Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Valprogram 2003 - 2007

Venstre · 2 563 ord

Sogn og Fjordane Venstre

Valprogram 2003 - 2007

VENSTRE SIN STÅSTAD- MENNESKET I SENTRUM

Fridom for den einskilde og ansvar for kvarandre er grunntanken i Venstre sin sosialliberale politikk. Det ideologiske grunnsynet vårt er tufta på demokratiet som styreform, med vekt på desentralisering, deltaking og ansvar.

Dei kristne og humanistiske verdiane og respekten for den einskilde sitt livssyn er rotfeste i vårt politiske arbeid. Høve til livsutfalding etter eigne evner og interesser er eit grunnleggjande prinsipp for Venstre.

Menneska er likeverdige, men ikkje like. Eit styringssystem som sikrar ansvar for fellesskapet gjennom aktiv deltaking, er sjølvsagt for eit reformparti som Venstre. Lokalt sjølvstyre skal vere kjernen i det norske demokratiet.

Vi har ansvar for å forvalte miljøet slik at vi sikrar komande generasjonar rein jord, reint vatn og rein luft. Dersom miljøet vert øydelagt eller sterkt redusert, vert sosialliberalismen sine grunnleggjande prinsipp om individuell fridom og livsutfalding uoppnåeleg.

Lokal Agenda 21 og prosessane denne legg opp til, er ein viktig reiskap for å nå Venstre sin miljøpolitikk.

FYLKESKOMMUNEN

Venstre ser det som viktig for utbygginga av det norske demokratiet at ein har tre forvaltingsnivå. Fylkeskommunen er viktig for å utvikle det regionale demokratiet og ein regionalpolitikk som innbyggjarane i fylket er tent med. Venstre går inn for eit forpliktande Vestlandssamarbeid, men dette må ikkje bli eit fjerde forvaltingsnivå og det må heller ikkje svekke fylkestinget som styringsorgan.

Fylkeskommunen yter viktige velferdstenester til innbyggjarane innan vidaregåande opplæring, kultur, samferdsle og helse- og sosialtenester. Fylkeskommunen skal og ivareta rolla som regional utviklingsaktør. For å få dette til må fylkeskommunen få rammevilkår som gjer han i stand til å vere ein aktiv medspelar overfor kommunane, næringslivet, statlege etatar m.v. i å skape utvikling i fylket t.d. gjennom partnarskap med kommunar og næringsliv.

Venstre vil at fylkeskommunen skal få større rom for lokale prioriteringar. Dette krev at staten ser på fylkeskommunen som noko meir enn berre ein effektiv iverksetjar av statlege mål og vedtak.

Fylkeskommunen sine inntekter er styrt av staten. Lokal beskatningsrett er eit viktig element i eit lokalt folkestyre. Venstre vil difor gå inn for at fylkeskommunen må kunne fastsetje skattøre innafor eit intervall på eitt prosentpoeng.

Venstre ønskjer å styrkje folkestyret ved opnare avgjerdsprosessar som kan stimulere til auka deltaking og engasjement. I fylkestinget vil Venstre prøve ut ei ordning med spørjetime der einskildmenneske eller representantar for frivillige organisasjonar kan nå fram til fylkespolitikarane.

Venstre går mot at heiltidspolitikarar skal overta for fritidspolitikarar.

VENSTRE VIL:

· MILJØ-ENERGI

Venstre byggjer politikken sin på eit økologisk heilskapssyn på natur, menneske og samfunn. Dei økologiske omsyna må vere overordna kortsiktige økonomiske interesser. Bruken av ikkje fornybare naturressursar må reduserast for å få til ei berekraftig utvikling. Dette vil og vere med å minske ureininga av naturen.

Kvar og ein har ansvar for å få slutt på lokal ureining. Urørd natur har verdi i seg sjølv, og dette må det leggjast stor vekt på i vurdering av m.a. vasskraftutbygging.

