Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 2 · 2024-2025

Mitt spørsmål går til kulturministeren. «Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik» song Sissel Kyrkjebø på ein måte som fekk vestlandshjarta til å strutta av stoltheit. Då Senterpartiet gjekk ut av …

Geir Pollestad (Sp) stilte spørsmålet til kultur- og likestillingsministeren, Lubna Boby Jaffery, 19. februar 2025.

Til
Kultur- og likestillingsministeren · Lubna Boby Jaffery
Datert
19. februar 2025
Besvart
19. februar 2025

Kultur · Kunst · Kulturvern

Spørsmål

Mitt spørsmål går til kulturministeren.

«Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik» song Sissel Kyrkjebø på ein måte som fekk vestlandshjarta til å strutta av stoltheit. Då Senterpartiet gjekk ut av regjering, forsvann det fire statsrådar frå Vestlandet. Regjeringa vart fylt opp med fleire statsrådar busette på vestkanten i Oslo. No høyrer me lyden av «Å vestkant, vestkant! Når jeg ser deg slik» frå regjeringskontora.

Ei viktig sak for Senterpartiet har vore å spreia kulturmidlar og kulturbygg over heile Noreg. Då kan me ikkje bruka alle pengane i Oslo. Eit konkret eksempel er oppussing av Nationaltheatret, som med teaterets eigne planar vil binda opp 10 mrd. kr. Tidlegare finansminister frå Senterpartiet, Slagsvold Vedum, sa klart nei til det og peika på at ei oppussing til 3 mrd. kr for Nationaltheatret fekk vera nok.

Senterpartiet er oppteke av å ha økonomisk handlingsrom til å realisera kulturbygg i heile Noreg. Det vert jobba med viktige kulturbygg både på Vestlandet og i resten av Noreg. Då kan ikkje alle pengane brukast i Oslo.

Det avgjerande spørsmålet for kostnadane er om prosjektet på Tullinløkka skal realiserast eller ikkje. Senterpartiet står fast på at det skal det ikkje. Mitt spørsmål er: Kan statsråden bekrefta at det ikkje er aktuelt for regjeringa å jobba vidare med Tullinløkka-alternativet for Nationaltheatret?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Pollestad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.