Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2009 · 2024-2025

Når vil statsråden offentleggjere KDI/POD si siste delutgreiinga for overføring av drifta av Utlendingsinternatet ved Trandum frå Politiet til Kriminalomsorga, og kan denne ventast innan to veker?

Birgit Oline Kjerstad (SV) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Astri Aas-Hansen, 23. april 2025. Svaret kom 5. mai 2025.

Til
Justis- og beredskapsministeren · Astri Aas-Hansen
Datert
23. april 2025
Besvart
5. mai 2025

Spørsmål

Når vil statsråden offentleggjere KDI/POD si siste delutgreiinga for overføring av drifta av Utlendingsinternatet ved Trandum frå Politiet til Kriminalomsorga, og kan denne ventast innan to veker?

Begrunnelse

17. februar 2025 svara justis og beredskapsministeren til meg (Dok.15:1050 (2024-2025), at Tilsynsrådet sin klage på avslag på innsyn i KDI/POD s tilleggsutgreiing skulle handsamast i mars, men eg kan ikkje sjå at klagesaka er omtala i protokollar frå statsråd. Det er eit viktig prinsipp at avgjerder frå departementet kan klagast. Manglande oversending av saker frå departementet til Regjeringa vil svekke effektiviteten i klageordninga. Eg viser til at saka gjeld krav om innsyn, og at den difor kunne førebuast og sendast over utan at det skulle ta svært lang tid.
Ved fleire høve, mellom anna i samband med igangsettinga av tilleggsutgreiinga, har departementet gitt signal som kan tyde på at det er planar om å gjere substansielle endringar i internatdrifta ved Trandum, og ikkje berre endringar i regelverket. Oppfylginga av denne utgreiinga vil vere ei viktig avklaring om signala frå departementet samsvarer med ein reell vilje til å gjere nødvendige endringar ved drifta. Eg minner igjen om at det i den første utgreiinga frå direktorata vart gitt ei tydeleg tilråding om rask oppfylging. Når det gjeld dette temaet har eg elles merka meg avsnitt 38 i CPT s siste rapport nr.1680b37399, der det heiter:

"However, the transfer of responsibility from police to correctional services has been under discussion since 2022. This change in responsibility could ensure that the conflict of interest between the police investigating in the context of the immigration procedure and their duty to care for detained foreign officials be avoided. In this regard, the delegation met various police officers, who considered that their responsibilities as police officers conflicted to a certain degree with their role as carers and persons of confidence for the detained foreign nationals.37 In the CPT’s view, staff responsible for the custody of immigration detainees should be in a different and separate service from law enforcement officials."

Svar

Justis- og beredskapsministeren Astri Aas-Hansen, 5. mai 2025

Saka om endringar i driftsansvaret for Utlendingsinternatet ved Trandum har prioritet i Justis- og beredskapsdepartementet. KDI og POD si tilleggsutgreiing og Tilsynsrådet si klage på innsyn er til vurdering i departementet. Departementet tar sikte på ei snarleg avklaring på klagesaka.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.