Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2623 · 2024-2025

Kan statsråden gje ei oversikt over antatt uteståande beløp som ikkje er betalt inn frå utalandske kjøretøy i bompengeprosjekt, splitta opp i dei enkelte prosjekt i kroner og prosent sidan august 2022 og fram til i dag?

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 19. juni 2025. Svaret kom 27. juni 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
19. juni 2025
Besvart
27. juni 2025

Spørsmål

Kan statsråden gje ei oversikt over antatt uteståande beløp som ikkje er betalt inn frå utalandske kjøretøy i bompengeprosjekt, splitta opp i dei enkelte prosjekt i kroner og prosent sidan august 2022 og fram til i dag?

Begrunnelse

Viser til svar gitt Aleksander Stokkebø datert 27.05.25, der det kjem fram eit samla beløp på uteståande bompengeplasseringer i 2023 var på omlag140 mill. Det er av interesse å få ei betre oversikt over dette, frå august 2022 til antatt sum om ein set kutt august 2025, som er tidspunktet vi forventer ein kan starte innkreving med godkjend EETS-regelverk. Ber om at estimata blir fordelt pr prosjekt.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 27. juni 2025

Eg har tatt kontakt med Statens vegvesen for å få ein oversikt over utanlandske køyretøy i bompengeprosjekt, oppdelt i dei enkelte prosjekta med beløp og prosentdel frå august 2022 og fram til i dag. Statens vegvesen opplyser at desse talla ikkje er ein del av standarrapportertinga frå bompengeselskapa. Det er difor ikkje mogleg å svare på dette med det detaljnivået som blir etterspurt innanfor tidsfristen.

Nedenfor er ein oversikt over tapte passeringsinntekter frå køyretøy registrert i utlandet for 2024, spesifisert pr. bompengeselskap. Dette svarer til dei 140 mill. kr i 2023 som nemnd i grunngjevinga frå representanten.

Totalt for dei fem bompengeselskapa utgjorde dette eit tap på 117 mill. kr i 2024, og fordelte seg på dei ulike bompengeselskapa slik det er oppgitt i tabellen. I tillegg er tap av passeringsinntekter frå utanlandske køyretøy som del av totale passeringsinntekter i 2024 for det enkelte selskapet inkludert i tabellen:


2024
Tapt passeringsinntekt Del av passeringsinntekt
Bompengeselskap Nord 4 mill. kr 0,5 %
Ferde 30 mill. kr 0,7 %
Fjellinjen 43 mill. kr 0,9 %
Vegamot 12 mill. kr 0,6 %
Vegfinans 28 mill. kr 0,8 %

Bompengeselskapa rapporterer at betalingsgraden, det vil si delen innbetalte bompengar av det som er fakturert for køyretøy registrert i utlandet utan avtale, ligg gjennomsnittleg på i overkant av 60 pst. i 2024. Dette skuldast i stor grad manglande tilgang til køyretøyregister i enkelte europeiske land, mellom anna Tyskland, og er ei auke frå rundt 50 pst. dei føregåande åra. Eg sikra at det blei tilgang til køyretøyregisteret i Nederland i 2024, og også at bompengeselskapa frå 1. mai 2025 får rett til å kreve inn eit gebyr for søk etter eigaropplysningar i ‘opne’ utanlandske køyretøyregister (altså dei som krev slikt gebyr).
Iverksetjing av EETS-direktivet og tilgang til meldingssystemet EUCARIS, vil bidra til å identifisere utanlandske bilistar frå heile EU-/EØS-området og dermed auke betalingsgraden ytterlegare.

Tabellen skil ikkje på takstgruppe 1 og 2, men dette er i hovudsak knytt til takstgruppe 1 (lette køyretøy/personbiler) siden det er eit krav om at alle tyngre køyretøy i takstgruppe 2, som blir brukt i næringsverksemd, må ha brikke og brukaravtale. Utanlandske køyretøy i takstgruppe 2 utan slik brukaravtale, utgjer ein svært liten del av dei totale passeringane (om lag 0,02 prosent av dei totale passeringane på landsbasis i 2023 i henhold til Statens vegvesen si rapportering Bompengeinnkrevingen i 2023).

Eg vil peike på at tala for 2024 er basert på rapporterte tal frå bompengeselskapa som enno ikkje er gjennomgått av Statens vegvesen. Eg tek difor atterhald om at det kan skje justeringar når endelege tal om bompengeinnkrevjinga i 2024 ligg føre rundt månadsskiftet august/september i år og når meldingssystemet EUCARIS kan nyttast til å identifisere utanlandske bilistar frå heile EU-/EØS-området.

Eg har forventningar til at bompengeselskapa vil gjere det dei kan for å inndrive ubetalte bompengekrav som ikkje er forelda.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.