Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne

← Saker

Sak · Utdannings- og forskningskomiteen · 2018-2019

Endringer i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon)

Prop. 88 L (2018-2019), Innst. 298 L (2018-2019), Lovvedtak 68 (2018-2019)

Saken på stortinget.no ↗

Stortinget behandlet saken 4. juni 2019 etter innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen. Saksordfører: Guri Melby (V). Det ble holdt 8 voteringer, 6 av dem ikke enstemmige. Den siste voteringen («Samtlige gjenstående romertall og paragrafer») var enstemmig.

Om saken

Stortinget har vedtatt endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova og friskolelova. Mellom anna er det lovfesta at kommunane som ein del av grunnopplæringa skal tilby elevane leirskoleopphald eller ein annan skoletur. Det er òg lovfesta høve til å fastsetja skolebyte for elevar i vidaregåande opplæring, dersom eleven mobbar medelevar, og det er lovfesta eit forbod mot tilsetjing i vidaregåande skolar eller folkehøgskolar for personar som har dom for seksuelle overgrep mot mindreårige.

Saksordfører
Guri MelbyV
Status
Behandlet 4. juni 2019

Slik ble det stemt (8)

  1. Forslag nr. 3 på vegne av Sp og SV.Falt

    17 for · 81 mot · 71 ikke til stede · 4. juni 2019

    • Sp 10 for
    • SV 6 for
    • R 1 for
    • KrF 4 mot
    • V 4 mot
    • FrP 14 mot
    • A 29 mot
    • H 30 mot
    Hva det ble stemt over

    Forslag nr. 3 fra Sp, SV

    Stortinget ber regjeringen om å kompensere kommunene for økte utgifter som følger av en lovfesting av rett til leirskole, og ber regjeringen i samarbeid med KS vurdere behovet for ytterligere bevilgninger.

  2. Forslag nr. 4 på vegne av SVFalt

    47 for · 50 mot · 72 ikke til stede · 4. juni 2019

    • A 29 for
    • Sp 10 for
    • SV 6 for
    • R 1 for
    • KrF 4 mot
    • V 4 mot
    • FrP 14 mot
    • H 1 for / 28 mot

    Stemte annerledes enn partiet: Mari Holm Lønseth (H, for)

    Hva det ble stemt over

    Forslag nr. 4 på vegne av SV

    Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et helhetlig forslag til hvordan arbeidet i yrkesopplæringsnemndene kan styrkes og hvordan sammensetningen av nemndene speiler det totale aktørbildet for fag- og yrkesopplæringen, etter at Lied-utvalget har levert sin innstilling i slutten av 2019.

  3. Forslag nr. 2 på vegne av A og Sp.Falt

    41 for · 57 mot · 71 ikke til stede · 4. juni 2019

    • A 29 for
    • Sp 10 for
    • R 1 for
    • KrF 4 mot
    • V 4 mot
    • SV 6 mot
    • FrP 14 mot
    • H 1 for / 29 mot

    Stemte annerledes enn partiet: Hårek Elvenes (H, for)

    Hva det ble stemt over

    Forslag nr. 2 fra A, Sp

    Opplæringslova § 12-3 andre ledd skal lyde:

    Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer som til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer desse. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om forslag til medlemmer i nemnda.

  4. Forslag nr. 1 på vegne av A, Sp og SV.Falt

    46 for · 52 mot · 71 ikke til stede · 4. juni 2019

    • A 29 for
    • Sp 10 for
    • SV 6 for
    • R 1 for
    • KrF 4 mot
    • V 4 mot
    • FrP 14 mot
    • H 30 mot
    Hva det ble stemt over

    Forslag nr. 1 fra A, Sp, SV

    I opplæringslova skal ny § 13-7 b lyde:

    Kommunen skal tilby elevane eit leirskuleopphald eller eit tilsvarande opphald med minst fire overnattingar i samanheng.

  5. § 12-3 andre leddVedtatt

    51 for · 46 mot · 72 ikke til stede · 4. juni 2019

    • H 30 for
    • FrP 13 for
    • KrF 4 for
    • V 4 for
    • R 1 mot
    • SV 6 mot
    • Sp 10 mot
    • A 29 mot
    Hva det ble stemt over

    Forslag Komiteens tilråding

    om endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (plikt til å tilby skoletur med overnatting, skolebyte for elevar i vidaregåande opplæring, opplæring i kvensk, samansetjing av yrkesopplæringsnemnder, politiattest i vidaregåande skole m.m.)

    I

    I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir desse endringane gjorde:

    § 2-7 overskrifta og første ledd skal lyde: § 2-7 Kvensk- eller finskopplæring for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn

    Når minst tre elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har elevane rett til opplæring i kvensk eller finsk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv om dei vil ha slik opplæring.

    § 2-12 tredje ledd skal lyde:

    For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3 og 15-4.

    § 4-5 tredje ledd første punktum skal lyde:

    Lærlingar og praksisbrevkandidatar som har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt med full opplæring i bedrift, jf. § 3-3 fjerde leddet, skal ha ei prøvetid på seks månader.

