Valgprogram · 2003
For ein sterk offentleg sektor, mot privatisering og globalisering
Rød Valgallianse · 1 745 ord
2003
Rød Valgallianse
For ein sterk offentleg sektor, mot privatisering og globalisering
Det store paradokset
Høge straumprisar, aukande arbeidsløyse, fare for nedlegging av aluminiumsindustri, ordremangel for skipsverft, nedlegging innan landbruket, diskusjonar om kommunesamanslåingar, nedlegging av lokalsjukehus/ fødeavdelingar, kommunale underskot og reduksjonar i talet på tilsette. Dette skjer sjølv om Norge er mellom dei rikaste landa i verda. Kvifor skjer dette?
STATEN OG KAPITALEN
Noreg har ein blandingsøkonomi, med ein relativt stor offentleg sektor og ein privat kapitalistisk del. Staten har ein dobbelkarakter; den både legg rammer som gjev tryggleik i liva til folk, og den er ein reiskap kapitalen bruker for å leggje samfunnet til rette for sine behov. Grunnlaget i kapitalismen er bedrifter/kapitalar som har som mål å samle eit størst mogeleg overskot på private hender.
Fleirnasjonale selskap krev vilkår som maksimerer overskotet. Siste 20 åra har dei skaffa seg reiskapane dei treng; institusjonar som t.d. EU og WTO og reglar for fri flyt av kapital over landegrensene.
Framstøytane frå storkapitalane og oppsamlinga av overskot hjå den rikaste delen av folket, har eit slikt omfang at tida vert omtala som "dei rike sin revolusjon".
Dette slår inn i Noreg og det slår inn i Sogn og Fjordane. Det inneber mellom anna auka arbeidsløyse, auka sentralisering, øyding av naturressursar, auka transport, krise i kommuneøkonomien og svekka primærnæringar.
Samfunnsutviklinga går såleis ikkje i den retninga RV arbeider for. Den britiske statsministeren Thatcher uttala "There is no alternative". RV er derimot einig med den internasjonale anti-globaliseringsrørsla i at "ei anna framtid er mogleg". Vår visjon om denne framtida er eit sosialistisk samfunn - eit samfunn som ikkje blir styrt med sikte på rikdom for dei få, men utifrå dei verkelege behova til folket og utifrå økologiske omsyn.
NOKRE HOVUDSAKER FRÅ RV SIN POLITIKK
1. For velferdsstaten - styrk kommuneøkonomien
Kommunane og fylkeskommunen yter i dag viktige velferdstenester. Kommunane har m.a. ansvar for oppvekstvilkår og helse-/sosial-/eldreomsorg. Kommunane i fylket hadde i 2002 eit oppsamla økonomisk underskot på 150 mill. kr. Det skuldast at staten prioriterer privat økonomisk vekst framfor offentleg vekst og ikkje tilbakefører tilstrekkelege midlar til kommunane.
Resultatet av dette er nedskjeringar i velferdsstaten sine ytingar:
Dette er eit medvitne val frå Regjering og Storting. Økonomisk strupetak skal tvinge fram konkurranseutsetjing og kommunesamanslåingar. Svekka offentlege tenester banar vegen for private tilbod der velståande kan kjøpe seg betre tilbod utanfor offentlege skular og helsekøar.
RV er mot denne utviklinga og stemmer mot nedskjeringstiltak som rammar dei som velferdsstaten skal tene. Vi er mot privatisering fordi den inneber at nokon skal tene seg rike på nødvendige velferdstenester. Og vi er mot privatisering fordi det alltid vil vere folk som ikkje har økonomi til dei velferdstenestene andre lett kjøper seg. Vi er også mot privatisering fordi den resulterer i auka prisar og/eller redusert kvalitet på varer og tenester.
Fattigdom
Det norske samfunnet kan i det store og heile kalle seg for Velstands-Noreg. Velstands-Noreg har eit motstykke; Fattig-Noreg. Fattig-Noreg er sosialklientar, rusmisbrukarar og ein del uføretrygda, langtidsarbeidslause, menneske på attføring, utviklingshemma, funksjonshemma og enkelte innvandrarar. Desse opplever den mest brutale sida av kutt i offentlege budsjett. Fattig-Noreg får ikkje del i den generelle velstanden som pregar Velstands-Noreg. Mellom 5 og 10 prosent av folket tilhøyrer Fattig-Noreg.
