Skriftlig spørsmål nr. 1608 · 2024-2025
Kan statsråden fortelje konkret om korleis KUD fører tilsyn med fylkeskommunanes forvaltning av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg, og har tilsyna avdekka døme på feil bruk av ordninga?
Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) stilte spørsmålet til kultur- og likestillingsministeren, Lubna Boby Jaffery, 14. mars 2025. Svaret kom 24. mars 2025.
- Fra
- Åslaug Sem-Jacobsen (Sp)
- Til
- Kultur- og likestillingsministeren · Lubna Boby Jaffery
- Datert
- 14. mars 2025
- Besvart
- 24. mars 2025
Spørsmål
Kan statsråden fortelje konkret om korleis KUD fører tilsyn med fylkeskommunanes forvaltning av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg, og har tilsyna avdekka døme på feil bruk av ordninga?
Svar
Kultur- og likestillingsministeren Lubna Boby Jaffery, 24. mars 2025
Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg er forankra i overordna retningsliner sett av Kultur- og likestillingsdepartementet, og ordninga vert forvalta av fylkeskommunane. Ifølgje desse retningslinene skal tilskot bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Fylkeskommunane kan fastsetje nærare vilkår for søknader om tilskot og har fridom til å nytta midlane til det beste for den enkelte region.
Det er fylkeskommunane som har plikt til å sjå til at ordninga vert forvalta og verkar etter hensiktene, og i tråd med retningslinene. Departementet mottek årleg og går gjennom detaljert rapportering på bruk av midlane frå fylkeskommunane. Tala i rapportane er stadfesta av fylkesrevisjonen.
Det er ikkje funne grunnlag for å påpeike feil bruk av ordninga gjennom rapporteringa. Det hender at søkjarar eller fylkeskommunar er i dialog med departementet om tolking av retningslinene når det gjeld enkeltprosjekt, men dette skjer sjeldan og mi erfaring er at fylkeskommunane forvaltar ordninga godt.
I ein ny rapport, bestilt av departementet, har Oslo Economics gjort ein gjennomgang av ordninga og dei konkluderer med at ho bidreg til å finansiera eit stort tal prosjekt, og oppnår føremålet om å leggje til rette for ulik kulturell verksemd. Departementet har nett motteke rapporten og vil i tida som kjem sjå nærare på vurderingane og anbefalingane for vidare utvikling av ordninga som ligg der.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Åslaug Sem-Jacobsen →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.