Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Møre og Romsdal Venstre fylkesvalprogram 2003 - 2007

Venstre · 3 780 ord

Møre og Romsdal Venstre fylkesvalprogram 2003 - 2007

Innleiing

Venstre er eit sosial- liberalt parti.

Det er i samspelet mellom einskildmennesket og fellesskapen ein kan utvikle eit godt samfunn. Samstundes som vi sikrar fridom for den einskilde, må vi ta ansvar for kvarandre. Vi har ansvar for at komande generasjonar skal ha eit godt livsmiljø. Å sikre rein jord, reint vatn og rein luft vil for Venstre ligge i botnen når politiske prioriteringar skal gjerast.

Det vil vere Venstre sitt mål å arbeide for å redusere einsemd og isolasjon og skape tryggleik i eit stadig meir krevjande samfunnsmiljø. Venstre vil halde fram kampen for likestilling for alle.

Nærings- og arbeidslivet og dei frivillige organisasjonane er viktige støttespelarar i kampen for eit betre miljø og ei betre ressursutnytting. Ny teknologi må takast i bruk både innanfor produksjonen og ved reinsing av utslepp. Dette vil gi stor miljøgevinst. Miljøteknologi og Enøk vil òg kunne gi fylket vårt mange varige arbeidsplassar.

Venstre ønskjer folkeleg engasjement og deltaking i demokratiet. Difor må avstanden mellom dei folkevalde og veljarane gjerast så liten som mogleg. Større openheit og betre informasjon er kampsaker for Venstre.

Venstre i Møre og Romsdal vil arbeide for ei berekraftig utvikling i heile fylket, og prioritere fellesskapsløysningar framfor særinteresser i ulike distrikt eller fogderi.

Fylkeskommunen

Venstre vil arbeide for å halde oppe eit regionalt folkevald nivå, og legg vekt på å vidareutvikle fylkeskommunen. Venstre vil ha ei gjennomgåing av arbeidsdelinga mellom staten, fylket og kommunane for å rasjonalisere og samordne administrative oppgåver. Venstre vil difor halde fram arbeidet med å gjere Møre og Romsdal til eit einskapsfylke der fylkesmannen og fylkeskommunen sine oppgåver vert samordna under folkevald styring.

Venstre vil verne om det lokale demokratiet og arbeide mot ei aukande byråkratioppbygging som alternativ til den folkevalde styringa. Fylkestinget må vitaliserast for å motivere til eit sterkare demokratisk engasjement. Arbeidsmåtar som flyttar den politiske prosessen inn bak stengde dører, vil Venstre gå imot.

Møre og Romsdal er eit godt fylke å bu i, og eit fylke som har rike ressursar å ta i bruk også i framtida. Venstre vil arbeide for at Møre og Romsdal skal halde fram å vere eitt fylke. Det er naturleg at Møre og Romsdal samarbeider med fylke både nord og sør for oss. Samarbeid mellom fylka i Vest- og Midt-Noreg er viktig for å motverke hovudstadsdominansen i den nasjonale politikken.

Venstre ynskjer at det skal bli høve til å få legge fast eige skatteøre innafor rimelege grenser

(+/- 0,5 %) til bruk for viktige fylkeskommunale investeringar.

Einskildmennesket må kunne utvikle og forme sitt eige liv gjennom arbeid og fritid.

Venstre vil støtte ein politikk som sikrar full sysselsetting og gir trygge økonomiske vilkår for den einskilde. Vidare vil vi arbeide for stabilitet i samband med det lokale tenestetilbodet gjennom å sikre ein god kommuneøkonomi.

