Skriftlig spørsmål nr. 2474 · 2024-2025
Kan det bes om ein tabell over staten sine utgifter til vegføremål frå 2010 til 2025, i nominelle prisar og 2025-prisar?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 10. juni 2025. Svaret kom 16. juni 2025.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 10. juni 2025
- Besvart
- 16. juni 2025
Spørsmål
Kan det bes om ein tabell over staten sine utgifter til vegføremål frå 2010 til 2025, i nominelle prisar og 2025-prisar?
Begrunnelse
Ber om at det blir teke høgde for tekniske endringar, jf. Finansdepartementets realveksttal i Gul bok.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 16. juni 2025
Tabellen nedanfor viser løyvingar til programkategori 21.30 Vegformål frå 2010 til 2025.
Milliardar kroner (nominelle kroner) Milliardar kroner (2025-kroner)
2010 15,3 24,7
2011 16,2 25,2
2012 17,5 26,3
2013 20,3 29,5
2014 22,7 32,0
2015 25,4 34,8
2016 29,1 39,0
2017 31,9 41,7
2018 34,3 43,9
2019 35,3 44,0
2020 39,6 47,9
2021 39,1 46,5
2022 38,6 44,1
2023 41,3 44,6
2024 42,0 43,6
2025 46,2 46,2
Programkategori 21.30 Vegformål inneheld kap. 1320 Statens vegvesen, kap. 1321 Nye Vegar AS og kap. 1323 Vegtilsynet. Budsjetteringa av vegformål har blitt endra i perioden 2010–2025, og løyvingane derfor ikkje direkte samanliknbare. Tala er justerte for å gje ein best mogleg samanlikning over tid. Følgjande justeringar er gjorde:
Det såkalla vegfritaket i merverdiavgiftslova blei avvikla frå 1. januar 2013, og Statens vegvesen sin løyving blei auka i statsbudsjettet for 2013 for å kompensere for dette. Tala for 2010–2012 er skjønnsmessig justerte opp tilsvarande.
I statsbudsjettet for 2020 blei løyvinga til Statens vegvesen redusert på grunn av avviklinga av sams vegadministrasjon og overføring av administrasjonen av fylkesvegar til fylkeskommunane. Tala for 2010–2019 er skjønnsmessig justerte ned tilsvarande.
Dei øyremerkte tilskota Skredsikring fylkesvegar (post 62), Tilskot til gang- og sykkelvegar (post 63) og Tilskot til fylkesvegar (post 65) på kap. 1320 Statens vegvesen er innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunar og er ikkje med i tala.
Riksvegferjedrifta blei nettobudsjettert fram til 2022. Frå 2022 har utgifter og inntekter blitt budsjettert kvar for seg. For åra 2022–2025 er det i tala for riksvegferjedrifta trekte frå inntekstala på kap. 4320, post 04 Billettinntekter frå riksvegferjedrifta.
Frå 2019 har tilskotet for reduserte bompengetakstar utanfor byområda blitt løyvd på kap. 1320 Statens vegvesen. I åra 2016–2018 blei Rentekompensasjon for bompengelån/Tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda løyvde på kap. 1330 Særskilde transporttiltak. Desse løyvinga er inkluderte i tala for 2016–2018.
I kolonnen for 2025-kroner er det nytta anslag på prisvekst i det einskilde statsbudsjett.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.