Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2868 · 2024-2025

Vil statsråden be Statens vegvesen også beregne i sine modeller 100 % rabatt ved passering av ein bom i tobomsløysinga for Nordvik, Søfteland og Kalandseid?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 10. august 2025. Svaret kom 18. august 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
10. august 2025
Besvart
18. august 2025

Spørsmål

Vil statsråden be Statens vegvesen også beregne i sine modeller 100 % rabatt ved passering av ein bom i tobomsløysinga for Nordvik, Søfteland og Kalandseid?

Begrunnelse

Statens vegvesen har som kjent skissert ei løysing med to-boms løysing på sidevegane for bygdene Søfteland, Kalandseid og Nordvik. Denne løysinga inneberer rabatt, men likevel betaling for passering av ein bom. Det betyr at desse bygdene blir stengt inne av bommar og det strir mot det lokale ynskje frå aksjonsgruppa og kommunane Bjørnafjorden og Bergen samt Vestland fylkeskommune som alle har peika på ein to-boms løysing med gratis passering av ein av bommane. Det vil vera interessant å få berekna effekten av den modellen som ein lokalt ynskjer og eg vil derfor be statsråden be vegvesenet også beregne denne.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 18. august 2025

Statens vegvesen har gjennomført ei omfattande utgreiing med mål om i større grad å skjerme lokaltrafikken på sidevegane. Utgreiinga er gjennomført i dialog med Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune og Vestland fylkeskommune. Det har også vore halde møte mellom Samferdselsdepartementet og dei nemnde kommunane og fylkeskommunen.
I arbeidet er det lagt vekt på å finne løysingar som balanserer lokale omsyn med prinsippa for bompengefinansiering og økonomien i bompengeselskapet. Fleire alternative løysingar til dagens bompengeopplegg er vurderte, under dette òg fritak for lokal trafikk på sidevegane.
I dag vert det kravd inn bompengar på ny E39, gamle E39 og på fv. 5158. Det er lik takst i alle bomstasjonane.
I brev av 10. april 2025 vart lokale styresmakter informert om at Samferdselsdepartementet har konkludert med at ein kan gå vidare med den alternative løysinga Statens vegvesen har foreslått. Denne løysninga vil i betydeleg større grad enn dagens innkrevjing skjerme lokaltrafikken på sideveg. Forslaget inneber å sette opp to nye bomstasjonar på sidevegane og innføre omvendt timesregel på sidevegane med låg betaling for enkeltpasseringer med lette køyretøy i både dei nye og i eksisterande bomstasjonar på sidevegsnettet. Dette inneber ein rabatt på nesten 90 pst. om du passerer éin sidevegsbom, samanlikna med takst på sideveg i dag.
Vurderingene som er gjort i saka viser at sidevegstrafikken har både direkte og indirekte nytte av prosjektet og må derfor ut frå nytteprinsippet også vere med på å betale bompengar. Det vart utført utbetringar på fv. 5158 som del av prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal, og trafikantane på fylkesvegen får nytte gjennom desse utbetringane. Trafikantane på gamle E39 får nytte gjennom betre trafikktryggleik og betre miljø, fordi ein betydeleg del av trafikken no er overført til ny E39. Å gi 100 pst. fritak for lokaltrafikk meiner eg vil svekkje legitimiteten til bompengeordninga då det vil hòle ut nytteprinsippet som eit sentralt prinsipp for vurdering av bompengebetaling. Eg er likevel samd i at nytta for trafikken på sidevegane er lågare enn for trafikken på hovudvegen. Derfor er det foreslått at trafikken på sidevegane, som ikkje er gjennomgangstrafikk, skal få sterkt redusert bompengebetaling.
Med Statens vegvesens forslag til eit alternativt bompengeopplegg vil kostnadene for dei fleste trafikantar som bruker sidevegane verte betydeleg redusert, med unntak av den delen av lokaltrafikken som berre passerer dei nye bomstasjonane. Det er rekna at bensin- og dieselbilar med dette forslaget vil betale 6,3 kr (mot dagens 50,4 kr) og nullutsleppsbilar vil betale 4,4 kr (mot dagens 35,3 kr). Desse utrekningane gjeld bilar i takstgruppe 1 (lette køyretøy) med AutoPASS-avtale. Forslaget bidreg samtidig til å dekkje auka kostnader for bompengeselskapet og sikrar likebehandling av trafikantar på sidevegane – uavhengig av om dei køyrer innanfor éin kommune (og passerer dei nye bomstasjonane) eller mellom kommunar (og passerer dei eksisterande).
Det foreslåtte alternative bompengeopplegget er i tråd med innstillinga frå transportkomiteen til Prop. 134 S (2013-2014) Utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn – Rådal i Hordaland jf. Innst. 37 S (2014-2015) som peikar på at det må sikrast løysingar som gjer at det er betre samanheng mellom betaling og nytte for vegen. Komiteen understrekar samtidig at det er viktig å finne løysingar for bompengeinnkrevjinga som i størst mogleg grad bidreg til å halde på legitimiteten av bompengeordninga.
Eg støttar Statens vegvesen sine vurderingar i saka, og forslaget etaten har til eit alternativt bompengeopplegg for prosjektet. Samferdselsdepartementet har bede lokale styresmakter om å gjere nødvendige vedtak. Når desse ligg føre, vil Statens vegvesen førebu saka slik at regjeringa kan fremje ein ny proposisjon for eit revidert bompengeopplegg for E39 Svegatjørn–Rådal for Stortinget.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.