Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2059 · 2024-2025

Selskapet Hafslund Celsio, majoritetseigd av Oslo kommune, har nylig nekta å skrive under ein avtale med amerikanske styresmakter om å erklære at dei ikkje driv med tiltak for mangfold, likskap og …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 29. april 2025. Svaret kom 6. mai 2025.

Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
29. april 2025
Besvart
6. mai 2025

Spørsmål

Selskapet Hafslund Celsio, majoritetseigd av Oslo kommune, har nylig nekta å skrive under ein avtale med amerikanske styresmakter om å erklære at dei ikkje driv med tiltak for mangfold, likskap og inkludering – fordi det ville vere «i strid med selskapets verdier, personalpolitiske retningslinjer og trolig også norsk lov».
Kan næringsministeren garantere at alle statlege heil- eller deleigde selskap også vil nekte å skrive under slike erklæringar ved eventuelle krav/ønskje om det frå amerikanske styresmakter?

Svar

Næringsministeren Cecilie Myrseth, 6. mai 2025

Selskap med statleg eigarskap er eigne juridiske rettssubjekt. Det følger av selskapslovgivinga at styret og leiinga i selskapa har ansvar for forvaltning og dagleg drift av selskapa. Styret og leiinga er ansvarleg for at selskapa blir drivne i tråd med gjeldande lover og regler og for arbeidet i selskapa med mangfald, likestilling og inkludering.
Det følger av norsk rett (likestillings- og diskrimineringslova) at verksemder i Noreg skal jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering.
Som eigar har staten forventingar til selskapa sine styrer, også innanfor mangfald, likestilling og inkludering. Meld. St. 6 (2022-2023) «Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap - Statens direkte eierskap i selskaper» (eierskapsmeldinga), slår fast at staten forventar at selskapa har tydelege mål og tiltak for å fremje og realisere verdien av auka mangfald, likestilling og inkludering i alle delar av organisasjonen. Dette er blant anna basert på at mangfald bidrar til ulike perspektiv, som gjev selskapa eit breiare grunnlag for å ta gode avgjerder. Selskap som klarer å tiltrekke seg tilsette frå ei brei del av befolkninga, står og sterkare i konkurransen om dei beste talenta. Dei kan framstå som meir attraktive arbeidsgivarar og oppnå konkurransefordelar som følgje av dette.
Eigarskapsmeldinga slår fast at kva som er relevant mangfald vil variere mellom selskapa. Det kan omfatte ulik livs- og arbeidserfaring, utdanning, verdiar, kjønn, geografisk tilhøyring, kulturell bakgrunn, alder, funksjonsnedsetjing og seksuell orientering.
Av rollefordelinga som følger av selskapslovgivinga og anerkjende eigarstyringsprinsipp og - standardar, slik dei er omtala i eigarskapsmeldinga, følger det at styra i selskapa har ansvar for forvaltninga av selskapa. Dette gjeld også på dette området. Staten som eigar forventar at styret og leiinga arbeider aktivt med staten sine forventingar, og følgjer opp selskapa mellom anna gjennom eigardialogen og på generalforsamlinga.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.