Miljø og energi

Venstre vil satse på fornybare energikjelder som solenergi, bioenergi, varmepumper, minikraftverk og vindkraft. Ser vi på pris og potensiale, bør ein særleg satse på vindkraft og bioenergi. Venstre vil difor jobbe aktivt for best mogleg økonomiske rammevilkår for utbygging av desse, og for ein utbyggingsstrategi som gjer vindkraft og andre miljøvennlege energitiltak til viktige alternativ til større vasskraftutbygging. Miljøbelastninga må samla sett bli minst mogleg. Full utbygging av Smøla vindpark og realisering av den planlagde pelletsfabrikken på Averøy er viktig i denne samanhengen. Venstre vil at alle sektorar i fylkeskommunen og i kommunane skal legge omsynet til miljøet i botnen for all si planlegging og verksemd. Fylkeskommunen må stimulere til interkommunale tiltak for sikring av reint drikkevatn, avfallshandsaming og ressursgjenvinning (t.d. komposteringsanlegg for organisk avfall).

Venstre arbeider for at Noreg skal redusere CO2-utsleppa. Venstre vil satse på utvikling av teknologi som kan gje CO2-fri gasskraft. Venstre vil arbeide for regional næringsutvikling med moderne, miljøvennleg teknologi som utnyttar ilandføringa av gass frå Ormen Lange-feltet i Aukra og stimulerer til vidare utvikling på Tjeldbergodden.

Venstre vil arbeide for å minske forureininga frå offentleg verksemd, industri, landbruk og oppdrettsanlegg, - og å betre styringa og kontrollen med dette arbeidet.

Venstre vil ha ei sterkare satsing på ENØK-tiltak.

Vi ønskjer å styrke den lokale og regionale beredskapen i høve til oljeutslepp og radioaktive utslepp i samarbeid med sentrale instansar. Venstre vil særleg legge vekt på å arbeide mot transport av radioaktivt avfall langs kysten vår, og intensivere arbeidet mot britiske styresmakter for å få stansa utsleppa frå Sellafield-anlegget.

Vi ynskjer å auke satsinga på offentleg kommunikasjon, med betre busstilbod og sterkare prioritering av jernbanetilbodet.

Næringsliv

Fylkeskommunen si viktigaste oppgåve i framtida er å drive regionalt utviklingsarbeid. Her må fylkeskommunen samarbeide med kommunane om å legge til rette for næringsutvikling og attraktive bu- og arbeidsmiljø.

Byane, dei store tettstadane og dei omliggande kommunane har mykje å tene på å samarbeide om planleggingsoppgåver og tenesteproduksjon. Fylkeskommunen må leggje til rette for auka samarbeid, vere ein pådrivar for å løyse viktige utviklingsoppgåver og skape robuste bu- og arbeidsmarknadsområde.

Venstre vil arbeide for å skape nye arbeidsplassar. Det er viktig å møte utfordringane som kompetansesamfunnet stiller oss overfor, og også kunne tilby ungdom som tek høgare utdanning fleire arbeidsplassar slik at dei vender tilbake til fylket vårt.

Industrien

Venstre vil sikre og vidareutvikle næringslivet i heile fylket og legg særleg vekt på å skape gode rammevilkår for dei små og mellomstore verksemdene. Vi vil stimulere til nyskaping gjennom betre økonomiske støtteordningar (Såkorn-kapitalfond) til nyutvikling og forsking. Det å styrke utviklingsarbeidet er viktig i ei tid med store omskiftingar i næringslivet.

Venstre vil redusere skjemaveldet og gjere det enklare å drive eiga næringsverksemd.

Det er Venstre sitt mål at næringslivet i vårt fylke skal ha dei same økonomiske vilkåra som dei ein konkurrerer med i inn - og utland. Vi vil her syne særskilt til møbel- og verftsindustrien, som har sitt nasjonale tyngdepunkt i fylket vårt. Det er viktig at desse får gode arbeidsvilkår, slik at dei kan trygge busettinga i fylket.

Venstre vil vere ein aktiv medspelar slik at næringslivet kan få redusert dei vanskane som er knytte til produksjonsvilkår, som t.d. perifer plassering i høve til marknaden.

Venstre vil arbeide for ei sterk satsing innan IT og kompetanse, slik at bedriftene kan vere konkurransedyktige innan sitt felt.

Venstre vil gå vidare i arbeidet med å utvikle senter for moderne kommunikasjon og kompetanse rundt om i fylket, såkalla «næringshagar».

