Skriftlig spørsmål nr. 1252 · 2024-2025
Gitt at Vegdirektoratet sitt forslag til forskrift om ansvarsforhold m.m. når offentlige veger krysser hverandre i samme plan eller ved overgangsbru eller vegundergang, vert følgt opp i tråd med …
Sigbjørn Gjelsvik (Sp) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 16. februar 2025. Svaret kom 21. februar 2025.
- Fra
- Sigbjørn Gjelsvik (Sp)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 16. februar 2025
- Besvart
- 21. februar 2025
Spørsmål
Gitt at Vegdirektoratet sitt forslag til forskrift om ansvarsforhold m.m. når offentlige veger krysser hverandre i samme plan eller ved overgangsbru eller vegundergang, vert følgt opp i tråd med høringsnotatet (ref. 20-124927-10), kva for bruer og undergangar vert omfatta og kva er berekna vedlikehaldsetterslep for den einskilde bru/undergang og i sum?
Begrunnelse
I fylgje Byggeindustrien 5. desember 2024 skal det vere snakk om 400 bruer. Det vert bede om ei kommunevis oversikt over alle bruer og underganger, med tilhøyrande berekna vedlikehaldsetterslep for den einskilde bru/undergang og i sum.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 21. februar 2025
Vegdirektoratet sendte 13. september 2024 på oppdrag frå Samferdselsdepartementet på høyring forslag til forskrifter om ansvarsforhold m.m. når offentlige veger krysser hverandre i samme plan eller ved overgangsbru eller vegundergang. Utgreiinga av forslag til forskrift er basert på ansvarsforholdet mellom vegmyndigheitene i samsvar med føresegnene i veglova § 9, jf. § 20.
Høyringsfrist var opphaveleg 20. desember 2024, men enkelte kommunar fekk noko lengre frist av omsyn til politisk handsaming. Vegdirektoratet har no mottatt dei siste høyringsinnspela og vil starte arbeidet med på gå gjennom desse.
Det blir i spørsmålet etterspurt vedlikehaldsetterslepet for dei bruene som forskrifta får verknad for. Per i dag finst det ikkje tilstrekkeleg underlagsmateriale for å kunne berekne vedlikehaldsetterslepet på den enkelte bru. Eg visar i denne samanheng til høyringsnotatet si omtale av dette, som er tilgjengeleg her: https://www.vegvesen.no/fag/publikasjoner/hoeringer/forslag-til-ny-vegklasseforskrift-og-revidert-bruforskrift-for-offentlig-veg/.
I vedlagde lister er det oversikt over bruer på kommunal veg som kryssar fylkes- eller riksveg, og bruer på fylkesveg som kryssar riksveg. Dette gir eit bilete per 19. februar 2025 av registreringar i IT-løysinga Brutus, et fagsystem som inneheld data om bruer, ferjekai og andre berande konstruksjonar på riks- og fylkesvegnettet. Eg vil avslutningsvis presisere at ein god del av desse bruene ikkje vil få nokon endring i kven som faktisk ivaretek drift og vedlikehald, fordi kommunen og fylkeskommunen allereie gjer dette i dag.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.