Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Fylkestingsprogram 2003 - 2007

Senterpartiet · 1 391 ord

Senterpartiet i Sogn og Fjordane

Fylkestingsprogram 2003 - 2007

INNLEIING

Gode veljar.

Gjennom fylkestingsprogrammet ønskjer vi å gje deg svar på korleis Senterpartiet vil løyse dei utfordringane vi står overfor her i Sogn og Fjordane. Vi ønskjer å sette deg som innbyggar i sentrum og har difor bygd opp programmet med tanke på at du enkelt skal kunne finne dei område som er viktige for deg.

Senterpartiet meiner ikkje at fylkeskommunen er noko mål i seg sjølv, men ein viktig reiskap for deg til å kunne påverke utviklinga på viktige områder i samfunnet vårt. Senterpartiet ønskjer difor at mange oppgåver vert lagd til det folkevalde nivået, og at fylkeskommunen kan virke som ein motor for ei god framtid i fylket vårt.

Lukke til med lesinga.

PRIORITERTE OPPGÅVER 2003 - 2007:

LOKALT EIGARSKAP

Senterpartiet vil oppretthalde arbeidsplassar i Sogn og Fjordane ved å sikre lokalt eigarskap. Derfor vil Senterpartiet at fylkeskommunen går inn med betydelege midlar i utviklingsselskapet Fjordinvest a/s. Dette selskapet skal arbeide for å stille risikovilleg kapital til rådvelde for næringslivet. Vi vil gå inn for at det vert opparbeid ein eigen kapitalbase i selskapet som vert øyremerka nyetablering.

EIT FYLKE I UTVIKLING

Senterpartiet brenn for lokalsamfunn med livskraft og tru på framtida. Her er enorme ressursar om vi får høve til å nytte dei. Vi vil arbeide entusiastisk for eit fylke i utvikling. Senterpartiet har ei målsetjing om å løyve 3 millionar kroner årleg til utvikling av aktive kulturtilbod i kommunane i åra framover. Den første løyvinga er alt på plass i årets budsjett. Vi vil legge til rette for at innbyggjarane kan engasjere seg gjennom kulturaktivitetar og samfunnsliv.

EIT SPANANDE FYLKE

Senterpartiet vil gje deg som er ung større moglegheit for påverknad gjennom ungdomens kommunestyre og ungdomens fylkesting. Senterpartiet vil gå innfor årlege løyvingar på 1 million kroner til disposisjon for ungdomens fylkesting. Vi vil også arbeide for at elevar i vidaregåande skule får tilbod om opphald ved skular i utlandet i 3-6 månadar, som ein del av utdanninga si.

GRUNNSYN.

For at du skal vite kva vi legg til grunn for politikken vår har vi her teke med dei viktigaste punkta i vårt grunnsyn:

Senterpartiet vil at Noreg skal bygge si framtid på dei kristne grunnverdiane og humanistiske verdiar i pakt med desse, den nasjonale arven og eit levande folkestyre. Målet for Senterpartiet sin politikk er å skape ein fellesskap av frie, sjølvstendige menneske, der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp.

Viktige grunnpilarar vert difor:

ER DU ELEV ,LÆRLING ELLER STUDENT?

Senterpartiet meiner at satsing på utdanning er den mest framtidsretta investeringa vi kan gjere. Vi ynskjer at du skal få ei god utdanning i fylket der du får god rettleiing og individuell oppfølging, helst på ein skule i ditt nærmiljø ,uavhengig av fylkesgrense. Vi vil derfor lova deg å gå inn for desse punkta dei neste fire åra:

SIKRE AT DU KAN TA RETTE LINE-/ YRKESVAL VED Å:

SIKRE DEG INDIVIDUELL OPPLÆRING PÅ SKULEN VED AT:

SIKRE DEG EIT GODT MILJØ PÅ SKULEN OG I FRITIDA VED Å:

I TILLEGG VIL VI ARBEIDE FOR AT STORTINGET:

ER DU UNGDOM?

Ungdomen i fylket er ein viktig ressurs for samfunnet, og Senterpartiet vil legge til rette for at Sogn og Fjordane skal vere ein god plass for deg, som ungdom, å bu. Ungdom som flyttar ut av fylket skal sjå Sogn og Fjordane som ein attraktiv stad å flytte til, og dette vil vi oppnå gjennom å:

GJE DEG MOGLEGHEITER TIL EIT INTERESSANT ARBEID GJENNOM Å:

ER DU I ETABLERINGSFASA ?

Senterpartiet meinar at Sogn og Fjordane skal vere eit godt fylke å busette seg i. Det er eit mål at du som ynskjer å etablere bustad får høve til det der du vil bu.

Senterpartiet vil i neste periode jobbe for desse sakene:

GJERE DET LETTARE Å FÅ TOMTAR FOR BYGGING AV BUSTAD VED Å:

HA SOM MÅL AT ALLE SKAL HA TILGANG PÅ GOD INFRASTRUKTUR VED:

HAR DU BARN ?

Senterpartiet ynskjer at du som forelder skal ha moglegheit til å gje borna dine ein trygg og god oppvekst. Likeins vil vi leggje til rette for å gje dei ei god ballast for sitt framtidige liv.

Vi vil derfor lova deg å gå inn for desse punkta dei neste fire åra:

SIKRE EIT GODT OPPVEKSTMILJØ I SAMBAND MED SKULEGONGEN VED Å:

ARBEIDE FOR Å SIKRE GODT HELSETILBOD TIL BORNA DINE VED Å:

LEGGE TIL RETTE FOR AT BORNA DINE SKAL FÅ EI GOD OG FAGLEG UTVIKLING VED Å:

I TILLEGG VIL VI ARBEIDE FOR AT STORTINGET:

ER DU KULTURINTERESSERT ?