I Utjamningsmeldinga blei det dokumentert korleis "Forskjells-Noreg" veks fram og korleis velstanden i samfunnet dei siste åra har blitt skeivare fordelt. Ingen politikar har nokon gong gjeve "løfte" om auka forskjellar. Likevel går utviklinga systematisk i den retninga. Offentleg sektor har hatt ei heilt avgjerande rolle for ei mindre urettferdig fordeling. Kampen mot "Forskjells-Noreg" og for styrking av offentleg sektor er difor to sider av same sak.
Det handlar om å omfordele ressursar i samfunnet vårt. RV går inn for:
Helse og omsorg - ikkje kjøp og sal
Vi får dagleg vist at sjukehusreforma og føretaksmodellen til DNA ikkje berre handlar om eigarskap til sjukehusa, men også om kva verdiar som skal styre sjukehusa. Ingen politikar har gått til val på å svekke helsetenesta. I Eid, Flora og Lærdal kjempar folk likevel ein kamp for eit nødvendig helsetilbod - nettopp mot det etablerte politiske miljøet. Sentralsjukehuset i Førde kjempar med ryggen mot veggen i ein kamp om økonomiske ressursar i høve til Bergen og Stavanger. Økonomi og inntening ser ut til å vere viktigare enn å gje landet og distrikta eit godt og trygt helsetilbod.
RV krev:
Utdanning
Ein offentleg gratis skule, med lik rett til utdanning for alle, er grunnleggjande i RV sitt skuleprogram. Det er staten sitt ansvar at fylkeskommunane får nok pengar til å kunne byggje, utstyre og utvikle ein moderne skule der ungdommar frå alle samfunnslag kan møtast. RV vil arbeide aktivt mot privatisering av skuleverket, og mot at skular skal kunne opprettast og drivast som ei vanleg bedrift, slik framlegg til ny opplæringslov opnar for. Skulen er eit sentralt velferdsgode som gjennom historia har spela ei vesentleg rolle i den demokratiske utforminga av samfunnet. Privatiseringsframstøytar av ulike slag er eit alvorlege angrep på lik rett til utdanning.
RV vil:
2. For folkestyre - ut av EØS, aldri inn i EU
Den velgrunna frykta for nei ved folkerøystinga om EU i 1994 gjorde at Eutilhengarane fekk vedteke EØS-avtalen. Denne avtalen gjer Noreg til eit Eulikt samfunn - dels ved at vi dermed er underlagt "fri flyt" og dels ved at Regjering og Storting ikkje brukar den vetoretten som skil EØS positivt frå fullt medlemskap.
EU vil konkurrere med USA om verdsherredøme - EU i første omgang over resten av Europa. Bak ligg konkurransen mellom europeisk og amerikansk storkapital. Tilgang til norske energiressursar er difor avgjerande for EU.
EØS-avtalen raserer folkevald og samfunnsmessig kontroll med ressursane. EU krev tilgang til fiskeressursane og marknad for overproduksjonen i EUjordbruket. EØS-avtalen banar vegen for dette.
I konkurransen må euro-kapitalen overføre verdiar frå offentleg til privat sektor og frå arbeidstakarane til arbeidsgjevarane. Kommuneøkonomien, velferdsstaten, det sosiale lovverket og dei kollektive avtalane kjem under press. Norsk storkapital følgjer etter og vert bønhøyrd av norske styresmakter på sentralt og lokalt plan.
EU arbeider med å utvikle unionen til ein europeisk føderalstat à la USA. Denne statsdanninga flytter avgjerdsrett frå folkevalde organ i nasjonalstatane til sentrale ikkje-folkevalde organ. Dei små landa vil få endå mindre å seie enn dei no har. Noreg vil som del av ein slik europeisk superstat få eit handlingsrom som er mykje mindre enn EU-landa i dag. EU-tilhengjarane sitt slagord om "medbestemmelse" vil ikkje vere verdt papiret det er skrive på.
Difor seier RV nei til EU-medlemskap, krev oppseiing av EØS-avtalen og arbeider aktivt i Nei til EU for å sikre eit folkefleirtal som sentralstyresmakter må respektere.
3. Samfunnsmessig kontroll med straumforsyninga
Høge straumprisar og sal av mindre kraftlag til større einingar er utløyst av energilova. Lova innebar at krafta, som før skulle leverast til alle utan forteneste, vart kommersialisert. Dårleg kommuneøkonomi har utløyst eit storstilt sal av kommunale kraftlag og har monopolisert tidlegare felleseige og gjeve høgare straumprisar. ESA/EØS trugar med å øydelegge lokal og nasjonal eigarskap til ein evigvarande og fornybar ressurs - vasskrafta. Verdiar for 200-300 milliardar kan forsvinne ut av landet.