Venstre sin miljøpolitikk er tufta på forvaltartanken. Naturen må ikkje utnyttast utover tolegrensa. Fornuftig forvaltning er ein føresetnad for å sikre valfridom for komande generasjonar.

For Venstre skal natur- og miljøvern vere ein integrert del av samfunnsplanlegging og -utvikling. Miljøproblem har ofte konsekvensar utover kommunegrensene og difor vert ulike fylkesplanarbeid viktige for å sikre miljøomsyn.

Fylkeskommunen må ha som ambisjon å vere ein pådrivar i miljøspørsmål. Plan- og bygningslova må i større grad nyttast for å sikre folkevald styring med planarbeid.

Venstre vil:

· NÆRINGSLIV OG SYSSELSETJING

Venstre ser det som viktig å føre ein politikk som gjer at folk framleis ønskjer å bu og virke i Sogn og Fjordane. Viktige ressursar innan landbruk, fiskeri, reiseliv, vasskraft, olje og gass ligg i distrikta og i fylket vårt. Desse ressursane er avgjerande for verdiskaping og velferd for heile landet. Sogn og Fjordane bidreg med verdiskaping til det norske samfunnet som tilsvarer fleire gonger folketalet vårt. Eit variert næringsgrunnlag, desentralisert utdanningstilbod, helsetilbod og gode kommunikasjonar er avgjerande for å kunne utnytte desse ressursane på ein økonomisk forsvarleg måte. Fylket har i dag byar og tettstader som i lag med omlandet sitt fungerer som gode arbeids- og buområde. Venstre ser det som viktig å utvikle desse vidare, og vil kjempe aktivt for lokalisering av nye statlege arbeidsplassar til fylket. Vi vil leggje tilhøva til rette for etablering av ny næringsverksemd gjennom areal- og samferdsletiltak.

Dei fleste nye arbeidsplassar vil i framtida verte skapte i små- og mellomstore verksemder. Nyetablerarar og småverksemder må få gode nok vilkår til å oppretthalde sysselsetjinga og verdiskapinga. Venstre vil difor arbeide for tilskotsordningar tilpassa slike verksemder sin trong, og innføre eit "flatare" skattesystem slik at det skal lønne seg å arbeide, investere og skape verdiar. Venstre trur på det skapande menneske. Jobbskaparar og idemakarar må synast tillit og ikkje hindrast gjennom unødig byråkrati og skjemavelde.

Fylkeskommunen har fått ei ny rolle som pådrivar for regional utvikling. Venstre vil i fylkestinget sjå etter at fylkeskommunen føl opp dette i praksis. Dette handlar om forvaltning av tilskots- og utviklingsmidlar, og korleis fylkeskommunen opptrer sjølv som kjøpar av varer og tenester. Anbod og prisførespurnader på fylkeskommunale vare- og tenestekjøp må innrettast slik at verksemder i Sogn og Fjordane har reelt høve til å konkurrere med verksemder utanfrå.

Nettkapasitet og breiband er i dag ein viktig føresetnad for å kunne fungere som distriktslokalisert verksemd. Fylkeskommunen skal vere pådrivar for utbygging av breiband i Sogn og Fjordane. Dette kan i praksis skje gjennom medviten bruk av regionale utviklingsmidlar sett i samanheng med fylkeskommunale tenestekjøp på IKT og nettsamband til skular og andre fylkeskommunale verksemder.

Venstre ønskjer framleis ei satsing på næringshagar i kommunane. Her kan dei som vil etablere og drive eiga næringsverksemd, finne eit fagmiljø og eit sosialt miljø. Venstre vil i fylkestinget gå inn for å oppretthalde ordningane med tilskot til næringshagar og omstillingskommunar, og arbeide for å auke desse løyvingane slik at vi får etablert fleire næringshagar i kommunane våre. Ordninga med distriktsaktiv skule må vidareutviklast for å skape ein betre lokal etablerarkultur i Sogn og Fjordane Det må vere eit samarbeid mellom vidaregåande skule og næringsliv når det gjeld praktisk gjennomføring.