Venstre vil arbeide for tilskotsordningar og kompetanseoppbygging ute i distrikta. SND må stimulere til utvikling av nettverk mellom mindre bedrifter.

Møre og Romsdal Venstre vil at drifts- og basefunksjonane for nye produksjonsfelt på Midt- norsk sokkel vert lagde til Kristiansund. Dette vil gi næringslivet i Møre og Romsdal gode høve for leveransar til oljeindustrien. Gassilandføringa på Tjeldbergodden og i Aukra må utnyttast til etablering av ny industriverksemd i dess områda.

Leiteboring og utvinning av gass og olje på fiskebankane utanfor kysten vår, kan føre til interessemotsetnader. Venstre vil i ein slik situasjon vere sterkt oppteken av å ta vare på fiskeriinteressene og ressursane i havet.

Reiseliv og turisme

er ei stor vekstnæring i fylket. Venstre ser på reiseliv og turisme som viktige satsingsområde for distriktet også i et langsiktig perspektiv. Det er likevel eit uttrykt mål at vi i denne prosessen må ta vare på naturen og den lokale kulturen.

Dei nye destinasjonsselskapa organiserer reiselivet i Møre og Romsdal i store einingar. Venstre vil arbeide for at reiselivskommunane skal få betre fellestenester og meir effektiv organisering av felles arbeidsoppgåver.

Samtidig som Venstre vil verne natur- og livsmiljø, vil vi legge til rette for bruk av naturen som rekreasjonsplass i eit aktivt og stressande samfunn. Natur- og kulturturisme må vidareutviklast her i fylket, difor er det viktig at kulturlandskapet vert halde ved like.

Jordbruket

har gått sterkt attende i fylket i sysselsettingssamanheng. Det er likevel denne næringsvegen som vil vere den berande faktor for å bevare kulturlandskapet i fylket.

Næringa er òg avgjerande for korleis busettinga skal utvikle seg. Ei sterkare avskaling av bruk med aktiv drift, vil gjere det vanskeleg å halde oppe den spreidde busetnaden vi har i dag, og samstundes vil dette redusere graden av sjølvforsyning. Det er viktig å motivere landbruket til å ta nye verkemiddel i bruk for å halde opp sysselsettinga i distrikta, t.d. satsing på alternative inntektskjelder som turistnæring, småproduksjon og «grøn omsorg».

Vidare utvikling av eit økologisk jordbruk i vårt distrikt er viktig.

Møre og Romsdal Venstre vil arbeide for gode økonomiske vilkår tilpassa landbruket i vårt fylke. Det bør også innførast rekrutteringstiltak, t.d. ved generasjonsskifte og ved samdrift. Det må gjerast enklare å få til busetting på nedlagde gardsbruk.

Fiskerinæringa

Fiskerinæringa vil stå overfor store utfordringar når det gjeld tilpassing mellom fiskeflåten og ressurstilgangen. Venstre vil at næringa saman med forskarane skal styre uttaket, slik at det biologiske mangfaldet i havet kan førast vidare.

Fisken er ein nasjonal ressurs, og Venstre vil arbeide for rettferdig fordeling av kvotar mellom fiskarar frå ulike fylke. Vi må ha styringsreiskap som hindrar for stor tapping av kvoter og konsesjonar i enkelte distrikt og for sterk konsentrasjon i andre.

Venstre vil også vere ein pådrivar for at vi skal få ei betre og meir rettferdig ordning for utskifting av eldre fiskefarty. Dei som skal ha sitt arbeid på havet, skal ha god tryggleik og eit optimalt arbeidsmiljø i utøvinga av eit hardt yrke.

For å styrke rekrutteringa, vil Venstre arbeide for ei meir positiv fokusering på fiskerinæringa som arbeidsplass, og ei variert samansetning av fiskeflåten med omsyn til storleik og driftsform. Venstre går inn for at utdanningstilbodet i fiskerifag blir styrka.

Venstre er opptatt av at heile fisken blir utnytta optimalt. Fiskerinæringa må stimulerast til å utnytte biprodukt av fisken, og Venstre går inn for auka forsking på feltet.

