Skriftlig spørsmål nr. 2936 · 2024-2025
Ålesund fengsel er frå 1864. Det er for lengst slått fast at bygget ikkje lenger er eigna som fengsel, verken for innsette eller tilsette. Bygget har ikkje kvinneplassar og er ueigna for …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Astri Aas-Hansen, 16. august 2025. Svaret kom 28. august 2025.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Justis- og beredskapsministeren · Astri Aas-Hansen
- Datert
- 16. august 2025
- Besvart
- 28. august 2025
Spørsmål
Ålesund fengsel er frå 1864. Det er for lengst slått fast at bygget ikkje lenger er eigna som fengsel, verken for innsette eller tilsette. Bygget har ikkje kvinneplassar og er ueigna for funksjonshemma. Ålesund har heller ikkje varetektsplassar, og det er betydeleg underdekning av soningsplassar i Møre og Romsdal. I statsbudsjettet varsla regjeringa ei utgreiing av nytt fengsel/ soningssenter i Ålesund i 2025. Ei ferdig regulert tomt står allereie klar.
Kor langt er utgreiingsarbeidet kome, og når vil utgreiinga vere ferdig?
Svar
Justis- og beredskapsministeren Astri Aas-Hansen, 28. august 2025
Det er eit stort vedlikehaldsetterslep i kriminalomsorga, med fleire gamle fengsel som er lite eigna for ei forsvarleg kriminalomsorg. Det er behov for å betre kapasiteten, også når det gjeld tilstanden i enkelte fengsel. I tillegg vil behovet for fengselskapasitet auke på sikt.
Det er allereie fleire pågåande fengselsprosjekt, og på grunn av ressurssituasjonen i kriminalomsorga er det avgrensa kor mange fengselsprosjekt som kan setjast i gang samstundes. Arbeidarpartiregjeringa har bestemt å setje i gang ei utgreiing av eit nytt fengsel i 2025, som erstatning for fengselet i Ålesund.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.