Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 2 · 2024-2025

Helseføretaksmodellen vart innført i 2002 og har vore debattert og kritisert sidan starten. Spesialisthelsetenesta er vår største velferdsteneste. Ho sikrar pasientbehandling ved sjukdom og har …

Kjersti Toppe (Sp) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Jan Christian Vestre, 28. mai 2025.

Til
Helse- og omsorgsministeren · Jan Christian Vestre
Datert
28. mai 2025
Besvart
28. mai 2025

Helsevesen · Lokalforvaltning · Distriktspolitikk · Sykehus

Spørsmål

Helseføretaksmodellen vart innført i 2002 og har vore debattert og kritisert sidan starten. Spesialisthelsetenesta er vår største velferdsteneste. Ho sikrar pasientbehandling ved sjukdom og har ansvar for beredskap, utdanning av helsepersonell og akutt- og fødetilbod i heile landet.

For Senterpartiet er det sjølvsagt at ei så viktig velferdsteneste må vera styrt av folkevalde. Lokalsjukehus må utviklast, ikkje avviklast. Beredskapen må styrkjast og ikkje kuttast. Desentraliserte helsetenester er ein del av den norske samfunnsmodellen, der alle får dei same rettane til helsehjelp, og det er grunnlaget for tryggleik, busetnad og utjamning av sosiale helseforskjellar.

Arbeidarpartiet har hittil avvist å sikra folkevald styring av sjukehusa våre. Når føretaket planlegg nedlegging av ambulansetenesta i Troms, svarer statsråden at det er føretaket som skal sørgja for at befolkninga i regionen har ambulansetenester. Når jordmødrene på Ahus no varslar å seia opp, svarar vel statsråden på same måte.

Oslo får eit nytt sjukehus som Oslo ikkje vil ha, men som helseføretaket fekk dåverande helseministers tilslutning til i eit lukka føretaksmøte i 2016. Då Stortinget innvilga lånesøknaden i statsbudsjettet i 2020 på 29 mrd. kr til første byggjetrinn, var omtala i statsbudsjettet av Noregs største sjukehusinvestering nokon gong på tre A4-sider. Skal ein byggja veg i dette landet, vert det fremja eigne omfattande proposisjonar til Stortinget, men skal ein byggja sjukehus, vert prosessen styrt i og av helseføretaka, og Stortinget vert informert.

Vil Arbeidarpartiet opna opp for å avvikla den udemokratiske helseføretaksmodellen og sikra folkevald styring av sjukehusa våre?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kjersti Toppe →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.