Skriftlig spørsmål nr. 1291 · 2024-2025
Kva er status på arbeidet med å fornya denne avtala, og når kan ein forventa at ny avtale kan tre i kraft?
Ove Trellevik (H) stilte spørsmålet til finansministeren, Jens Stoltenberg, 18. februar 2025. Svaret kom 24. februar 2025.
- Fra
- Ove Trellevik (H)
- Til
- Finansministeren · Jens Stoltenberg
- Datert
- 18. februar 2025
- Besvart
- 24. februar 2025
Spørsmål
Kva er status på arbeidet med å fornya denne avtala, og når kan ein forventa at ny avtale kan tre i kraft?
Begrunnelse
Norske reiarlag har litt fart på Pakistan og lastar litt ymis flytande produkt til ulike destinasjonar rundt om i verda. På all last så må dei betala ein «freight tax» på 8 % sidan dei er eit norsk registrert selskap/«freight beneficiary». I henhold til St. prp. nr. 51 Artikkel 8 av 1986-87 så er det ein slik skatteavtale i kraft, men denne var berre gyldig i 10 år for artikkel 8 som omhandlar fly og skip.
Svar
Finansministeren Jens Stoltenberg, 24. februar 2025
Gjeldande skatteavtale mellom Noreg og Pakistan vart signert 7. oktober 1986. Som stortingsrepresentanten peikar på, forhandlar landa om ein ny skatteavtale. Forhandlingane er ikkje avslutta. Når skatteavtalen er ferdig forhandla, må avtalen signerast. Deretter må både Noreg og Pakistan gjennomføre tiltaka som er naudsynte etter si interne lovgjeving for å setje ny skatteavtale i kraft. Det er ikkje sannsynleg at ein ny avtale vil tre i kraft før tidlegast 2027.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ove Trellevik →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.