Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2836 · 2024-2025

Kva var billettinntektene på kvart einskilt hurtigbåtsamband i Noreg i 2024 eller ev. i 2023 om tal for 2024 ikkje er tilgjengeleg, og kva av sambanda har færre enn 100 000 passasjerar årleg eller går til øyar og andre veglause samfunn?

Geir Inge Lien (Sp) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 7. august 2025. Svaret kom 14. august 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
7. august 2025
Besvart
14. august 2025

Spørsmål

Kva var billettinntektene på kvart einskilt hurtigbåtsamband i Noreg i 2024 eller ev. i 2023 om tal for 2024 ikkje er tilgjengeleg, og kva av sambanda har færre enn 100 000 passasjerar årleg eller går til øyar og andre veglause samfunn?

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 14. august 2025

Hurtigbåtar og andre båtsamband er del av kollektivtilbodet som fylkeskommunane har ansvaret for. Staten bidreg til finansieringa av fylkeskommunane sine oppgåver gjennom rammeoverføringar, og legg ikkje bindingar på utforminga av transporttilbodet eller korleis fylkeskommunane syter for at transporttenestane blir utførd. Det er den einskilde fylkeskommune som har oversikt over inntekter, kostnader og passasjertal for dei einskilde sambanda. Det finst difor ikkje eit slikt kunnskapsgrunnlag som etterspurd hos departementet.
Ein oversikt over dei fylkeskommunale hurtigbåt- og ferjesambanda og nøkkelinformasjon om desse finst på nettsidane til Kollektivtrafikkforeninga: https://kollektivtrafikk.no/innsikt/markedsoversikt-sjo/

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Inge Lien →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.