Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1290 · 2024-2025

Kan vi be statsråden gjera greie for korleis ein anslår trafikken vil fordele seg når Lærdalstunnelen blir nattestengt i 2026, samt gjera greie for kva ekstra beredskapstiltak som vert sett i verk på …

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 18. februar 2025. Svaret kom 21. februar 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
18. februar 2025
Besvart
21. februar 2025

Spørsmål

Kan vi be statsråden gjera greie for korleis ein anslår trafikken vil fordele seg når Lærdalstunnelen blir nattestengt i 2026, samt gjera greie for kva ekstra beredskapstiltak som vert sett i verk på desse vegstrekningane, både med omsyn til brøyting, vedlikehald og trafikksikring både i forkant og medan vegen er stengt?

Begrunnelse

Lærdalstunellen blir nattestengt grunna tunneloppgradering frå sommaren 2026, og trafikken som naturleg ville gått på E16 vil finne andre ruter; Fv 50, Rv 7 og E134 er alternative omkjøyringsvegar. Det vil difor vera trong for forsterka beredskap, vedlikehald og brøyting på desse vegstrekningane når store delar av tungtrafikken må finne alternative kjøreruter til E16.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 21. februar 2025

Lærdalstunnelen på E16 mellom Lærdal og Voss, er ei viktig hovudåre mellom Oslo og Bergen, men er også eit viktig lokalvegsamband. Stenginga av Lærdalstunnelen har svært ulike konsekvensar for fjerntrafikken og for lokaltrafikken.
Når Lærdalstunnelen er stengt, vil dei langvegsfarande i stor grad velje å køyre rv. 7 over Hardangervidda, om ver og føre tillèt det. Dei som skal frå Lærdal til Bergen kan køyre om Sogndal og over Vikafjellet, eller om Sogndal og E39. Vikafjellet har dårleg vinterregularitet. Dei som skal berre frå Lærdal til Aurland, kan køyre Aurlandsfjellet om sommaren. Men her er vegstandarden dårleg, og dette er ikkje eit reelt alternativ for tungtrafikken. Om vinteren er denne vegen stengd.
Vegvesenet reknar med at ca. 70 pst. av nattetrafikken i Lærdalstunnelen vil bli overført til Hardangervidda. Ein del av nattetrafikken er av lokal karakter, og har ikkje Hardangervidda som alternativ. Ein del vil kunne tilpasse seg ved å køyre litt tidlegare, nokre kan velje andre alternativ enn Hardangervidda og ein del trafikk blir avvist.
Basert på desse føresetnadane vil vi få ei dobling av tungtrafikken over Hardangervidda om vinteren, og ca. 50 pst. auke i totalvolumet. Tungtrafikken vil då vere om lag som vår- og hausttrafikken er no og totaltrafikken vil vere om lag 60 pst. av vår- og hausttrafikken.
Statens vegvesen meiner at Lærdals-trafikantane i liten grad vil velje å køyre over Haukeli. Reisetida over Haukeli er ca. en time lenger enn over Hardangervidda.
Statens vegvesen har informert meg om at dei vil sette i verk følgjande tiltak:
Generelle tiltak: Tunnelane i Måbødalen på rv. 7 vil få ei sikkerheitsoppgradering før arbeida i Lærdalstunnelen startar opp. Dette arbeidet er allereie i gang.
Vintertiltak: Når rv. 7 over Hardangervidda er stengt, vil det vere mogleg å køyre Lærdalstunnelen.
Beredskap: Hardangervidda har beredskap for å tene dagens trafikk. Med overført trafikk frå Lærdal vil ein få fleire uerfarne sjåførar, og fleire køyretøy som ikkje er så godt eigna på vinterføre. Drift og vedlikehald er allereie i gang med å trappe opp beredskapen over Hardangervidda, både organisatorisk og med hyppigare vintertiltak når det er nødvendig. I dette inngår også auka bruk av teknologi i form av skredtårn, vêrstasjonar og betre prognoseverktøy.
Sommartiltak: I tre veker i juli vil det vere arbeidsstans i Lærdalstunnelen, slik at trafikken kan gå som normalt. Juli er den månaden som har klart størst trafikk. Junitrafikken med tillegg av nattetrafikken frå Lærdalstunnelen vil ligge om lag på nivå med dagens julitrafikk.
Informasjon: Statens vegvesen kjem til å informere breitt om stenginga i god tid før stengeregimet trer i kraft. Informasjon vil bli gjort tilgjengeleg digitalt, og det vil bli sett opp informasjonstavler i viktige kryss der ein tar vegval. Slik skal trafikantane kunne ta gode val, og velje den beste ruta.
Statens vegvesen meiner at med desse tiltaka på plass, vil rv. 7 over Hardangervidda fungere godt som alternativ til Lærdalstunnelen.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.