Skriftlig spørsmål nr. 1746 · 2024-2025
Kan statsråden gjera greie for kvifor ikkje reguleringsplan for E39 Ådland- Svegatjørn er lagt ut på høyring?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 25. mars 2025. Svaret kom 31. mars 2025.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 25. mars 2025
- Besvart
- 31. mars 2025
Spørsmål
Kan statsråden gjera greie for kvifor ikkje reguleringsplan for E39 Ådland- Svegatjørn er lagt ut på høyring?
Begrunnelse
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland vedtok å setja i gang arbeidet med ein statleg reguleringsplan for E39 Ådland - Svegatjørn 6. september 2019. Sidan den gong har Statens vegvesen arbeidd med planen med store ressursar og innleigd konsulent, COWI AS. Det nærmar seg no 6 år sidan vedtaket.
Dagens regjering har lagt opp til at reguleringsplanarbeidet skal fullførast, men av årsaker det ikkje blir opplyst om blir arbeidet stadig utsett.
I svar til underteikna frå statsråden 4. september 2024, om framdriftsplan for arbeidet, svarer statsråden at planen skulle sendast over til departementet i hausten 2024. Det skjedde ikkje. Det vart derfor sendt over eit nytt spørsmål frå underteikna på nyåret med svar frå statsråden 8. januar i år. Her svarer statsråden at «det no er klart at oversending vil skje i byrjinga av 2025.»
Me nærmar oss påske. Eg ber difor statsråden gjera greie for kvifor ikkje planen er lagt ut til høyring.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 31. mars 2025
Eg syner til mitt svar på spørsmål nr. 807 til skriftleg svar frå representanten Liv Kari Eskeland. Prosjektet E39 Ådland–Svegatjørn ligg i Statens vegvesen si utviklingsportefølje, og i tråd med Nasjonal transportplan 2025-2036 vert det lagt opp til å sluttføre arbeidet med reguleringsplan for prosjektet.
Forslaget til reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn var forventa ferdig for oversending frå Statens vegvesen til Samferdselsdepartementet hausten 2024. Dette er noko forseinka. Samferdsledepartementet forventar at planen vert oversend om relativt kort tid.
Deretter skal planen handsamast i Samferdsledepartementet og sendast over til Kommunal- og distriktsdepartementet som er planmynde. Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som vedtek å sende planen på høyring og offentleg ettersyn.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.