Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1376 · 2024-2025

Vil statsråden sikra arbeidsplassane i kriminalomsorga på Haugalandet?

Lisa Marie Ness Klungland (Sp) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Astri Aas-Hansen, 24. februar 2025. Svaret kom 28. februar 2025.

Til
Justis- og beredskapsministeren · Astri Aas-Hansen
Datert
24. februar 2025
Besvart
28. februar 2025

Spørsmål

Vil statsråden sikra arbeidsplassane i kriminalomsorga på Haugalandet?

Begrunnelse

Senterpartiet var i regjering opptatt av å behalda tenester nært folk og å sikra ei spreiing av arbeidsplassar og bevara kompetanse. Det gjaldt også for kriminalomsorga.
I ein rapport levert av Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg datert 8. mars 2024 om framtidig fengselskapasitet er både Sandeid og Haugesund fengsel føreslått nedlagd. Haugesund har plassar for høg sikkerheit og Sandeid låg sikkerheit. I forslaget frå Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg ønsker dei å redusera desse totalt 106 plassane og bygga nye 54 plassar på ein uviss plass. Det betyr at me kjem til å mista verdifull kompetanse og erfaringar bygd opp gjennom mange år.

Svar

Justis- og beredskapsministeren Astri Aas-Hansen, 28. februar 2025

Det er eit stort vedlikehaldsetterslep i fengselsporteføljen, og mange fengsel er gamle og ikkje eigna for dagens eller framtidas kriminalomsorg, sjølv med betydelege investeringar. Dette var bakgrunnen for at Statsbygg og Kriminalomsorgsdirektoratet i 2023 fekk i oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet om mellom anna å kartleggje og vurdere den bygningsmessige tilstanden til fengsla og om dei er eigna.
I rapporten Fremtidig fengselskapasitet. Vurderinger og anbefalinger fra Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg kjem det fram at 50 prosent av einingane vil ha behov for større tiltak omgåande eller i nær framtid (innan ti år). Fleire av fengsla har i tillegg eit betydeleg funksjonsetterslep med mangelfulle lokale til mellom anna aktivitet og fellesskap for dei innsette. Samstundes kjem det fram at kriminalomsorga i overskueleg framtid bør ha ein tilgjengeleg kapasitet på om lag 4 000 fengselsplassar, ein auke på 400 plassar frå i dag. Eg vil no setje meg nærare inn i rapporten.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Lisa Marie Ness Klungland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.