VENSTRE VIL:

· LANDBRUK

Venstre si landsdekkjande målsetjing for landbruket slår fast at vi ønskjer å halde oppe eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur og allsidig drift både av beredskapsomsyn og av omsyn til busetnad og levande bygder. Dette krev handlingsrom for ein nasjonal landbrukspolitikk i WTO og andre internasjonale avtaler.

Landbruk og forvalting av jord- og andre naturressursar krev langsiktig tenking. Vern om dyrka og dyrkbar jord til komande ætter må difor stå sterkt i utbyggingssaker for t.d. bygningar og vegar. Fylkespolitikarane har her ei oppgåve i å sjå samarbeid over kommunegrensene.

Landbruket sine kår vert fastlagt av politikken på riksplan og i landbruksorganisasjonane sine forhandlingar med staten. I 2002 fekk Sogn og Fjordane i samarbeid med Fylkesmannen utarbeidd ein fylkesdelplan for landbruket. Venstre vil arbeide for å realisere denne planen best mogleg. Hovudmålet om livskraftige bygder i heile Sogn og Fjordane krev at vi må satse på ein heilskapleg bygdepolitikk med variert næringsliv og eit godt bumiljø som viktige faktorar. Venstre ser med stor uro på sentraliseringa av nøkkelfunksjonar i høve foredling og produksjon med grunnlag i primærproduksjon i og rundt fylket. Mellom anna vil Venstre arbeide for at ein og skal kunne drive småskalaslakting lokalt. Grunnane til dette er at det vil styrkje busetnaden, vere samfunnsøkonomisk lønsamt, gi miljøvinst og betre dyrevelferd.

Sogn og Fjordane har store område med høgproduktiv lauvskog som i dag ikkje vert utnytta. Venstre vil difor leggje til rette for lokale initiativ som vil utnytte denne ressursen i produksjon av bioenergi t.d. som pellet.

VENSTRE VIL:

· FISKE

Fiskerinæringa er fundamentet for busetjinga og sysselsetjinga på kysten. Den havgåande flåten, kystflåten, oppdrettsnæringa og fiskeindustrien er til saman grunnpilarar i kystsamfunna. Venstre vil ha ein fiskareigd flåte som sikrar at fiskeflåten blir spreidd langs kysten. Venstre vil ikkje ha større eigarkonsentrasjonar i få fiskeriselskap. Venstre vil åtvare mot eit kvotesystem som hindrar nyrekruttering til næringa.

Arbeidsplassar på fiskebåt må likestillast med arbeidsplassar innan sjøfart og arbeidsplassar på land med omsyn til skattlegging, offentleg støtte og finansieringsordninga.

Utdanning og utvikling av lærlingordninga kan vere med på å sikre rekruttering til fiskerinæringa.

VENSTRE VIL:

· SAMFERDSLE

Venstre vil knyte fylket betre saman gjennom utbygging av stamveg- og riksvegnettet. Det må satsast meir på rassikring, og Venstre vil arbeide for å få auka dei statlege løyvingane til fylket til vegvedlikehald, rassikring og vegbygging. Venstre vil i fylkestinget setje av midlar til nye fylkesveganlegg. Transportlinene både på sjø og land må vere raske og effektive slik at næringslivet sine transportbehov vert dekka, og folk si daglege pendling til og frå arbeid fungerer. I tida framover vil det vere svært viktig å ha sterk fylkeskommunalt fokus på å oppretthalde og utvikle både flyplassar og flytilbod i fylket. Den lokale ruteferdsla skal gje innbyggjarane tilbod om rutesamband til eige kommunesenter og regionale senter i fylket. Det er viktig å finna fram til ruteopplegg som stettar trongen for brukarane og samstundes gjev god transportøkonomi

VENSTRE VIL:

· UTDANNING - KUNNSKAP OG VERDIAR

Venstre har som mål å gje den enkelte ungdom og vaksne ei best mogeleg opplæring etter interesser, evner og anlegg. Venstre ynskjer eit sterkt offentleg skuleverk med private skular og folkehøgskular som verdfulle supplement. Det er eit mål for Venstre at alle skal få eit studietilbod slik at dei kan bu heime lengst råd.

