Skriftlig spørsmål nr. 2523 · 2024-2025
Ber om å få eit anslag på kor mange utenlandske kjøretøy som blir frakta med ferjer som er gratis, både på fylkeskommunalt- og riksvegssamband. Kan det også bes om anslag på den perioden gratis ferje har vore eit tilbod til dei reisande, gjerne om mogleg fordelt pr månad?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. juni 2025. Svaret kom 24. juni 2025.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 11. juni 2025
- Besvart
- 24. juni 2025
Spørsmål
Ber om å få eit anslag på kor mange utenlandske kjøretøy som blir frakta med ferjer som er gratis, både på fylkeskommunalt- og riksvegssamband.
Kan det også bes om anslag på den perioden gratis ferje har vore eit tilbod til dei reisande, gjerne om mogleg fordelt pr månad?
Begrunnelse
Det er registrert at ein del utanlandske kjøretøy tek opp plass for dei fastbuande på ferjestrekk som no er gratis. Vi ber difor om ei oversikt som syner antal kjøretøy dette gjeld.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 24. juni 2025
Det blir normalt ikkje ført statistikk over nasjonalitet til kjøretøy som blir frakta med ferjer. Det eksisterer derfor heller ikkje tidsseriar som viser korleis bruk av utanlandske køyretøy har endra seg over tid.
I tabellen nedanfor er anslått andel utanlandske køyretøy fordelt mellom sommarmånadane og resten av året. Anslaget er laga av Statens vegvesen og er basert på reiseaktiviteten på 60 fylkesveisamband og to riksveisamband i 2024. Dette er ferjesamband der heile eller delar av sambandet er gratis og billetteringssystemet framleis blir nytta for å registrere trafikkstatistikk. Ferjeselskapa er ikkje pålagd slik registrering, men har gjort det for dei fleste av sambanda i 2024.
Anslått andel utanlandske køyretøy
Sommar (juni-august) Resten av året
Fylkesveisamband 9 pst. 2 pst.
Riksveisamband 35 pst. 6 pst.
Det er stor variasjon på tvers av sambanda. For dei fleste av dei fylkeskommunale ferjesambanda blir det anslått at andel utanlandske køyretøy er på under 9 pst. om sommaren. Det er likevel nokre få ferjesamband der andel truleg er i området 30-50 pst.
Riksveisambandet Bodø–Røst–Værøy–Moskenes hadde ein andel utanlandske køyretøy på om lag 55 pst. sommaren 2024, og er det sambandet som trekkjer opp delen utanlandske køyretøy i riksveiferjedrifta.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.