Den framtidige organiseringa av rettleiingstenesta innan fiskeri må styrke fiskerimiljøet i fiskerikommunane. Fiskeriforvaltninga må vere representert med fiskerikontor i alle fiskerikommunar.

Havbruksnæringa

har gode naturforhold i Møre og Romsdal, og det er viktig at utviklinga skjer til beste for distrikta, og på ein måte som tek vare på miljøet langs kysten vår.

For å unngå sterkare sentralisering i næringa, og for å styrke de mindre aktørane, vil Venstre arbeide for at Møre og Romsdal får ein større del av konsesjonane i framtidige konsesjonsrundar.

Det er eit enormt vekstpotensial innafor denne næringa, spesielt innafor oppdrett av kvitfisk og skjel, og det er difor viktig at tilhøva er lagt til rette for god utvikling i åra som kjem, m.a. gjennom auka innsats innanfor forsking og utvikling.

Samferdsel

Eit godt utbygd vegnett er avgjerande for å vidareutvikle verdiskapinga i fylket vårt. Det er viktig at næringslivet i Møre og Romsdal vert mest mogleg likestilt med resten av landet når det gjeld utgifter til transport. Ferjetakstar og drivstoffavgifter må ikkje kome som ei stor ekstrabelastning. Venstre vil arbeide for reduserte prisar på riksvegferjene.

Venstre vil arbeide for samferdselstiltak som dekkjer samfunnet og næringslivet sine transportbehov på ein effektiv, trafikksikker og miljøvennleg måte. Kollektivtransporten må

brukast som verkemiddel for å sikre busettinga i heile fylket og for utviklinga av regionssenter. Vi meiner at fylkesvegnettet og riksvegsnettet må sjåast meir samla.

Vi må konsentrere innsatsen om utbetring og opprusting av basisvegnettet, og om å få realisert dei lokale opprustingsprosjekta. Det må arbeidast aktivt for å få lagt fast dekke på alle fylkes- og riksvegar som har grusdekke, og rehabilitere fylkesvegbruene som i dag verkar som «proppar» i transport- og samferdselssystema våre.

Samferdsla i Møre og Romsdal er avhengig av ferjer. Difor er det viktig at ferjeflåten kan fornyast og har kapasitet til å løyse oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte både med omsyn til frekvens og tryggleik, særleg er det viktig å utvide tilbodet med nattferjer.

Venstre stør i prinsippet tanken om bruk av bompengar til å løyse mange av våre store og ressurskrevjande prosjekt. Støtte til desse prosjekta må vurderast i høve til den samfunnsmessige nytta vi får av dei aktuelle prosjekta. Venstre vil at ferjesubsidiar skal kunne brukast som ein del av finansieringa ved ferjeavløysingsprosjekt, og vil arbeide for tenlege retningsliner som gjer det mogleg med snarleg realisering av prosjekt som Nordøyvegen, Imarsundsambandet og Atlanterhavstunnelen.

Venstre vil vurdere nye samferdselsprosjekt ut i frå deira konsekvensar for miljø, trafikktryggleik og næringsliv. Det må skaffast midlar til å gjennomføre fylket sin vegplan innafor den vedtekne 4- års perioden. Betring av trafikktilhøva på innfartsvegane til byane må ha høg prioritet. Venstre vil i samferdselspolitikken legge stor vekt på trafikktrygging gjennom auka løyving til rassikring, bygging av gang- og sykkelstiar og meir fleksibel bruk av fartsgrensene som ein lekk i trafikktryggingsarbeidet.

Venstre vil arbeide for ei styrking av flyrute- og hurtigbåttilbodet i fylket. Det vil også vere viktig å få betre flykommunikasjonar mellom Sør Trøndelag og Møre og Romsdal.

Venstre vil oppretthalde og vidareutvikle alle flyplassane i fylket. Venstre vil stimulere til oppretting av direkte flyruter til sentrale stader i Europa.

Helikopterbasen i Kristiansund må byggast ut for å styrke Møre og Romsdal sin posisjon som oljefylke.

