Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

PROGRAM FOR KOMMUNEVALET 2003

Kystpartiet · 556 ord

2003-2007

KYSTPARTIET I HARAM

PROGRAM FOR KOMMUNEVALET 2003

KYSTPARTIETS GRUNNSYN

Kystpartiet legg vekt på dei medmenneskelege og kristne grunnverdiar, og gjennom vårt kulturelle fotfeste skal norsk kultur vidareførast og utviklast. Partiet vil styrke vernet om Grunnlova og eigedomsretten. Med ei desentralisering av makt vil vi styrke lokalsamfunnet og gje enkelt mennesket høve til å vere med å bestemme over eigen livssituasjon. Partiets mål er å bygge vidare på sosiale nettverk i lokalsamfunn og arbeidsliv. Velferd skal vere tilgjengeleg for alle uansett etnisk tilhøyring, utsjåande, religion, kjønn, funksjonsevne eller sivilstand. Partiet har tru på at ei fornuftig utnytting av naturrikdomen vår vil gje auka verdiskaping.

KOMMUNEØKONOMI

Kystpartiet vil:

NÆRINGSLIV OG LANDBRUK

Lokalt eigarskap er ein styrke for lokalsamfunna, og grunnleggande for at det kan utviklast eit godt samarbeid mellom næringsliv og lokalsamfunn. Kystpartiet vil difor arbeide for at næringsliv bygt på nasjonale fornybare ressursar ikkje skal seljast ut av landet.

Kystpartiet vil :

OFFENTLEGE TENESTETILBOD

Kystpartiet er av den oppfatning at offentlege tenestetilbod ikkje skal avviklast i distrikta for å opprettast i sentrale strøk. Partiet går sterkt imot den nedlegging av posttenester som delvis er i gang sett, utan at det er politisk vilje til å gjere noko med det. Posten burde heller lagt seg på ei utviklingslinje i staden for ei avviklingslinje.

Partiet ser på etablering av lokalsamfunnssentralar som eit godt alternativ. Eit postkontor som vert tillagt fleire tenester ved hjelp av data med nett-tilkobling og faks. På denne måten kan offentlege sektorer som f.eks. trygdekontor, arbeidskontor og likningskontor vere tilgjengelege for brukarar. Eit operativt postkontor med fleire funksjonar enn i dag vil kunne utgjere ein viktig del av eit serviceanlegg i distrikter der dette er ynskjeleg og mogleg å få til.

SKULE - BARNEHAGE

Kystpartiet vil:

HELSE - SOSIALPOLITIKK - ELDREOMSORG

Kystpartiet vil arbeide for auka livskvalitet og trivsel slik at befolkninga får eit kvalitativt og høgverdig helsetilbod. Målet skal vere at helsekøene vert tilnærma fjerna, og at folk kjem i meiningsfylt arbeid. Partiet vil arbeide for at staten iverksetter tilstrekkelige virkemidlar for å sikre at vitale stillingar innan den kommunale helsetenesta vert dekt.

Kystpartiet vil :

KULTUR - IDRETT- MILJØ

For det enkelte menneske er eit rikt og mangfoldig kulturliv berikande og styrker den lokale identiteten til vår kyststat og maritime nasjon. Idretten har sin verdi i seg sjølv, men også som forebyggande tiltak mot at born og unge skal få tilknytning til kriminalitet- og rusbelasta miljø. Det er svært viktig at vi tek vare på og utviklar barne- og ungdomsidretten. Breddeidrett fremjer sosialt fellesskap og helse. Reint miljø på hav og land er ei forutsetning for helse, trivsel og verdiskaping. Gjennom nasjonalt og internasjonalt miljøarbeid dei siste åra har vi sett kor viktig det er å finne den rette balansen mellom bruk og vern av både miljø og naturressursar. Distriktsbefolkninga har i generasjonar ført an i arbeidet med fornuftig bruk av naturen.

Kystpartiet vil :

SAMFERDSEL

Befolkninga og næringslivet i distrikts-Norge får kvar dag merke vanskane ved å ha eit lite utbygt "vegnett" både på sjø og land. Kystpartiet vil difor gjere sitt for at konkuransekrafta aukast ved å auke de offentlege investeringane til samferdsel.

Kystpartiet vil :

BUSTADBYGGING

Eksisterande plan - og byggningslov virkar dempande på bustadbygginga. Kystpartiet vil arbeide for at plan-og byggningslova vert endra, slik at ventetida for dei som ynskjer å bygge eigen bustad vert kortare.

Kystpartiet vil :

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7783. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.