Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 921 · 2024-2025

På kva måte vil arbeidsmetoden til Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta vidareførast ved ein sammenslåing av Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) og Statens undersøkingskommisjon …

Lisa Marie Ness Klungland (Sp) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Jan Christian Vestre, 20. januar 2025. Svaret kom 28. januar 2025.

Til
Helse- og omsorgsministeren · Jan Christian Vestre
Datert
20. januar 2025
Besvart
28. januar 2025

Spørsmål

På kva måte vil arbeidsmetoden til Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta vidareførast ved ein sammenslåing av Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom), og på kva måte vil statsråden bidra til å sikre at arbeidsplassane i Stavanger bevares og eventuelt blir fleire?

Begrunnelse

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å oppheva lov om Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta. Bakgrunnen for opphevinga er eit forslag om å slå saman Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom). Arbeidsstaden er i dag lokalisert i Stavanger. Arbeidsmetoden til Ukom er anerkjend, og dei har blant anna høve til å sjølvstendig vurdera kva alvorlege hendingar og alvorlege forhald som skal undersøkast.

Svar

Helse- og omsorgsministeren Jan Christian Vestre, 28. januar 2025

Det opparbeidde fagmiljøet i Ukom skal vidareførast og arbeidsplassane skal bli i Stavanger.
Bakgrunnen for forslaget om samanslåinga av Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) og Statens helsetilsyn er Varselutvalet sin rapport frå 12. april 2023, der utvalet einstemmig har foreslått ei ny meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta. Forslaget om ei ny meldeordning har vært på høyring fram til 20. januar.
Intensjonen er at den nye meldeordninga i større grad enn dagens varselordningar skal bidra til:
• Læring og forbetring i heile tenesta.
• Betre pasienttrygging gjennom meir førebygging av alvorlege hendingar.
• Betre ressursutnytting.
• Tryggleik i å melde alvorlege hendingar.

Høyringa er nå ferdig og departementet vil arbeide med å gjennomgå høyringsinnspela.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Lisa Marie Ness Klungland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.