Venstre vil arbeide for realiseringa av Stadt skipstunnel.

Venstre vil arbeide for at Ålesund som nasjonalhamn vert vidare utvikla og at Kristiansund får status om regionalhamn.

Raumabanen må styrkast og vidareutviklast.

Helse- og sosialteneste

Venstre vil arbeide for å halde oppe sjukehusstrukturen i fylket vårt. Sjølv om staten har tatt over drifta av sjukehusa, meiner Venstre det er viktig at det politiske arbeidet for å halde på hovudstrukturen med fire sjukehus, held fram på fylkesplan. Venstre vil arbeide for størst mogleg openheit i samband med helseføretaka.

Psykiatriomsorga stiller oss overfor store utfordringar. Vi må stimulere til oppdatering av kunnskap i kommunane, og til samarbeid mellom 1. og 2. linetenesta. Det knyter seg særleg store utfordringar til blandinga av rusmiddelskadar og psykiatriske lidingar.

Rehabiliterings- og habiliteringstenesta er ein viktig del av helsetilbodet i vårt fylke. Det er viktig at personar som er fødde med funksjonshemming eller er blitt sterkt funksjonshemma, eller som har vore gjennom ei kritisk fase i livet, t.d. trafikkskadde, slagpasientar m.m., kan få god fagleg hjelp til å få ein mest mogleg normal livssituasjon.

Venstre vil leggje tilrette for miljøretta tiltak innanfor barne- og ungdomsarbeid. Det må setjast fokus på rusførebyggjande arbeid. Dette er også kriminalitetsførebyggjande. Det er viktig at unge får tileigna seg kunnskap og haldningar om rus og kriminalitet. Dermed vil dei unge kunne stå betre rusta til å ta eigne bevisste val i høve til rusmiddelbruk. Venstre går inn for ein restriktiv alkoholpolitikk. Venstre vil arbeide for at det blir etablert regionale samarbeidsorgan for å redusere rusmisbruk og vald.

Venstre vil arbeide for ei rettferdig ressursfordeling i samfunnet. Vi vil betre tilhøva for funksjonshemma og dei som er dårlegast økonomisk stilt.

Oppvekst- og levevilkåra for born og ungdom må leggast til rette på ein slik måte at barnefamiliane får ein økonomisk trygg og sosialt god livssituasjon.

Her har barnehagane ein viktig funksjon som eit pedagogisk supplement til familieomsorga, også for vanskelegstilte barn.

Møre og Romsdal Venstre meiner det er naudsynt å fortsette barnehageutbygginga for å oppnå full behovsdekning ut frå lokale behov. Venstre vil arbeide for å styrke barnehagane sin kvalitet og det pedagogiske innhaldet.

Barnevernet på kommune- og fylkesplan må alltid ha høg prioritet. Fylkeskommunen må stimulere kommunane til å samarbeide om barnevernet og etablere ei felles barnevernsvakt. Det er viktig å halde oppe og utvikle eit godt offentleg servicetilbod med gode økonomiske og menneskelege ressursar, for å kunne gi gode tilbod til utsette barnefamiliar så tidleg som mogleg. Barnehagane vil være ein god reiskap for barnevernet.

Familievernet har òg ein stor og viktig funksjon inn mot problemekteskap og barn i krise. Det er difor viktig at desse kontora har gode nok økonomiske vilkår som gjer dei i stand til å setje i verk førebyggjande tiltak og gi råd til foreldre, barn og andre i ein krisesituasjon.

Venstre vil halde oppe ei desentralisert tannhelseteneste i fylket.

Frivillige humanitære organisasjonar og interesseorganisasjonar gjer eit stort og viktig arbeid på fleire område i helse- og sosialomsorga i fylket. Venstre vil vere med å gje desse økonomiske tilskot som gjer dei i stand til å føre dette arbeidet vidare, og i den grad det er naudsynt, gi stønad gjennom menneskelege ressursar for organisasjonsarbeid.

