Skriftlig spørsmål nr. 1331 · 2024-2025
Korleis vert tungbiltransporten sikra akseptable stoppestader for kviletid og døgnkvile under vegarbeid, der lokasjon for kvile er indisponible?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 21. februar 2025. Svaret kom 27. februar 2025.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 21. februar 2025
- Besvart
- 27. februar 2025
Spørsmål
Korleis vert tungbiltransporten sikra akseptable stoppestader for kviletid og døgnkvile under vegarbeid, der lokasjon for kvile er indisponible?
Begrunnelse
Det pågår til tider vegarbeid som gjer at angitte kvile- og døgnkvileplassar vert indisponible for langtransportsjåfører. Dette kan dreie seg om at plassen for kvile vert disponert til andre formål, som riggplass el.l., eller det blir satt opp alternative kjøreruter som ikkje har kapasitet til at tungtransporten kan få sin pålagte kvile.
Korleis sikrer ein at krav om kviletid blir ivareteke i slike tilfelle, kor eit eksempel kan vera utbetringar som no skal gjerast ved Langnesberga på E6, der Snåsakroa ikkje lenger er disponibel for døgnkvile.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 27. februar 2025
Statens vegvesen har ansvar for etablering og drift av døgnkvileplassar langs riksvegnettet i landet. I dag er det 56 døgnkvileplassar langs riksvegnettet som Statens vegvesen har ansvaret for. I Nasjonal transportplan 2025–2036 (NTP) har regjeringa presentert ein Tungbilpakke. Ein målsetting i NTP er at er at det skal vere minst 80 døgnkvileplassar langs riksvegnettet i 2030. I statsbudsjettet for 2025 har regjeringa prioritert midlar til å følgje opp satsinga og dermed lagt grunnlaget for å trappe opp bruk av midlar i tråd med NTP.
Alle døgnkvileplassar skal som utgangspunkt vere tilgjengelege heile året for tungtransportsjåførar som er underlagde reglar om køyre- og kviletid. Tilgang på døgnkvileplassar er både viktig for trafikksikkerheita og tilfredsstillande arbeidsforhold.
I samband med vegarbeid på ein eksisterande vegstrekning vil trafikken bli påverka. Dersom ein døgnkvileplass ligg i eit område der det skal utførast vegarbeid, vil Statens vegvesen i størst mogleg grad unngå at vegarbeidet påverkar tilgjengelegheita og funksjonaliteten til døgnkvileplassen. I dag er ingen av dei 56 eksisterande døgnkvileplassane stengde på grunn av vegarbeid. Det er heller ingen som blir nytta til riggplass.
Det planlagde utbetringsarbeidet på E6 Langnesberga vil ikkje påverke døgnkvileplassen ved Snåsakroa, fordi døgnkvileplassen ligg om lag to km frå vegarbeidsområdet og planlagd riggområde.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.