva kapasitet ein legg opp til i eit nytt fengsel vil avgjerast på eit seinare tidspunkt, når prosjektet er satt i gong.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.