Muntlig spørsmål nr. 3 · 2024-2025
Då får utanriksministeren pause, for dette spørsmålet er til samferdselsministeren. Regjeringa føreslår eit forbod mot varsling av vegforhold. Vi veit at bilistar flest er omsynsfulle og aktsame i …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 5. mars 2025.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 5. mars 2025
- Besvart
- 5. mars 2025
Samferdsel · Vegtrafikk · Rettsvesen · Politi og påtalemyndighet
Spørsmål
Då får utanriksministeren pause, for dette spørsmålet er til samferdselsministeren.
Regjeringa føreslår eit forbod mot varsling av vegforhold. Vi veit at bilistar flest er omsynsfulle og aktsame i trafikken, og vidare har vi politiet, som har som si viktigaste oppgåve på vegen å førebyggje farlege situasjonar. Synleg politi eller informasjon om at politiet er på vegen, er også førebyggjande. Av slike grunnar varslar politiet sjølv om sine eigne kontrollaktivitetar. Bruk av fotoboksar er ei kontroversiell kontrollform, i særleg grad strekningsmålingane. Det skal alltid varslast om slike kontrollar. Ifølgje statsråden sin eigen rapport seier tyske vegmyndigheiter, som handterer ei langt større trafikkmengde enn statsråden gjer, at varsel om kontroll gjer sjåførar meir merksame, og at slik konkret informasjon òg har ein førebyggjande effekt utover det konkrete kontrollpunktet.
Kan statsråden forklare kvifor det som i andre land vert omtalt som førebyggjande, liksom skal vere trafikkfarleg i Noreg?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.