Skriftlig spørsmål nr. 2526 · 2024-2025
Ber om å få eit anslag på tal passasjerer på FOT-rutene som knyter seg til utalandske innalands turister?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. juni 2025. Svaret kom 20. juni 2025.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 11. juni 2025
- Besvart
- 20. juni 2025
Spørsmål
Ber om å få eit anslag på tal passasjerer på FOT-rutene som knyter seg til utalandske innalands turister?
Begrunnelse
På dei små distriktsflyplassane er det ofte fulle flyavgongar på dei flya som primær er meint å skulle betjene lokalbefolkning og næringsliv. Det er difor av interesse å få eit oversyn over kor stor andel som no vert booka opp av utanlandske turistar som nyttar fly for å flytte seg mellom destinasjonane.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 20. juni 2025
Widerøe, som er operatør på fleirtalet av FOT-rutene, opplyser at dei ikkje registrerer nasjonaliteten til dei reisande.
Avinor er bidragsytar til den nasjonale reisevaneundersøkinga (RVU), som er ei kontinuerleg nasjonal undersøking med føremål å kartleggje og analysere reiseaktiviteten og reisemønsteret til befolkninga. Undersøkinga blir gjennomført på oppdrag frå styresmaktene.
Avinor opplyser at det ifølgje undersøkinga for 2024 var 7,9 prosent reisande med utanlandsk bustadadresse på regionale flyruter, ein nedgang frå 8,1 pst. i 2019.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.