Skriftlig spørsmål nr. 2624 · 2024-2025
Kan statsråden bekrefte at planmidler er inkludert i oversikten over IC-utbyggingen, og presisere om moms er utelatt, samt gjera greie for kvifor ikkje Holm-Nykirke og Farriseiede-Porsgrunn ikkje er med i oversikten?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 19. juni 2025. Svaret kom 27. juni 2025.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 19. juni 2025
- Besvart
- 27. juni 2025
Spørsmål
Kan statsråden bekrefte at planmidler er inkludert i oversikten over IC-utbyggingen, og presisere om moms er utelatt, samt gjera greie for kvifor ikkje Holm-Nykirke og Farriseiede-Porsgrunn ikkje er med i oversikten?
Begrunnelse
Viser til statsråden sitt svar til underteikna, dykkar referanse 25/3229, og ønsker med mitt spørsmål å få noko utfyllande informasjon.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 27. juni 2025
Planleggingsmidlar er inkluderte i beløpa, men ikkje meirverdiavgift (moms). Bane NOR har frådragsrett for meirverdiavgift, slik at avgifta ikkje inngår i prosjektkostnadene. Holm-Nykirke og Farriseidet-Porsgrunn er ikkje med i oversikta då dei ikkje inngjekk i KVU for InterCity-strekningane, ref. oppdragsbrev for KVU InterCity frå SD til Jernbaneverket i 2011. Holm-Nykirke og Farriseidet-Porsgrunn hadde fått investeringsavgjerd i Stortinget før dette, og var betrakta som bundne prosjekt.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.