Valgprogram · 2003
VALPROGRAM 2003
Kristelig Folkeparti · 424 ord
Kommunestyreperioden 2003 - 2007
BALESTRAND KRISTELEG FOLKEPARTI
VALPROGRAM 2003
Kristeleg Folkeparti vil byggje eit varmare samfunn. Vi har alle den same verdi, uavhengig av alder, evner eller yrke. Kristeleg Folkeparti vil at dei som treng hjelp frå samfunnet, ikkje skal få det etter forteneste, men etter trong.
Dei kristne verdiane har prega landet i 1000 år og har lagt grunnlag for eit godt samfunn, men ikkje alle har det like godt. Kriminalitet og rusmisbruk skaper utryggleik.
Eit varmare samfunn er og eit samfunn med mindre fokus på materielle goder. Materialismen er ein trussel mot jorda si bereevne og mot livsgrunnlaget for etterkomarane våre.
Vi trur ikkje at eit større forbruk er det viktigaste for trivsel og velvære. Viktigare er det å knyta band mellom menneske, skapa fleire møteplassar og ha meir tid for og med kvarandre.
For eit varmare samfunn
Stem KrF 15. september
Grunnsyn:
KrF byggjer politikken sin på det kristne verdigrunnlaget.
Det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret skal vera hjørnesteinar i alt vårt samfunnsbyggande arbeid. Utifrå desse grunnleggjande verdiane vil Balestrand KrF gå inn for:
Utifrå desse retningslinene vil KrF arbeida for ei trygg og positiv utvikling innan alle delar av kommunen.
UNDERVISNING OG OPPSEDING:
I pakt med grunnsynet til KrF vil ein gå inn for:
HEIMANE, HELSE OG SOSIALPOLITIKK
Gode og trygge heimar er den beste garanti for at samfunnet kan verte godt.
KrF. vil:
KYRKJE OG KRISTENLIV
Kyrkja er ein viktig del av samfunnet, både som trussamfunn og som kulturberar.
KrF vil gå inn for:
KUNST OG KULTUR:
Bygdene våre har ein rik kulturarv som må takast vare på.
KrF. vil:
SAMFERDSLE:
Det må vere eit mål å ha gode kommunikasjonstilbod i kommunen.
KrF. vil gå inn for:
NÆRINGSLIV
Kommunen må organisere si verksemd på ein slik måte at ein sikrar effektiv og rasjonell bruk av dei samla ressursane kommunen rår over.
KrF vil:
NATUR OG MILJØ
Naturvern er vern om livet no og i framtida.
KrF vil:
Det er nye reglar for retting på stemmesetlane.
Du kan gje personstemme til ein eller fleire av kandidatane ved å setje eit kryss i ruta ved kandidatane sitt namn. Også dei med utheva skrift.
Dei "kumulerte" kandidatane er ikkje førde opp to gonger, men står med utheva skrift. Dei får 25% stemmetillegg, mot før 100%.
Du har ikkje høve til å stryka ut namn.
Du kan føre opp "slengere", d.v.s. gje personstemmer til kandidatar på andre partilister, men då reduserer du partilista du brukar tilsvarande.
Ikkje ver redd for å retta på stemmesetelen. Den vert ikkje forkasta om du gjer feil.
·
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7721. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.