Skriftlig spørsmål nr. 2920 · 2024-2025
Denne veka vart det kjent at dei innleverte tilboda om bygging av Stad skipstunnel ligg høgare enn det opprinnelege kostnadsanslaget for 2021, på grunn av sterk kostnadsvekst i anleggsbransjen dei …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 15. august 2025. Svaret kom 26. august 2025.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
- Datert
- 15. august 2025
- Besvart
- 26. august 2025
Spørsmål
Denne veka vart det kjent at dei innleverte tilboda om bygging av Stad skipstunnel ligg høgare enn det opprinnelege kostnadsanslaget for 2021, på grunn av sterk kostnadsvekst i anleggsbransjen dei siste åra.
Kan statsråden stadfeste at prosessen med sluttforhandlingar med ein eller fleire tilbydarar går vidare utan forseinkningar, slik at Stortinget raskast råd kan få ein reell oppdatert pris på bordet, og ikkje berre den "løypemeldinga før forhandlingar" som vi no er kjent med?
Svar
Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 26. august 2025
Anbodsprosessen for Stad skipstunnel er lagt opp som ein konkurranse med forhandlingar. Ved frist 10. juni, vart det levert inn tre tilbod, og desse tilboda er no til vurdering.
Av konkurransemessige omsyn har ikkje Kystverket oppgitt detaljerte opplysningar om innkomne tilbod, men det har vorte kjent at innkomne tilbod ligg over kostnadsramma som Stortinget har vedteke.
Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om oppfølginga av prosjektet Stad skipstunnel i samband med framlegginga av forslag til statsbudsjett for 2026.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.