Utdanning

Målsettinga for Venstre i komande fireårsperiode er å styrke den offentlege skulen slik at han kan gi eit likeverdig opplæringstilbod til alle elevar ut frå deira føresetnader. Dette inneber og at elevar med funksjonshemming skal vere sikra eit fullverdig tilbod både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Elevar med framandspråkleg bakgrunn må òg få naudsynt støtte, slik at også desse får eit likeverdig tilbod. Både dei som har fått asyl i Noreg og dei som er asylsøkjarar, må få opplæring i norsk språk og kultur straks dei kjem til landet

Læringsmiljøet må vere prega av faglege utfordringar. Tryggleik, rettleiing og ansvarskjensle, evne til omsorg , samarbeid og kreativitet skal verdsetjast høgt i tillegg til fagleg dugleik. Skulane må sette større fokus på samfunnsengasjement og kulturaktivitetar for å utvikle dei unge til gode samfunnsborgarar som blir engasjerte og som ser utfordringane i å ta ansvar.

Venstre vil arbeide for at det vert eit auka samarbeid mellom grunnskule og vidaregåande skule. Det må vidare utviklast eit betre samspel mellom grunn- og vidaregåande skule, høgskulane og næringslivet. Det er viktig å styrke dette samarbeidet for at dei unge skal kunne få eit yrke i sitt eige lokalmiljø eller sin region.

Venstre vil arbeide for eit desentralisert tilbod innafor vidaregåande opplæring, og ønskjer ikkje satsing på store skuleeiningar over 1000 elevar. Venstre vil prioritere midlar til opprusting av skolebygg i fylket. Søkjartal frå år til år skal ikkje vere avgjerande for dimensjoneringa av tilboda. Skuleverket må få ei meir langsiktig planlegging som tek både distriktsmessige, næringsmessige og faglege omsyn.

Venstre vil arbeide for fleire lærlingeplassar, og for å gjere det enklare og økonomisk gunstigare både for det offentlege og det private å gi dette tilbodet.

Det må stillast høge krav til undervisninga i skulen, og lærarane må få tilbod om naudsynt etterutdanning for å halde seg kvalifiserte i faga sine. Rådgjevarfunksjonen må styrkast.

Venstre vil arbeide for at høgskulane i fylket skal gå saman under felles leiing i eit "Møreuniversitet".

Samspelet med andre forskingsmiljø og med det lokale næringslivet er viktig. Venstre meiner det må vere eit realistisk mål å kunne gi dei fleste av ungdomane våre eit høgskuletilbod i vårt fylke.

Høgskuletilbodet må utviklast på Nordmøre, i samarbeid med dei etablerte høgskulane.

Venstre meiner det er viktig å setje i verk tiltak for å betre situasjonen for studentar/ etableringsgenerasjonen både i høve til studiefinansiering og bustadspørsmål. Det bør etablerast ordningar med studentrabatt på all kollektivtransport

Fritid og kultur

Kulturpolitikken skal femne om grunnleggjande verdiar i samfunnet.

Venstre vil arbeide for å styrkje kultursektoren i fylket, og vidareutvikle fylket sitt kulturfond. Kulturfondet er ein viktig reiskap i utviklingsarbeidet og vil gje større fleksibilitet i samband med gjennomføringa av viktige oppgåver på kulturfeltet.

Venstre vil arbeide for at alle barn som veks opp i Møre og Romsdal skal få "Den kulturelle skulesekken". Venstre vil utvide denne kulturformidlingsordninga til også å gjelde barnehage og vidaregåande skule. For Venstre er det viktig å gjere skulen i stand til å oppfylle dei kulturelle måla i læreplanane og styrke den kulturelle dimensjonen i skulen. Både møtet med den lokale kulturen og originale verk av nasjonal og internasjonal karakter, er avgjerande for elevane si vekst og utvikling som menneske. Den kulturelle skulesekken må innehalde både profesjonelle kunstopplevingar, høve til eigenaktivitet, fysisk utfalding og lokalkultur.

Venstre vil arbeide for å etablere eit senter for kulturformidling ved Høgskulen i Volda.