Kulturen er ein viktig trivselsfaktor i alle lokalsamfunn, og Senterpartiet vil arbeide for at Sogn og Fjordane framleis skal vere det beste kulturfylket i landet. Det skal vere ein kombinasjon av den profesjonelle kulturen, som ein til dømes finn i Sogn og Fjordane Teater, i Sogndal Fotball og i Opera Nordfjord, og den amatørbaserte kulturen ein finn gjennom til dømes lokale revyar, songkor og breiddeidrett.

Senterpartiet vil at du skal få eit betre kulturtilbod, og vi lovar å gå inn for desse punkta i dei komande fire åra:

STYRKE DET FRIVILLIGE ARBEIDET VED Å:

STYRKE VIKTIGE KULTURTILTAK VED Å:

ER DU ARBEIDSGJEVAR ELLER ARBEIDSTAKAR ?

Næringslivet er bærebjelken for at det skal bu folk i fylket vårt, og både eksisterande næringsliv og nyetableringar er like viktige. Senterpartiet meiner det er avgjerande at vi no klarar å snu trenden med utflagging av verksemder og nedlegging av arbeidsplassar, og vil difor lova deg å gå inn for følgjande punkt dei neste fire åra:

SIKRE DEN LOKALE EIGARSKAPEN I VERKSEMDENE I FYLKET GJENNOM:

SIKRE KOMPETANSEN I VERKSEMDENE VED Å:

LEGGE TILHØVA TIL RETTE FOR NYETABLERING AV VERKSEMDER VED Å:

SIKRE EIT MANGFALDIG OG LIVSKRAFTIG LANDBRUK MED FRAMTIDSVON VED Å ÅRBEIDE FOR:

SIKRE DEN STORE VERDISKAPINGA SOM FISKERI- OG HAVBRUKSNÆRINGA STÅR FOR VED Å ARBEIDE FOR:

SIKRE INDUSTRI OG TENESTEYTING I FYLKET GJENNOM Å:

ER DU OPPTEKEN AV ENERGIPOLITIKKEN ?

Sogn og Fjordane er eit energirikt fylke og Senterpartiet vil arbeide for at mest mogleg av desse ressursane kjem fylket og innbyggjarane her til gode. Vi vil arbeide hardt for at du som innbyggjar i eit av landet sitt største kraftfylke ikkje skal vere blant dei som først vert råka med fare for straumrasjonering og ekstra høge linekostnadar når det er tørrår og kaldt.

Senterpartiet vil i komande periode gå inn for:

SIKRE NOK KRAFT I EIGE FYLKE VED Å:

SIKRE EIN RETTFERDIG STRAUMPRIS VED Å:

SIKRE SIKKER STRAUMTILFØRSEL I HEILE FYLKET VED Å:

SIKRE AT VERDIANE SOM KRAFTVERKA UTGJER KJEM DEG SOM INNBYGGAR TIL GODE SKAL VERE:

ER DU OVER 60 ?

Senterpartiet er oppteken av å sikre deg ein trygg og aktiv alderdom. Som godt vaksen er du ein viktig ressurs i samfunnet. Den livserfaringa og den kunnskapen du har må vidareformidlast til dei yngre generasjonar

Senterpartiet vil derfor lova deg å gå inn for desse punkta dei neste fire åra:

VI VIL NYTTE DIN RESSURS SOM GODT VAKSEN VED Å:

SIKRE AT DU SKAL FÅ TA DEL I DEI GODER SAMFUNNET HAR Å BY PÅ VED Å:

SIKRE DEG EIN TRYGG ALDERDOM VED Å ARBEIDE FOR:

FRAMTIDA FOR SJUKEHUSA I SOGN OG FJORDANE.

Senterpartiet vil at du som innbyggjar i Sogn og Fjordane skal kjenna deg trygg på rask og god hjelp ved sjukdom. Vi vil vera pådrivarar for at fylkeskommunen framleis skal vere "vaktbikkje", og vil dei fire neste åra arbeide for:

OPPTEK SPØRSMÅLET OM EU-MEDLEMSKAP DEG ?

Senterpartiet vil stå i spissen for arbeidet for at Noreg og i framtida skal vere ein suveren nasjon og ikkje ein del av ein union. Dette vil vi gjere gjennom å:

FÅ ATTENDE RÅDERETTEN NOREG HAR MISTA SOM FØLGE AV EØS-AVTALEN GJENNOM Å:

SIKRE AT NOREG IKKJE VERT MEDLEM AV DEN EUROPEISKE UNION VED Å:

ER DU OPPTEKEN AV KOMMUNESTRUKTUR ?

Senterpartiet meinar at kommunane er grunnleggande for eit aktivt og levande folkestyre. Kommunane er nærast innbyggarane og har best føresetnad for å føre ein politikk som er tilmålt lokale tilhøve. Ein desentralisert kommunestruktur er eit viktig bidrag til spreiing av makt og innverknad i samfunnet.

Senterpartiet går i mot samanslåing av kommunar mot folkeviljen.

Vi vil ha meir fokus på lokale løysingar og lokale tilpassingar der kommunane i større grad kan utvikle sin eigen politikk. Dei beste løysingane på lokale utfordringar finst som regel lokalt.

Senterpartiet vil derfor arbeide for desse punkta dei neste fire åra:

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7716. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.