Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2256 · 2024-2025

Kor mykje antas det at Norges bompengeselskaper taper pr år på at ikkje EETS-direktivet for tilrettelegging og utveksling av opplysninger mellom medlemslandene om manglende bompenger, er implementert, og hva er de antatte månedsvariasjonene?

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 20. mai 2025. Svaret kom 27. mai 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
20. mai 2025
Besvart
27. mai 2025

Spørsmål

Kor mykje antas det at Norges bompengeselskaper taper pr år på at ikkje EETS-direktivet for tilrettelegging og utveksling av opplysninger mellom medlemslandene om manglende bompenger, er implementert, og hva er de antatte månedsvariasjonene?

Begrunnelse

Svaret kan oppgis som eit grovt antatt estimat.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 27. mai 2025

Passeringar i bomstasjonane med køyretøy som er registrert i utlandet, har dei siste åra vore på om lag 2,2 - 2,3 prosent av dei totale passeringane. I 2024 var det totalt om lag 26 millioner passeringer med utenlandsregistrerte kjøretøy.
For køyretøy utan Autopass/brukaravtale er det naudsynt med tilgang til køyretøyregistera i dei enkelte landa for å kunne sende rekning til eigar av køyretøyet. Dette manglar per i dag for mellom anna Tyskland medan det vart gitt tilgang til køyretøyregister i Nederland i 2024.
Frå 1. mai i år har også bompengeselskapa kunna krevje inn eit gebyr (gjennom eit påslag på fakturaen til eigar) for søk etter eigaropplysningar i ‘opne’ utanlandske køyretøyregister som krev slikt gebyr. Det er venta at dette vil auke inntektene frå køyretøy registrert i utlandet, fordi det da vil vere rekningssvarande for bompengeselskapa å be om desse opplysningane også for dei køyretøya som har få bompasseringar.
Statens vegvesen har opplyst at det totale rekna tapet for køyretøy i både takstgruppe 1 og takstgruppe 2 for alle bompengeselskapa grunna manglande tilgang til utanlandske køyretøyregister, var på om lag 140 mill. kr i 2023 – noko som utgjer om lag 1 pst. av dei samla passeringsinntektene.
Oppdaterte tal for 2024 vil vere klare innan 1. september i år. Bompengeselskapa rapporterer om slike tap årleg, og det blir ikkje henta inn opplysningar per månad.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.