Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2013 · 2024-2025

Kvifor har ein valt å sjå vekk frå omforeina råd frå næringa og Stortingets føringar i denne saka?

Geir Inge Lien (Sp) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 24. april 2025. Svaret kom 28. april 2025.

Til
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
24. april 2025
Besvart
28. april 2025

Spørsmål

Kvifor har ein valt å sjå vekk frå omforeina råd frå næringa og Stortingets føringar i denne saka?

Begrunnelse

Våren 2024 vedtok Stortinget med stort fleirtal «Kvotemeldinga». Det vart gjort eit godt arbeid i Stortinget med å samle eit breidt fleirtal for viktige punkt i denne meldinga slik at føringane derifrå kunne stå seg over tid, og være med på å skape etterspurd stabilitet i politiske rammevilkår. Ikkje minst gjaldt dette reglar for langsiktig fordeling av kvoteandelar av ulike fiskeslag mellom flåtegruppene. Ei felles forståing om fordeling av ubrukte kvoter av land vi har fiskeriavtaler med var forløysande for eit etter måten breitt kompromiss.
Sitat frå komiteinnstillinga:
• Partiene anerkjenner at fiske i andre lands soner er en viktig del av havfiskeflåtens aktivitet. I år der det er ubrukt tredjelandskvote til fordeling til nasjonal kvote, er det naturlig at dette kvantumet prioriteres disse berørte flåtegruppene.
Departementet har for ei tid attende fordelt ubenytta tredjelandskvotar av Norsk arktisk torsk, hyse og sei til norske fartygrupper. Sjøl om kvantumet i år er lite, registrer eg at ein monaleg grad har lagt den nye ordinære fordelinga til grunn og dermed i mindre grad har fulgt opp det Stortinget har sagt om saka. Ein har dermed også ikkje teke til fylgje det rådet Norges Fiskarlag har kome med i saka.
I lys av kor viktig stabilitet er for næringa, bekymrar det meg at ein så viktig premiss for eit breidt kompromiss blir skuva på til negativ verknad for dei flåtegruppene som i utgangspunktet har teke brorparten av kvotenedgangen, også som fylgje av omfordeling av kvoteandelar. Om dette held fram, destabiliserar dette den nødvendige trua på stabile statlege rammevilkår, og i dette tilfelle også Stortingets plass i styringsbiletet.

Svar

Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 28. april 2025

I Stortingets behandling av Meld. St. 7 (2023-2024) Folk, fisk og fellesskap vart det i vedtak 596 (2023-2024) bestemt:

«Stortinget ber regjeringen prioritere berørte flåtegrupper i henhold til avtalen av 19.04.2024 mellom Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti i år der det er ubrukt tredjelandskvote som tilbakeføres til nasjonal kvote.»

I avtalen av 19.04.2024 står det:

«Partiene anerkjenner at fiske i andre lands soner er en viktig del av havfiskeflåtens aktivitet. I år der det er ubrukt tredjelandskvote til fordeling til nasjonal kvote, er det naturlig at dette kvantumet prioriteres disse berørte flåtegruppene.»

Etter at fiskeriforhandlingane vart avslutta, stod det att 321 tonn torsk og 1 229 tonn hyse i Noregs økonomiske sone. Når desse skulle fordelast, valde eg å leggje vekt på Stortingets vedtak, og fordelte dei første 100 tonn av ubrukt tredjelandskvote av torsk til havfiskegruppene, og resten av kvantumet etter gjeldande fordelingsnøklar. Etter desse nøklane får havfiskegruppene om lag drygt ein tredel. I fordelinga av ubrukt tredjelandskvote av hyse, valde eg å fordele 773 tonn til trål og 227 tonn til konvensjonell hav, det vil seie til saman 1000 tonn til havfiskegruppene. Dei resterande 229 tonn ble fordelt til fartøy som fiskar i konvensjonell lukka gruppe over 11 meter.
Eg meiner denne fordelinga viser at eg har vektlagt Stortingets vedtak nummer 596 (2023-2024).

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Inge Lien →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.