    § 8-1 fjerde ledd blir oppheva. § 9 A-6 fjerde ledd tredje punktum skal lyde:

    Fylkesmannen kan vedta reaksjonar etter skolen sitt ordensreglement, jf. § 9 A-10, eller at ein elev skal byte skole, jf. § 9 A-12.

    Ny § 9 A-12 skal lyde: § 9 A-12 Skolebyte

    Ein elev i grunnskolen kan flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven elles har rett til å gå på, dersom oppførselen til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar. Skolebyte skal likevel ikkje skje dersom mindre inngripande tiltak vil kunne avhjelpe situasjonen. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar.

    Om vilkåra i første ledd er oppfylte, kan ein elev i vidaregåande opplæring flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven er teken inn på. Eleven har rett til å halde fram på same utdanningsprogram og programområde.

    Skolebyte etter første og andre ledd skal ikkje skje dersom eleven må flytte ut av heimen, eller om dagleg skyss ikkje er forsvarleg.

    Kommunen gjer vedtak for elevar i grunnskolen. Fylkeskommunen gjer vedtak for elevar i vidaregåande opplæring.

    Før det blir gjort vedtak om skolebyte, skal den som gjer vedtak, rådføre seg med rektor og lærarane til eleven og sørgje for at eleven blir høyrd.

    Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i vurderingane etter første og andre ledd og i saksbehandlinga.

    Noverande §§ 9 A-12 til 9 A-15 blir §§ 9 A-13 til 9 A-15 og ny § 9 A-16.

    § 10-9 overskrifta skal lyde: § 10-9 Politiattest og forbod mot tilsetjing. § 10-9 tredje ledd første punktum skal lyde:

    Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, i den vidaregåande skolen eller i musikk- og kulturskolen, i skolefritidsordninga, for å gi leksehjelp eller i skoleliknande aktivitetstilbod som nemnt i første ledd.

    § 12-3 andre ledd skal lyde:

    Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer som til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Alle organisasjonar som er representerte i organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa jf. § 12-1, har rett til å vere representerte i nemnda. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer desse. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om forslag til medlemmer i nemnda.

    Ny § 13-7 b skal lyde: § 13-7 b Plikt for kommunen til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur

    Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.

    § 15-2 andre ledd skal lyde:

    Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte ledd, enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter § 3-12, enkeltvedtak om fysiske miljøforhold etter § 9 A-7 og enkeltvedtak om skolebyte etter § 9 A-12.

    II

    I lov 6. desember 2002 nr. 72 om folkehøyskoler skal § 6 lyde:

    § 6 Politiattest og forbud mot ansettelse

    Den som skal ansettes fast eller midlertidig ved en folkehøyskole, skal legge fram politiattest som nevnt i politiregisterloven § 39 første ledd. Personer som er dømt for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikke ansettes fast eller midlertidig i slike skoler. I andre tilfelle må konsekvensene av merknader på politiattesten vurderes konkret.

    III

    I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar blir desse endringane gjorde:

    § 2-4 andre ledd skal lyde:

    Opplæringslova kapittel 9 A om elevane sitt skolemiljø gjeld også for skolar godkjende etter lova her, med unntak av §§ 9 A-10 og 9 A-11. I saker om skolebyte etter § 9 A-12 er det heimkommunen eller heimfylket som gjer vedtak. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter § 9 A-7 om det fysiske skolemiljøet og enkeltvedtak etter § 9 A-12 om skolebyte.

    § 3-3 første ledd andre til sjette punktum blir oppheva. § 4-3 overskrifta skal lyde: § 4-3 Politiattest og forbod mot tilsetjing. § 4-3 tredje ledd første punktum skal lyde:

    Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, i den vidaregåande skolen eller i skoleliknande aktivitetstilbod eller for å gi leksehjelp etter § 7-1 e.

    IV

    I lov 16. juni 2017 nr. 69 om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner blir desse endringane gjorde:

    § 2 andre ledd første punktum skal lyde:

    For yrker som omfattes av lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. og lov 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell, gjelder kun §§ 22 til 24.

    § 20 første ledd skal lyde:

    Den ansvarlige myndigheten skal innen tre dager varsle ansvarlige myndigheter i samtlige øvrige EØS-stater om en yrkesutøver har fått begrenset retten til å utøve yrket av nasjonale myndigheter eller domstoler, både midlertidig og permanent. Dette gjelder for yrkesutøvere som utøver et lovregulert yrke med opplæring av mindreårige, herunder barnehage.

    V

    Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft dei ulike føresegnene til ulik tid.

  6. Ny § 13-7 bVedtatt

    53 for · 45 mot · 71 ikke til stede · 4. juni 2019

    • H 30 for
    • FrP 14 for

  7. Samtlige gjenstående romertall og paragraferVedtatt

    Enstemmig · 4. juni 2019

  8. Lovens overskrift og loven i sin helhet.Vedtatt

    Lovteknisk votering – telles ikke i stemmegivningen

    Enstemmig · 4. juni 2019

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). 6 av 8 voteringer var ikke enstemmige. Fordelingen per parti og hvem som stemte annerledes enn partiet, bygger på de personlige stemmene, som finnes fra oktober 2011. «Partiet» er flertallet av partiets representanter som stemte.