Det er viktig å halda oppe eit desentralisert og heilskapleg skuletilbod i fylket. For å greie å gi den enkelte eit best mogleg og likeverdig fagtilbod er det naudsynt å sjå alle skulane i ein region i samanheng. Dette inneber eit forpliktande samarbeid skulane i mellom. Kvar skule må få vidareutvikle eigen identitet og dei fagområda dei er sterke. Dette er viktig også for å få sterke fagmiljø og utnytte dei økonomiske ressursane betre.

Regioninndeling må ikkje hindra at vi ser fylket som ein heilskap. Nokre fag- og studietilbod vil vere så dyre og smale at dei må vere fylkesdekkjande.

Venstre ønskjer at pedagogikken i større grad skal tilpassast den enkelte elev sine interesser. Eleven måta ansvar for eiga læring. Skulane må bli stimulert til å drive utviklingsarbeid. Det må innførast eit system for skulevurdering. Skulane må få større fridom innafor gitte rammer til å utvikleg seg.

For Venstre er det sjølvsagt at skulen er til for den enkelte elev og hans ønskje for framtidig utdanning og yrke. Ein må også ta omsyn til den kompetansen og fagutdanninga som arbeidslivet vårt krev. Her må ein hugse på at dei fleste arbeidsplassane som ungdommen vår skal arbeide i gjennom sin yrkesaktive karriere enda ikkje er skapte. Derfor er det viktig å bygge opp ein sterk kompetanse på eit breitt felt.

Fylket har eit skrikande behov for investeringar til rehabilitering og nye skulebygg. Venstre vil prioritere rehabilitering så lenge dei økonomiske rammene er tronge.

VENSTRE VIL:

· HELSE OG SOSIALPOLITIKK - VELFERD FOR ALLE

Velferdspolitikk er eit område der trongen for fellesskapsløysingar er stor. Venstre sitt utgangspunkt er at velferdsstaten aldri fullt ut kan erstatta det personlege ansvaret me som einskildmenneske har for oss sjølve og medmenneska våre.

Helsevern og sosial omsorg må leggjast til rette slik at alle som treng det, kan kjenna seg trygge på å få hjelp, same kvar i fylket dei bur. I eit avgrensa omfang kan private helsetilbod vere eit tillegg til dei offentlege helsetenestene. Men private tilbod må ikkje svekkje den offentlege helsetenesta for kronisk sjuke og dei svake i samfunnet. Det må leggjast stor vekt på førebyggande arbeid og helseopplysning. Folk må oppmuntrast til aktivt å ta vare på si eiga helse. Venstre ynskjer ei desentralisert helse- og sosialteneste så langt kvalitative og økonomiske føresetnader gjer det mogeleg. Sogn og Fjordane har ein sprett busetnad med få innbyggjarar som er ei stor utfordring for helsetenesta. Fleire små sjukehuseiningar og eit relativt lite sentralsjukehus gjer at tenestene vert dyrare enn forventa. Sogn og Fjordane må difor få tilført meir midlar pr. innbyggjar samanlikna med dei andre føretaka i Helse Vest. Funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i fylket må organiserast slik at ein får mest mogeleg levedyktige sjukehus og ei rettferdig geografisk fordeling av tenestene. Tilbod til eldre og kronisk sjuke og psykiatriske tenester skal gjevast nærast mogeleg brukarane.

