Skriftlig spørsmål nr. 1154 · 2024-2025
Kva gjer justis og beredskapsministeren for å kome ajour med sakene til fortvila menneske som har venta nesten 3 år på å bli kalla inn til asylintervju eller for å få svar på søknad, og vert det sørga for at det vert gitt ei løypemelding dersom ventetida går over rimelige fristar?
Birgit Oline Kjerstad (SV) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Astri Aas-Hansen, 9. februar 2025. Svaret kom 17. februar 2025.
- Fra
- Birgit Oline Kjerstad (SV)
- Til
- Justis- og beredskapsministeren · Astri Aas-Hansen
- Datert
- 9. februar 2025
- Besvart
- 17. februar 2025
Spørsmål
Kva gjer justis og beredskapsministeren for å kome ajour med sakene til fortvila menneske som har venta nesten 3 år på å bli kalla inn til asylintervju eller for å få svar på søknad, og vert det sørga for at det vert gitt ei løypemelding dersom ventetida går over rimelige fristar?
Begrunnelse
Eg viser til mitt spørsmål nr. 472 (2024 – 2025 ) om kva som vert gjort med dei lange ventetidene i asylsaker.
Måndag 27. januar fekk eg e-post frå fortvila russiske samar som ventar på svar og innkalling til asylintervju. Dei var inviterte som gjestar av Sametinget i februar 2022, men valde å søkje asyl i Norge i staden for å reise tilbake til Russland i på grunn av sterkt forverra forhold for LHBT personar og minoritetar i landet. Den eine har venta nesten tre år på å få innkalling til asylintervju og dei to andre har blitt intervjua men ikkje fått vite noko om når dei kan vente svar på søknadane. Situasjonen med å ikkje vite kva som skjer med søknaden om asyl, og å vente i nesten 3 år på intervju, er svært psykisk belastande og øydeleggande for menneske som ikkje kan gå vidare med livet sitt før dei har fått svar.
Sivilombodet har vurdert situasjonen til asyløkjarar som ventar svært lenge på saksbehandling som eit brot på forvaltningslova.
Litt om situasjonen for organisasonar i Russland.
26. juli 2024 vart 55 organisasjoner erklært som ekstremistiske i Russland. ICIPR, International Commitee for Indigenous Peoples of Russia som avsender av e-post om saka til SV er medlem av, er saman med mange andre stempla som ekstremistisk og terroristiske organisasjonar i Russland. Det samme er Aboriginal Forum. Det er mange samiske medlemmer i Aboriginal Forum, også dei som avsender nemnde ventar på svar på sine asylsøknader. No kan desse når som helst bli tiltala og få 10 års fengsel i Russland, difor kan han som sende oss e-posten og dei andre ikkje reise tilbake til Russland utan å risikere forfylgjing. Slektningar av dei som er med i desse organisasjonane er også trua av Russiske styremakter.
Svar
Justis- og beredskapsministeren Astri Aas-Hansen, 17. februar 2025
Jeg viser til svar til Stortinget på spørsmål til skriftlig besvarelse nr. 472 om det pågående arbeidet for å få ned ventetiden i utlendingsforvaltningen.
Saksbehandlingstiden i asylsaker er dessverre lengre enn ønskelig. Mange søkere har ventet lenge på å få svar på sin søknad om beskyttelse og mange venter fortsatt på asylintervju. På Utlendingsdirektoratets nettsider er det informasjon om forventet ventetid ut ifra søkers statsborgerskap og sakstype.
Jeg har tillit til at Utlendingsdirektoratet arbeider for å sikre raskere saksbehandling av asylsøknader i henhold til kravene i forvaltningsloven.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.