Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Nordland Raud Valallianse

Rød Valgallianse · 805 ord

Nordland Raud Valallianse

Fylkesvalet 2003

Toppkandidatane til RV ved fylkestingsvalet i Nordland i 2003:

Einar Jetne, Alstahaug, veteran i tinget etter 12 år der (61 år),

Kjersti Aarstein, Vågan, gjekk ut av vidaregåande skole i år og kjenner det viktigaste ansvarsfeltet til fylkeskommunen innafrå (19 år),

Arulnesan Mariyanayagam, Bodø (og Sri Lanka), student, politisk aktivist og miljøarbeidar (34 år),

Berit Mortensen, Alstahaug, jordmor med mange politiske jern i elden, formannskapsmedlem i Alstahaug dei siste 4 åra (39 år) og

Gunnvald Lindset, Vefsn, sjukehusaktivist og kommunestyrerepresentant i heimkommunen (52 år).

"Fleirtalet i fylkestinget handlar som skrankepersonale for Erna Solberg. Eg har sett meg som nordlendingar sin talsmann mot makta i sør - ikkje som makta sin forlenga arm i nord."

Einar Jetne

Bustad: Tjøtta i Alstahaug kommune.

Alder: 61 år.

Yrke: Sivilingeniør og økonom.

Politisk erfaring: I POT sitt arkiv frå 1964, Trondheim bystyre for SF 1967-71, 12 år i Nordland fylkesting. Aktiv i alle EU-kampar, sjukehusaktivist, solidaritetsarbeid i inn og utland. RV-aktiv frå 1973.

Han har konsekvent vore talsmann for folk sin kamp for å oppretthalde og styrke sjukehustilbod, mot forsøk på å legge ned skolar - for å styrke kvaliteten på helsetenestene, utdanningstilboda og samferdselstenestene til folk i fylket.

Han har gjennom interpellasjonar i dei fleste tingsamlingane reist saker og tema som fylkesordførar og fylkesråd ikkje ville sette på dagsordenen. Ofte har dette vore saker som folk rundt om i fylket har bedt om å få reist.

Avisinnlegga hans finst på nettsida: http://home.c2i.net/ejetne/avisartiklar.html.

Kjersti Aarstein

Bustad: Årstein i Vågan kommune.

Alder: 19 år.

Yrke: Elev

Politisk erfaring: RU (Raud Ungdom)-aktivist i fleire år. Med i Operasjon Dagsverks distriktskomite i nordre Nordland hausten 2002.

I vinter gir truleg staten klarsignal for oljeleiting i Lofothavet. Med dagens utstyr er det berre muleg å få opp 50 % av eit oljeutslepp - dersom veret er godt. Ei eventuell leiteboring - og seinare utvinneng - vil gi minimalt med arbeidsplassar i Lofoten. Vi kan ikkje godta at varige fiskeriarbeidsplassar blir sett i fare.

I fylkestinget vil RV arbeide for

Arulnesan Mariyanayagam

Bustad: Bodø.

Alder: 34 år.

Yrke: Student/Miljøarbeidar.

Politisk erfaring: Aktivist innafor fredsrørsla i Bodø, i antiimperialistisk og i antirasistisk arbeid gjennom mange år. To periodar som vararepresentant til Tromsø bystyre.

· Norske okkupasjonssoldatar må bli kalla heim frå Afghanistan og Irak.

· WTO og GATS-avtaleverket er den globaliserte kapitalen sine reiskapar for å drive gjennom privatisering av offentleg sektor - fylkeskommunen må gå mot WTO og GATS si rasering av velferdsordningar både i fattige og rike land. WTO og GATS trugar også Nordland!

Berit Mortensen

Bustad: Sandnessjøen i Alstahaug kommune.

Alder: 39 år.

Yrke: Jordmor.

Politisk erfaring: Solidaritetsarbeid for palestinarane. I Alstahaug formannskap og kommunestyre frå 1999 av.

"Det som skulle berge livsgrunnlaget - føre til framtid i distriktene - har brått og tragisk blitt revet vekk fra oss på Helgeland i det siste. Alt for mange arbeidslystne mennesker står fortvilte og forundret igjen, først i Herøy og så i Leirfjord. Unge mennesker som har satset, bygd seg hus, trodde på ei framtid. Nå er det ikke lenger bruk for deres arbeidsinnsats."

Gunnvald Lindset

Bustad: Mosjøen i Vefsn kommune.

Alder: 52 år.

Yrke: Lærar

Politisk erfaring: To periodar i Vefsn kommunestyre. Aktiv i sjukehuskampen i Nordland i mange år. Aktiv i NEI til EU både lokalt og i fylket i den siste EU-kampen. Er no leiar i Nordland RV og medlem av landsstyret. Særleg opptatt av helsepolitikk og industri- og energipolitikk med miljøprofil.

Ut av EØS - Nei til EU

Med sine til no 4000 EØS-direktiv er Norge si lovgivande forsamling i realiteten flytta til Brüssel. EØS-avtalen fører til unødvendige kostnader for næringslivet, aukar arbeidsløysa og robbar distrikta. Norske naturressursar blir overtatt av EU.

Etter krav frå ESA har regjeringa godtatt at oppdrettskonsesjonar i Norge kan bli kjøpt av alle EU-borgarar. Med omsettelege torskekvotar kan vi vente den same utviklinga for kvitfisk.

Forbodet mot differensiert arbeidsgivaravgift kan frå nyttår kome til å koste Nordland fylkeskommune minst 200 millionar kroner i tillegg til at næringslivet i fylket vil tape 1,5 - 2 milliardar kroner årleg! Mange arbeidsplassar kan gå tapt, og folk kan bli tvinga på trygd og til å flytte.

RV vil arbeide for at Nordland fylkeskommune skal bli ei drivkraft i kampen for å få Norge ut av EØS. Handelsavtale, slik Sveits har, er eit godt alternativ!

Meir informasjon om Nordland Raud Valallianse finn du på Internett: http://www.nordland.rv.no . Frå denne sida kan du også klikke deg inn på sidene til RV nasjonalt, hente fram program og vedtekter m.m. Frå heimesida til Nordland RV finn du lett meir informasjon om toppkandidatane til fylkestingsvalet, om viktige saker for RV i Nordland, om partiet sine lister, kandidatar og program i ulike kommunar. Du finn også peikarar til Raud Ungdom og til andre opprørske organisasjonar, til Helse Nord og til Nordland fylkeskommune!

RV trengst i fylkestinget - stem RV!

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7689. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.