Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 907 · 2024-2025

Statsministeren, næringsministeren, finansministeren og andre medlemmer av regjeringa har ved gjentatte høve framheva at det for tida er rekordmange bedriftsetableringar i Noreg. Dersom vi ser bort …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 19. januar 2025. Svaret kom 28. januar 2025.

Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
19. januar 2025
Besvart
28. januar 2025

Spørsmål

Statsministeren, næringsministeren, finansministeren og andre medlemmer av regjeringa har ved gjentatte høve framheva at det for tida er rekordmange bedriftsetableringar i Noreg.
Dersom vi ser bort frå enkeltmannsforetak og AS utan tilsette, kor mange gründerar har etablert AS med minst 1 tilsett i 2023 og 2024, og kva er dei samanliknbare tala for slike etableringar frå 2010 fram til i dag?

Svar

Næringsministeren Cecilie Myrseth, 28. januar 2025

23. januar 2025 trakk Statistisk sentralbyrå tilbake statistikken dei har publisert om etablerarar i næringslivet, på grunn av feil. Vi har difor ikkje oppdaterte tal for kor mange gründerar som har etablert AS med minst 1 tilsett. SSB skriv at dei vil oppdatere statistikken løpande, så vi veit ikkje når tala vil vere klare.
Det vi har, er oppdaterte tal til og med 2023 for nyetablerte føretak. SSB skriv at tala for 2024 snart er klare. Tala frå SSB syner at det var 7 513 nyetablerte AS og ASA i 2023 med minst ein tilsett i etableringsåret. Utviklinga frå 2010 er vist i tabellen under.
I gründermeldinga presenterer regjeringa og eit breitt utval av statistikk som viser utviklinga i tal på gründerar, oppstartsselskap og oppstartsselskap med vekstambisjonar fram til og med 2022.

År
Tal på nyetablerte AS og ASA med minst ein tilsett i etableringsåret
2010
3224
2011
4073
2012
6115
2013
5108
2014
4869
2015
5482
2016
5088
2017
5208
2018
5689
2019
5126
2020
4989
2021
5332
2022
4648
2023
7513
Kilde: SSB tabell 14009

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.