Skriftlig spørsmål nr. 2630 · 2024-2025
Kan statsråden gje ein oversikt over kor stor del av dei innbetalte bompengar i 2024 som kjem frå høvevis: vegprosjekt frå før 1. oktober 2013, vegprosjekt mellom 1. oktober 2013 og til 1. oktober 2021, og vegprosjekt etter 1. oktober 2021?
Geir Pollestad (Sp) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 23. juni 2025. Svaret kom 27. juni 2025.
- Fra
- Geir Pollestad (Sp)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 23. juni 2025
- Besvart
- 27. juni 2025
Spørsmål
Kan statsråden gje ein oversikt over kor stor del av dei innbetalte bompengar i 2024 som kjem frå høvevis: vegprosjekt frå før 1. oktober 2013, vegprosjekt mellom 1. oktober 2013 og til 1. oktober 2021, og vegprosjekt etter 1. oktober 2021?
Begrunnelse
Eg ber statsråden halde bypakkane utanfor. Det avgjerande for tidfesting av prosjekta er dato bompengevedtaket har gått i statsråd.
Dersom det er mogleg å gje tilsvarande oversikt basert på prognosar for 2025 er det og ynskjeleg.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 27. juni 2025
I 2024 var passeringsinntektene i alle bompengeprosjekt på totalt 15,5 mrd. kr, og 5,7 mrd. kr av desse var knytte til vegprosjekt utanfor byområde. Strekningsvise prosjekt og vegpakker utanfor byområde er inkludert i denne summen for vegprosjekt. Følgjande bompengepakker i byområde er ikkje inkluderte: Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 2/3, Vegpakke Harstad, Førdepakken, Haugalandspakken, Bypakke Grenland, Bypakke Bodø, Bypakke Tenk Tromsø, Bypakke Ålesund, Bypakke Nedre Glomma fase 2, Miljøpakke Trondheim, Bypakke Nord-Jæren, Bypakke Bergen og Oslopakke 3.
Tabellen nedanfor viser korleis passeringsinntektene i 2024 for vegprosjekta fordelte seg etter når prosjekta blei lagt fram i statsråd. I tillegg er tilsvarande fordeling for inntektsprognosane i 2025 oppgjeven.
2024 2025 (prognose)
Før 1. oktober 2013 51,7 % 49,3 %
1. oktober 2013-1. oktober 2021 47,9 % 50,4 %
Etter 1. oktober 2021 0,4 % 0,4 %
For enkelte av vegpakkene har det blitt vedteke reviderte eller utvida finansieringsopplegg. For desse er det tatt utgangspunkt i den datoen pakken opphavleg blei fremja i statsråd, og ikkje det reviderte opplegget. For strekningsvise prosjekt som sjåast på samla sett når det gjeld innkrevjing av bompengar, er det teke utgangspunkt i datoen for den første stortingsproposisjonen.
Eg gjer merksam på at denne informasjonen er basert på rapporterte tal frå bompengeselskapa som enno ikkje er kvalitetssikra av Statens vegvesen. Eg tek difor atterhald om at det kan skje justeringar når endelege tal om bompengeinnkrevjinga i 2024 ligg føre rundt månadsskiftet august/september i år.
Det er fleire prosjekt som er vedtekne etter 2013 kor bompengeinnkrevjinga enno ikkje har starta opp, samstundes som det og finst prosjekt i desse periodane som allereie har avslutta innkrevjinga.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Pollestad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.