Skriftlig spørsmål nr. 2112 · 2024-2025
Kva konkrete prosjekt er dei ca. 11 mrd. kronene som Noreg har forplikta seg til å bidra med til Polen i EØS-midlar i komande avtaleperiode, tenkt brukt til?
Sigbjørn Gjelsvik (Sp) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 4. mai 2025. Svaret kom 12. mai 2025.
- Fra
- Sigbjørn Gjelsvik (Sp)
- Til
- Utenriksministeren · Espen Barth Eide
- Datert
- 4. mai 2025
- Besvart
- 12. mai 2025
Spørsmål
Kva konkrete prosjekt er dei ca. 11 mrd. kronene som Noreg har forplikta seg til å bidra med til Polen i EØS-midlar i komande avtaleperiode, tenkt brukt til?
Begrunnelse
23. april underteikna utanriksministeren avtale om ein ny periode med EØS-midler i Polen, som forpliktar Noreg til å bidra med ca. 11 mrd. kroner til Polen for 2021-28. Det vert bede om ei liste over prosjekt p.t. fordelt etter dei ulike programområda, der det framkjem forventa kostnad på prosjekt, innhald, deltakara og tidshorisont. Det vert også bede om ei presisering av kva for prosjekt som eventuelt allereie er gjennomført, heilt eller delvis.
Svar
Utenriksministeren Espen Barth Eide, 12. mai 2025
Avtalane som vart underteikna 23. april omfattar samarbeidet om EØS-midla i Polen for perioden 2021 til 2028. EØS-midla er Noregs bidrag til å minske sosiale og økonomiske skilnader i Europa. I tillegg skal EØS-midla bidra til å styrkje samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda av EØS-midla. Polen er ein nær alliert og viktig samarbeidspartnar i Europa, og EØS-midla utgjer eit sentralt utanrikspolitisk verkemiddel for å styrkje banda mellom Noreg og Polen.
Avtalane som no er underteikna med Polen tydeleggjer overordna kva program som skal gjennomførast i Polen i den komande perioden. Programma skal dekkje dei tre hovudtema: grøn omstilling, demokrati og robuste, inkluderande samfunn i Europa.
No følgjer vidare utvikling av programma, og deretter vil det bli lyst ut midlar til prosjektsamarbeid. Det er dermed for tidleg å seie noko om detaljane om dei komande prosjekta som stortingsrepresentanten spør etter.
Lokalutviklingsprogrammet blir det største av totalt åtte program i Polen, med totalt 168 millionar euro. Programmet skal mellom anna bidra til meir robuste og inkluderande lokalsamfunn over nesten heile Polen. Dette programmet har KS som programpartnar, og det vil inkludere samarbeid med norske kommunar.
Vidare er det sett av 160 millionar euro til eit program for grøn omstilling, 140 millionar euro til forsking, 90 millionar euro til kultur og 70 millionar euro til eit innanriksprogram, der Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er med som norske partnarar. Dette programmet skal bidra til å kjempe mot alvorleg og organisert kriminalitet, samt til styrkt beredskap og prosjekt på migrasjonsområdet. I tillegg er det eit eige programområde for justissamarbeid med 60 millionar euro, og eit eige program for grøn næringsutvikling og innovasjon på 55 millionar euro. Norske offentlege institusjonar er programpartnarar i alle programma. Mellom anna kan norske verksemder, forskningsinstitusjonar, kulturaktørar og sivilsamfunn vere partnarar i komande prosjektsamarbeid.
Det er òg sett av 16,6 millionar euro til eit eige bilateralt samarbeidsfond, samt om lag 83,5 millionar euro i eit eige fond for å støtte opp under sivilsamfunnet i Polen. Avtalane inkluderer òg 46,5 millionar euro til kostnader som følgje av konsekvensane av invasjonen i Ukraina i Polen.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.