Ein må ta vare på sentralsjukehusfunksjonane og styrke dei spesialiserte tenestene for å møte dei medisinske utfordringane og faglege krav som sjukehuseigar og befolkninga set. Sentralsjukehuset må få realisert den planlagde utvidinga for å ivareta tilbodet innan spesialisthelsetenesta dei komande åra. Etablering av mammografiscreeningprogrammet er eit døme på at Sogn og Fjordane greier å kome i møte faglege utfordringar dersom ein prioriterer rett. Ein må vere i forkant av utviklinga for å nå desse måla. Helsetenestene skal elles utformast i tråd med nasjonale føringar og lovverk. Venstre vil ha ei desentralisert fødeteneste med god kvalitet der alle fødande kan kjenne seg trygge. Reine fødestover høver best for byar og sentrale strøk der avstanden til næraste sjukehus med fødeavdeling er liten.

Skeivfordelinga av statleg overføring til dei regionale føretake må avviklast snarast slik at Helse Vest får det ein har rett på. Føretaka under Helse Vest må ha mest mogleg sjølvstyre for å ivareta dei lokale interessene. Haukeland sjukehus må styrkjast som regionsjukehus på Vestlandet. Venstre vil gå inn for at Sogn og Fjordane skal få tildelt regionale oppgåver, styrke forsking og universitetsfunksjonane i samarbeid med Universitetet i Bergen. Venstre vil arbeide for å auke dei nasjonale overføringane til helsetenestene og tilføre psykiatrien meir pengar for å halde den planlagde opptrappinga.

Venstre vil arbeide for opne styremøte i føretaka, og at alle prosessar i helsesektoren er open for debatt og innsyn. Dette er einaste vegen for å skape tillit og ei god teneste. Det lokale og regionale politiske miljø bør få større innverknad på utviklinga innan spesialisthelsetenesta. Helseføretaka er pålagt å ha eit godt samarbeid med den fylkeskommunale og kommunale helsetenesta og det politiske miljø og det politiske miljøet der politikarane si ombodsrolle er viktig.

Tannhelsetenesta er ei fylkeskommunal helseteneste og skal organiserast som i dag med administrasjon knytt til sentraladministrasjonen.

Hauglandssenteret er ein viktig del av rehabiliteringstilbodet på Vestlandet, og Venstre vil arbeida for ei vidare utvikling av Hauglandssenteret til eit statleg senter.

VENSTRE VIL:

· KULTUR

Venstre sitt overordna mål er å prioritera kulturpolitikken som ein viktig del av samfunnspolitikken og gjennom satsing på kult rarbeid skape livskraftige lokalmiljø. Venstre vil få fram samanhengen mellom kulturvern, miljø- og naturvern og utvikle eit kulturelt mangfald med røter i lokal tradisjon og nasjonale verdiar.

Ei berande kraft i samfunnet og lokalmiljøa er dei frivillige laga og organisasjonane og den innsatsen kvar og ein yter for fellesskapet. Frivillig innsats utgjer ein stor ressurs.

Sterk internasjonalisering gjer at vi må ta vare på kulturarven og kultur fellesskapet vårt. Ved å vere trygg på eigen kulturbakgrunn vert vi i stand til å møte ukjende og nye ting utan frykt og fordomar. Folk frå andre kulturar er ein ressurs som gjev oss impulsar til vidare vekst og samhandling.

Kulturformidling til born og unge må prioriterast. Gjennom utvikling av den kulturelle skulesekken skal alle born og unge i fylket m.a få tilbod om museumsbesøk, konsertar, teateropplevingar, møte forfattarar og oppleve visuelle kunstformer som dans og biletkunst. Skulane vert viktige samarbeidspartnarar for å få dette til.

Arbeidet med kunstformidlinga må styrkast. Etableringa av Sogn og Fjordane Kunstmuseum vil vere viktig både for identitetsskaping og marknadsføring av fylket vårt. Kunstmuseet bør utviklast etter ein desentralisert modell, der kunstmuseet yter støtte med kunstfagleg kompetanse til dei lokale samlingane.

VENSTRE VIL:

·

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7710. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.