Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 2 · 2024-2025

Å styrkja beredskapen i Noreg var ei hovudsatsing frå Senterpartiet då me sat i regjering med Arbeidarpartiet. Styrkt matberedskap, auka sjølvforsyning av mat og ein offensiv landbrukspolitikk for …

Geir Pollestad (Sp) stilte spørsmålet til statsministeren, Jonas Gahr Støre, 26. mars 2025.

Til
Statsministeren · Jonas Gahr Støre
Datert
26. mars 2025
Besvart
26. mars 2025

Landbruk · Jordbruk · Arbeidsliv · Lønn og inntekt

Spørsmål

Å styrkja beredskapen i Noreg var ei hovudsatsing frå Senterpartiet då me sat i regjering med Arbeidarpartiet. Styrkt matberedskap, auka sjølvforsyning av mat og ein offensiv landbrukspolitikk for eit landbruk i heile landet har vorte høgt prioritert av både Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Norsk landbruk er fantastisk. Naturressursar både på matjorda og i utmarka vert brukte til å produsera rein og trygg mat. Norske bønder produserer mat i verdsklasse på ein miljøvenleg måte.

Saman har me fastsett eit mål om å auka sjølvforsyninga av mat i Noreg frå 40 til 50 pst. innan 2030. Dette er 25 pst. vekst i norsk matproduksjon. Me har vore einige om at det viktigaste tiltaket for å styrkja norsk matproduksjon er å gjera det meir lønsamt å produsera mat. Me vil ha bønder som ønskjer å satsa på matproduksjon, me vil ha ungdom som ønskjer å ta over garden, og me vil ha eit landbruk i heile landet.

Me har vore einige om at lønsemda i matproduksjonen må opp. Bøndene må tene meir på å vera bønder. Difor har me i denne stortingsperioden fått på plass tre historisk gode jordbruksoppgjer. Me har hatt ein opptrappingsplan for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Me har auka overføringane over jordbruksavtalen med 67 pst. og heva det årlege nivået med 12 mrd. kr samanlikna med 2021. Men me er framleis ikkje i mål. Det gjenstår to år av opptrappingsperioden for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Spørsmålet mitt til statsministeren er difor: Vil statsministeren sørgja for at vårens jordbruksoppgjer fylgjer opp den opptrappingsplanen for inntekter i jordbruket som ligg i Hurdalsplattforma?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Pollestad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.