Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1373 · 2024-2025

Kva er oppdatert anslag for vedlikehaldsetterslep på fylkesveg, for det einskilde fylke og i sum, og korleis har dette utvikla seg sidan grunnlaget for NTP 2025-36 vart utarbeidd?

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 23. februar 2025. Svaret kom 26. februar 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
23. februar 2025
Besvart
26. februar 2025

Spørsmål

Kva er oppdatert anslag for vedlikehaldsetterslep på fylkesveg, for det einskilde fylke og i sum, og korleis har dette utvikla seg sidan grunnlaget for NTP 2025-36 vart utarbeidd?

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 26. februar 2025

Det blei gjort utrekningar av vedlikehaldsetterslepet på riksveg i grunnlagsmaterialet til førre Nasjonal transportplan (NTP), Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033. Vedlikehaldsetterslepet var der anslått til om lag 30 mrd. 2020-kr ved inngangen til 2023, med eit usikkerheitsspenn på 25–40 mrd. 2020-kr. Prisomrekna utgjer dette om lag 40 mrd. 2024-kr, med eit usikkerheitsspenn på 33–53 mrd. 2024-kr. Det er stor usikkerheit ved utrekningane av vedlikehaldsetterslepet på riksveg.
Samferdselsdepartementet har ikkje kontinuerleg oversikt over det samla vedlikehaldsbehovet på fylkesvegnettet. I Statens vegvesens svar av 3. oktober 2023 på oppdraga gitt i samband med NTP 2025–2036 har Statens vegvesen og fylkeskommunane anslått vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg til mellom 95–105 mrd. kr. Det er stor usikkerheit knytt til desse anslaga òg. Detaljert informasjon frå denne kartlegginga finns her.
Som kjent har fylkeskommunane sjølv ansvar for å finansiere drift, vedlikehald og investeringar på eige fylkesvegnett. Fylkeskommunane brukar årleg store summar til vegføremål, først og fremst gjennom frie midlar i inntektssystemet. I 2023 var dei samla frie inntektene for fylkeskommunane på om lag 88,1 mrd. kr, og i same år brukte fylkeskommunane nærmare 24,5 mrd. kr på drift, vedlikehald og investering på fylkesvegnettet. Av dette var i underkant av 12 mrd. kr knytt til drift og vedlikehald. Det er etablert nokre ordningar for tilskot og særskilt fordeling av midlar til fylkesveg. I 2025 løyvde regjeringa til saman 4 667,1 mill. kr til fylkeskommunane over ulike ordningar til fylkesveg.
Utrekna anslag for vedlikehaldsetterslep seier lite om korleis vegnettet faktisk fungerer, eller kva utrekningane vil bety for trafikantane framover. Anslaget er hefta med stor usikkerheit. Å få betre oversikt over tilstanden på vegnettet er ein nødvendig føresetnad for å kunne vurdere effekten av ressursinnsatsen. Ein viktig del av arbeidet framover, som blei presentert i NTP 2025–2036, er derfor å sikre betre informasjon om tilstanden på vegnettet, korleis tilstanden utviklar seg over tid og kva det betyr for trafikantane.
Vi er komne eit godt stykke i arbeidet. Statens vegvesen har utvikla indikatorar for å kunne følgje tilstandsutviklinga på sentrale delar av infrastrukturen som bereevne på veg og bru og tryggleik i tunnel. Det blir jobba med å få på plass fleire indikatorar slik at oversikta over tilstanden blir endå betre. Departementet har teke initiativ til å samle aktørane (Statens vegvesen, fylkeskommunane og Nye Veier AS) for å sikre at innsatsen er koordinert. Departementet har behov for oversikt over tilstanden på heile vegnettet og dette er eit prioritert arbeid framover.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.