Skriftlig spørsmål nr. 2728 · 2024-2025
Kva månad kan ein forvente svar på Riksantikvaren si klagehandsaminga av Akershus fylkeskommune sitt avslag på Statens vegvesen sin søknad om dispensasjon frå Lov om kulturminner for bygging av brutårna på den nye Glommakryssingen?
Sigbjørn Gjelsvik (Sp) stilte spørsmålet til klima- og miljøministeren, Andreas Bjelland Eriksen, 30. juni 2025. Svaret kom 3. juli 2025.
- Fra
- Sigbjørn Gjelsvik (Sp)
- Til
- Klima- og miljøministeren · Andreas Bjelland Eriksen
- Datert
- 30. juni 2025
- Besvart
- 3. juli 2025
Spørsmål
Kva månad kan ein forvente svar på Riksantikvaren si klagehandsaminga av Akershus fylkeskommune sitt avslag på Statens vegvesen sin søknad om dispensasjon frå Lov om kulturminner for bygging av brutårna på den nye Glommakryssingen?
Begrunnelse
Syner til dokument nr. 15:2300 (2024-2025), der eg viste til at ny Glommakryssing har vore jobba med over lang tid, det var eit av dei høgast prioriterte prosjekta i Nasjonal Transportplan 2025 -2036 som Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjeringa la fram i fjor vår og det står også høgt på prioriteringslista som Statens vegvesen offentleggjorde for nokre dagar sidan. Det er avgjerande at gjenståande spørsmål i planprosessen vert avklart raskt, slik at prosjektet ikkje risikerer å bli skuva ut i tid nok ein gong. Som svar på mitt spørsmål om korleis statsråden ville sikre at handsaminga hos Riksantikvaren av Akershus fylkeskommune sitt avslag på Statens vegvesen sin søknad om dispensasjon frå Lov om kulturminner for bygging av brutårna på den nye Glommakryssingen, ikkje bidreg til å forsinke eit av dei aller høgast prioriterte prosjekta frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet i Nasjonal transportplan 2025-2036, svara statsråden fylgjande:
"Vedtaket fra Akershus fylkeskommune om avslag på dispensasjon for den valgte broløsningen er nå innklaget til Riksantikvaren. Det er Riksantikvaren som er rett myndighet til å avgjøre klagen. Riksantikvaren opplyser at de gir behandlingen av klagen høy prioritet, og at direktoratet er bevisst at det er viktig med en rask avklaring."
Det er no gått ein månad sidan statsråden sitt svar og det er framleis ikkje kome noko avklaring på saka. Det er særs viktig med ei rask avklaring for å hindre forseinking i prosessen.
Svar
Klima- og miljøministeren Andreas Bjelland Eriksen, 3. juli 2025
Jeg har forståelse for at det er behov for en avklaring i saken. Prosjektet er høyt prioritert i Nasjonal transportplan, og berører samtidig nasjonalt viktige kulturmiljøverdier. Riksantikvaren har gjennomført en befaring og senere et møte med Statens Vegvesen, og vil motta utfyllende dokumentasjon innen 15. september. Riksantikvaren vil behandle klagesaken så raskt som mulig etter dette.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.