Venstre vil arbeide for vidare utvikling av kulturskulane og eit regionalt samarbeid som kan styrke desse. Venstre vil støtte utviklinga av eit symfoniorkester i Møre og Romsdal der delstillingar i kulturskulane kan kombinerast med utøvande verksemd i orkesteret.

Venstre vil legge stor vekt på omstillingsarbeidet som er starta i samband med arkiv, bibliotek og museum. Vi vil prioritere midlar til investeringar på dette feltet og arbeide for auka statlege løyvingar - slik føresetnaden var i stortingsmelding 22 (1999 - 2000). Informasjonsteknologien stiller nye krav, men opnar også store mulegheiter for lagring og bearbeiding av informasjon. Venstre vil satse på oppbygging av ein database for Møre og Romsdal og eit rikhaldig nettbasert fylkesarkiv.

Venstre vil ha ein offensiv for å styrke kystkulturen og legg vekt på både formidlingsarbeidet og på å betre vernet av kystkulturminna. I samband med avbemanninga av fyr, vil Venstre arbeide for ein handlingsplan for vedlikehald og alternativ bruk av fyr.

Venstre vil byggje vidare på dei gode tradisjonane som finst i fylket vårt når det gjeld samarbeidet mellom profesjonelle og amatørar. Vi vil satse på utviklinga av Operaen i Kristiansund som nasjonalt senter for distriktsopera.

Det offentlege må legge til rette for ei aktiv idretts- og kultursatsing særleg i høve til å støtte organisasjonar og lag i deira arbeid i lokalmiljøet. Vi må syte for kulturarenaer både for profesjonelle og amatørar ute i distrikta. Festivalane og dei mange lokalhistoriske spela, er gode modellar for utvikling av nye lokale kulturaktivitetar. Venstre vil legge til rette for det lokale musikk- og teaterlivet. Venstre ser det som særs viktig at kulturelle «fyrtårn» utanfor bysentra kan sikrast økonomisk plattform for å kunne utviklast vidare.

Venstre vil arbeide for utflytting av statlege arbeidsplassar til distrikta og går inn for å flytte administrasjonen av Norsk kulturråd til Kristiansund.

Vi vil arbeide for at ein ny norsk teaterhøgskule med hovudvekt på nynorsk og dialektar vert lagt til fylket vårt.

Venstre vil satse på oppbygginga av eit kunstmuseum i Ålesund, og vil gå inn for å utvikle eit tyngdepunkt for kunst, arkitektur, form og design i Møre og Romsdal.

Venstre meiner at media har ein viktig plass i kulturformidlinga. Vi vil difor støtte nettverket av lokale småkinoar på bygdene, lokal-TV og nærradioar.

Venstre meiner det er heilt grunnleggjande å satse på frivillig innsats, og at det offentlege stimulerer til dette. Det er viktig å støtte idretts- og kulturaktivitetar som førebyggjande helsearbeid med ein brei folkeleg profil. Allsidige tilbod til barn og unge i nærmiljøet må prioriterast.

Næringslivet kan vere ein viktig aktør i høve til utvikling av eit positivt lokalt kulturmiljø. Her må fylkeskommunen vere både støttespelar og pådrivar gjennom løyvingar til utbygging av lokale, regionale og nasjonale opplevingsprosjekt.

Internasjonal solidaritet og møte med nye kulturar

Venstre ser på arbeidet for internasjonal solidaritet og støtte som eit viktig satsingsområde.

Vi har ansvar for å sjå ut over eigne fylkes- og landsgrenser for å gje økonomisk og moralsk støtte til undertrykte og vanskelegstilte i andre land. Dette gjeld i dag både økonomisk støtte for å avhjelpe svolt og naud, og støtte i arbeidet for demokratiutvikling .

Vårt møte med nye og ukjende kulturar må bygge på respekten for menneskeverdet. Flyktningane våre må få høve til å tilpasse seg samfunnet vårt utan å måtte gi opp sine eigne kulturverdiar og sin eigen identitet. Kommunane i Møre og Romsdal må setjast i stand til å takle ansvaret for å hjelpe til med å gje flyktningane i vårt fylke gode levekår.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7711. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.