RV krev:
4. Stopp avlivinga av industriarbeidsplassane
Hydro sin manglande vilje til investering i Høyanger og Årdal vil innebere tap på opp mot 2.000 industriarbeidsplassar og ei fire(?)dobling når ein tek omsyn ringverknader. Manglande langsiktig industripolitikk og kortsiktig pengepolitikk som berre tek høgde for inflasjonsmål, kan rasere verftsindustrien i fylket. Direkte tap av arbeidsplassar og ringverknadar av denne politikken representerer det same dystre alvoret som for aluminiumsindustrien.
5. Verdset bonden sitt arbeid
Fylket har gode føresetnader for å produsere mat. FN oppmodar alle land til størst mogleg sjølvbergingsgrad. Verdas handels-organisasjon (WTO), minska grensevern mot EU, mindre overføringar over jordbruksavtalen og statlege rasjonaliseringskrav øydelegg moglegheitene våre. Dette tek levegrunnlaget frå folk og øydelegg desentralisert busetjing, svekkar kommuneøkonomi og velferdstat og skapar større arbeidsløyse.
6. Fiskeria
RV ser på fiskeressursane som fellesskapet sin eigedom. Det krev ei forvaltning og utnytting som tek omsyn til fellesskapet sitt beste i høve næringsutvikling og busetjing. For første gong har eit stortingsfleirtal sagt at kjøp og sal av fiskekvotar er gjeldande politikk. Dette er eit nytt døme på privatisering av samfunnet sine ressursar.
7. Miljø og naturvern
Sogn og Fjordane har mykje eineståande, vill og vakker natur. Dei siste store fossane og vassdraga må takast vare på og vernast mot utbygging. Energibruken må reduserast - m.a. gjennom pris, varmepumper og bioenergi
.
Naturvern må stengje for skadeleg og uoppretteleg bruk av og inngrep i natur.
Naturvern må sikre god og rett forvalting av jordbruk, skogbruk, jakt og fiske, og skape grunnlag for naturvenlege opplevingstilbod. Motorferdsel à la Kaldakari-prosjektet og uavgrensa bruk av t.d. snøscooter må stoppast.
MED FOLK MOT MAKTA
Denne faldaren gjer greie for RV sitt syn på nokre av dei viktigaste sakene for arbeidsfolk i både privat og offentleg sektor her i fylket. Mange saker er ufullstendig omtala og nokre viktige saker (t.d. anti-rasisme, kvinner, kultur og samferdsle) er ikkje omtala i det heile. Dei som vil vite meir om RV sin politikk på desse og andre område, kan ta kontakt med listekandidatane våre, fylkeslaget eller gå inn på heimesida vår som har adresssa www.sogn.og.fjordane.rv.no.
Sentralt har vi adressa www.rv.no.
RV kan ikkje love gjennomføring av dei sakene som er omtala i faldaren og programmet. Gjennomføring av sakene våre møter sterk motbør og krev at folk flest organiserer seg til arbeid og aksjonar for betre kår og for ei anna samfunnsutvikling enn det vi er vitne til no.
RV si rolle er framfor alt å hjelpe til med denne organiseringa anten det er i fagforeininga, bygdelaget eller i Nei til EU. Dersom me kjem inn i fylkestinget skal me konsekvent tale arbeidsfolk si sak frå denne talarstolen. Til det krevst at du støttar våre framlegg og folk, og røystar RV ved fylkestinget. Det er rett nok ei rein proteststemme, men er det ikkje grunnlag for å protestere?
RV sin førstekandidat til fylkestingsvalet Hans Jakob Reite er også RV sin kommunestyrerepresentant i Førde. Hans Jakob Reite har sitt daglege virke som informasjonssjef ved Sogn og Fjordane Teater, er 47 år, busett i Førde, er gift og har 3 barn. Han har sin andre periode i kommunestyret i Førde. Politisk har han særleg vore opptatt av barn- og unge sine oppvekstkår, som barnehage, barneskule og ikkje minst kulturskulen. Utvikling av Førde sentrum og tilhøvet mellom utkant og sentrum har og vore sentrale tema. Han kan beskrivast som ein politisk all -rounder med sans for den gode replikken, framførd med eit glimt i auge. Ikkje rart då kanskje at han er ein av drivkreftene bak Førde- Revyen.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7684. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.