Muntlig spørsmål nr. 2 · 2024-2025
Eg trur veldig mange i Noreg føler på ei stor uro rundt det som skjer i Ukraina og i USA, men det er viktig at me ikkje lar dette avgrensa den innanlandske politiske diskusjonen om korleis folk har …
Geir Pollestad (Sp) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 5. mars 2025.
- Fra
- Geir Pollestad (Sp)
- Til
- Utenriksministeren · Espen Barth Eide
- Datert
- 5. mars 2025
- Besvart
- 5. mars 2025
Finanser · Toll · Næringsliv · Utenrikshandel · Utenrikssaker · Eu/eøs
Spørsmål
Eg trur veldig mange i Noreg føler på ei stor uro rundt det som skjer i Ukraina og i USA, men det er viktig at me ikkje lar dette avgrensa den innanlandske politiske diskusjonen om korleis folk har det i kvardagen sin. Det som skjer i Ukraina og USA, påverkar likevel kvardagen til folk og næringsliv i Noreg.
Eit hovudspørsmål er no korleis ein eventuell tollkrig vil påverka Noreg. Kva vil USA gjera mot Noreg, og korleis vil EU opptre mot Noreg? Noreg er eit land som samla sett har ein veldig liten bruk av toll, og Senterpartiet meiner det ville vera heilt uakseptabelt om EU innfører straffetiltak mot Noreg. Det har tent Noreg svært godt å stå utanfor tollunionen i EU, og det må sjølvsagt fortsetja. Me har vår eiga stemme i internasjonale samanhengar, og me kan gjennomføra ein politikk som bl.a. varetek matberedskapen til folk i Noreg.
Eg har eit veldig konkret spørsmål til utanriksministaren: Har det kome trugslar eller signal frå USA om auka toll mot Noreg?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Pollestad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.