Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 947 · 2024-2025

Kan samferdselsministeren leggje fram kva pengar som er satt av i Statens vegvesen pr. år i driftskontraktene for vintervedlikeholdet for strekninga E6 Kolomoen til Kløfta eller tilpassa driftskontrakter for desse områda, fordelt på kvart år frå og med 2021- til og med 2024?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 22. januar 2025. Svaret kom 30. januar 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
22. januar 2025
Besvart
30. januar 2025

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram kva pengar som er satt av i Statens vegvesen pr. år i driftskontraktene for vintervedlikeholdet for strekninga E6 Kolomoen til Kløfta eller tilpassa driftskontrakter for desse områda, fordelt på kvart år frå og med 2021- til og med 2024?

Begrunnelse

Vintervedlikeholdet har vore utfordrande i dei siste åra, spesielt i området Kolomoen til Kløfta på E6.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 30. januar 2025

Vinterdrift av riksvegane skjer gjennom driftskontraktar. Entreprenøren har funksjonsansvar. Det inneber at entreprenøren sjølv planlegg og set i verk tiltak etter behov og i tråd med gjeldande standardar.
Vinterdrift er ei samfunnskritisk oppgåve som må utførast når behovet oppstår. Dette inneber at driftsbudsjettet ved enkelte høve vil måtte overskridast, mot inndekning frå andre område. Betalinga til entreprenøren for oppgåva består av ein fastdel og ein variabel del som blir utbetalt månadleg. Storleiken på den variable delen blir avgjord av kor mykje som er utført av oppgåver som til dømes brøyting, strøing og salting i løpet av siste månad.
Kostnaden beregnes per kontrakt og ikkje per strekning. Strekningar kan inngå både i ein eller fleire driftskontraktar. Statens vegvesen fører ikkje oversikt over kostnader på enkeltstrekningar.
Det er derfor ikkje mogleg å kome med eksakte tal for årleg kostnad for vinterdrifta på E6 Kolomoen – Kløfta, men basert på prisane i gjeldande driftskontraktar estimerer Statens vegvesen at årleg kostnad for vinterdrift på den aktuelle strekninga er om lag 20-25 millionar eks. mva. (i 2024-kroner). Denne summen inneheld alle kostnader til vinterdrift og varierer frå år til år avhengig av vêrforholda.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.