Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Interpellasjon nr. 42 · 2024-2025

om statsråden vil sørge for fortgang i planane om å gjere Sognefjorden til marint verneområde, og om kva andre tiltak statsråden vil ta initiativ til for å redde livet i fjordane ut frå den nye kunnskapen vi no har fått.

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til klima- og miljøministeren, Andreas Bjelland Eriksen, 8. april 2025.

Til
Klima- og miljøministeren · Andreas Bjelland Eriksen
Datert
8. april 2025
Besvart
6. mai 2025

Miljøvern · Naturvern

Spørsmål

Ein ny rapport frå NIVA (Norsk institutt for vannforskning) syner at norske fjordar er på veg inn i ein kritisk miljøtilstand. Det har lenge vore kjent at situasjonen i Oslofjorden er alvorleg. Temperaturauke som følgje av klimaendringar og utslepp frå mellom anna kloakk og avrenning frå jordbruk går ut over oksygenkonsentrasjonen i vatnet. Det fører til auka algevekst, som bruker opp det som er igjen av oksygen. Den nye rapporten syner at den same krisa er i ferd med å ramme fjordane også på Vestlandet. Rapporten slår alarm om at Noregs lengste og mest ikoniske fjord, Sognefjorden, held på å døy. Det same gjeld truleg mange andre fjordar langs kysten vår.
Vil statsråden sørge for fortgang i planane om å gjere Sognefjorden til marint verneområde, og kva andre tiltak vil statsråden ta initiativ til for å redde livet i fjordane ut frå den nye kunnskapen vi no har fått?

Interpellasjoner besvares i en debatt i Stortinget. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.