Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

RV - politikere er ikke som andre politikere

Rød Valgallianse · 440 ord

2003

Vågsøy RV

RV - politikere er ikke som andre politikere

"Dei rike sin revolusjon"

Det foregår ei veldig omstilling i Norge. Som mange ikkje forstår. Som mange ristar på hovudet av. På felt etter felt ser vi at det kjem fram bilde av eit heilt anna og ukjent samfunn, heilt ulikt det vi har vore vande med og som vi med eit fellesord har kalla velferdsstaten.

Vi får eit samfunn der dei med pengar kjøper seg tryggleik og velferd, medan veldig mange vil ende opp som fattige og arbeidslause utan tryggleik verken i dag eller i alderdommen.

Denne omlegginga av samfunnet vår skjer ikkje tilfeldig. Den kjem fordi nokon vil det slik og fordi nokon vil tene pengar på den. Når vi også samstundes veit at staten er søkkrik er det fleire og fleire som syns det er "noko gale ein plass". RV vil kjempe mot denne utviklinga. Ein av dei måtane du kan gjere det på er å sørge for eit stort og sterkt RV i di kommune og i ditt fylke.

Slengarar - nei takk !

Det er mange som kunne tenkje seg RV i kommunestyret, men som nøyer seg med å føre RV-folk opp på andre parti sine lister. Vi er sjølvsagt takksame for all støtte, men denne måten å støtte RV på har dessverre så godt som ingen praktisk effekt. Dersom du verkeleg vil har RV representert så må du bruke RV si liste når du stemmer.

RV seier JA til

RV seier NEI til

Kommunestyret er ikke helt det samme uten

RV seier ikkje: "Stem på oss så skal vi ordne opp". Vi seier: "Folk må gå saman og kjempe sjølv". Så skal vi love å føre kampen inn i kommunestyret; vere talerøyr for folk.

RV godtek ikkje dei trange økonomiske rammene som staten set for kommunane. Vi meiner det trengst eit kommuneopprør mot staten. Alle dei andre politikarane møter sine eigne parti i døra og feigar ut når det kjem til stykket

RV tek opp saker som elles aldri ville blitt reist. Anten fordi dei andre ikkje torer, fordi dei meinar det ikkje er viktig eller fordi nokon har sagt at dette ikkje er kommunepolitikk

RV kjempar alltid for vanlege folk. Dei andre partia høyrer alltid mykje betre etter når dei rike og mektige i kommuna vil ha igjennom noko.

RV er det einaste sosialistiske partiet som stiller til val. Vi har eit langsiktig mål om eit anna økonomisk system som vil gjere slutt på kriser, krig, fattigdom og arbeidsløyse. Dei andre er mest opptekne av taburettar, personleg framgang og vidare karriere i politikken. Det lengste målet deira er fram til neste valg.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7685. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.