Skriftlig spørsmål nr. 978 · 2024-2025
Regjeringa vurderer for tida å ta tre direktiv på energiområdet inn i EØS-avtalen, og det er offentleg kjent at det eine regjeringspartiet, Senterpartiet, er kritisk til dette. Kor mange EU-direktiv …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 26. januar 2025. Svaret kom 3. februar 2025.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Utenriksministeren · Espen Barth Eide
- Datert
- 26. januar 2025
- Besvart
- 3. februar 2025
Spørsmål
Regjeringa vurderer for tida å ta tre direktiv på energiområdet inn i EØS-avtalen, og det er offentleg kjent at det eine regjeringspartiet, Senterpartiet, er kritisk til dette.
Kor mange EU-direktiv har Senterpartiet vore med å implementere i Noreg under dagens regjering, kan Stortinget få oversendt ei samla liste over desse, og er det nokre av desse direktiva som etter utanriksministeren si vurdering har større praktiske og prinsipielle følgjer for Noreg enn dei tre energidirektiva som no ligg på bordet?
Svar
Utenriksministeren Espen Barth Eide, 3. februar 2025
I 30 år har EØS-avtalen tent norske interesser, norske arbeidsplassar og norsk økonomi. Avtalen er dynamisk i sin natur, og krev kontinuerleg oppdatering i samsvar med utviklinga i EU. Avtalen baserer seg på prinsippet om like reglar i den indre marknaden. For at den indre marknaden skal fungere etter hensikta, må reglar som gjeld for EU sine medlemsstatar òg gjelde for EØS/EFTA-statane. Island, Liechtenstein og Noreg samarbeider difor med EU om å fortløpande innlemme såkalla EØS-relevante EU-rettsakter i EØS-avtalen.
Sidan regjeringa tiltredde i oktober 2021 er 2033 rettsakter (direktiv og forordningar) tekne inn i EØS-avtalen (sjå vedlegg). Ei oversikt over rettsakter som er tekne inn i EØS-avtalen ligg òg her: Beslutninger vedtatt i EØS-komiteen - regjeringen.no Denne oversikta vert oppdatert kontinuerleg.
Saker som treng lovendring, har budsjettmessige konsekvensar eller som er av særleg nasjonal viktigheit, skal leggjast fram for Stortinget for godkjenning. Sidan oktober 2021 har 52 rettsakter fått Stortingets samtykke til å verte tekne inn i EØS-avtalen. I den vedlagde lista er det markert som «konstitusjonelle forbehold».
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.