Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2306 · 2024-2025

Har det vorte gjeve ervervsløyve i Fiskeridirektoratet for skipet Jan Mayen på eit vis som gjer at det i praksis oppstår eit effektivt monopol av konsesjonar og fartøy for fiske av krill i strid med intensjonen i deltakarlova?

Jenny Klinge (Sp) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 25. mai 2025. Svaret kom 4. juni 2025.

Fra
Jenny Klinge (Sp)
Til
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
25. mai 2025
Besvart
4. juni 2025

Spørsmål

Har det vorte gjeve ervervsløyve i Fiskeridirektoratet for skipet Jan Mayen på eit vis som gjer at det i praksis oppstår eit effektivt monopol av konsesjonar og fartøy for fiske av krill i strid med intensjonen i deltakarlova?

Begrunnelse

Eg har fått kjennskap til at fleire aktørar gjennom dialog med departementet har fått inntrykk av at Fiskeridirektoratets saksbehandling av erverv av fartøyet Jan Mayen ikkje ville bli sluttbehandla før departementet sjølv hadde vurdert om transaksjonen mellom Aker Biomarine og AIP er i tråd med deltakarlova. Trass i dette viser bilete frå verftet i Tersan slik eg har fått opplyst at skipet er teke på land av Aker Qrill og delt på midten. Eg kan ikkje finne eit formelt vedtak frå Fiskeridirektoratet som skulle rettferdiggjera ein slik operasjon.
Dersom det mot formodning er gjeve eit slikt ervervsløyve i strid med signal frå departementet, framstår det som om det oppstår eit monopol i krillfisket i praksis. Det er i tillegg ein risiko for at desse ressursane de facto blir kontrollert at eit selskap som ikkje er eigd i Norge, noko som er stikk i strid med intensjonen i deltakarlova. Eg ønskjer derfor at statsråden avklarer både kva som er faktum i saka og korleis den vidare saksbehandlinga vil vera.

Svar

Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 4. juni 2025

Eg går ut frå at representanten i sitt spørsmål siktar til ei sak der Fiskeridirektoratet 28. februar 2025 tildelte ervervsløyve og krill-løyve til spesifisert nybygg for Aker BioMarine Antarctic AS, seinare The Qrill Company AS, til erstatning for tidlegare løyve til nybygg. Frist for iverksetjing av vedtaket er sett til 31. desember 2026.
Dette vedtaket byggjer på ein søknad frå Aker BioMarine Antarctic AS til Fiskeridirektoratet som deretter orienterte departementet om søknaden før den vart handsama. Departementet har ikkje hatt innvendingar mot at direktoratet har handsama denne søknaden om erstatningsløyve til nybygg og fatta vedtak 28. februar 2025, sjølv om departementet samtidig ser nærare på dei eigarendringane i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS som Fiskeridirektoratet godkjende i fjor sommar. Ettersom saka om eigarendringar er ei pågåande sak i departementet som vert handsama i medhald av forvaltningslova og anna relevant regelverk, kan eg ikkje gje ytterlegare kommentarar, korkje om prosess eller innhaldet i saka.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Jenny Klinge →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.