Valgprogram · 2003
Fylkesprogram for Hordaland RV
Rød Valgallianse · 574 ord
2003
Fylkesprogram for Hordaland RV
RV har samfunnsendring som mål
Raud Valallianse skil seg frå dei fleste andre partia ved at vi har grunnleggjande samfunnsendring som mål. Til liks med mange andre ser vi at ressursar og rikdomar er fundamentalt ulikt fordelt mellom samfunns- og folkegrupper, mellom regionar, land og statar og mellom kvinner og menn. Vårt mål er å endra på dette. Denne endringa kallar vi ein sosialistisk revolusjon. Vi ynskjer å skapa eit samfunn der menneska i fellesskap har kontroll over eigne ressursar og over fruktene av eiga verdiskaping og der omsynet til menneske og miljø vert sett fremst. Eit slikt langsett mål får også mykje å seia for måten vi arbeider på med konkrete einskildsaker i dag. I det daglege arbeid har vi har som målsetjing å setja lojalitet ovanfor folk flest fremst.
RV meiner at folk sjølv er betre eigna til å avgjere viktige saker enn pengefolk og byråkratar. RV meiner at deltaking og aksjonisme ikkje "uroar" demokratiet, men er sjølve kjernen i det. RV støtter tiltak som vil auke folkeleg deltaking. RV er imot overføring av makt og saksfelt frå folkevalte organ til lukka styrerom. Makt må flyttast andre vegen - frå dei lukka bakrom der byråkratar, bedriftstoppar og marknadskrefter rår, og ut i organ der det er folkevalt styring. RV arbeider derfor på grunnlag av dei demokratiske rettane som folket har vunne og med basis i dei demokratiske institusjonane som finns. RV vil forsvara dei folkevalde institusjonane mot innskrenking i reell makt og mynde, og arbeida for å utvida dei demokratiske rettane til folk flest, jamfør til dømes innsyn i offentleg saksførehaving og informasjon.
SKULE
RV meiner at satsinga på vidaregåande skular må styrkast. Dette gjeld både driftsmidlar og investeringar. Alle skal ha rett til å gå på ei skule i nærleiken av bustaden deira.
På Fylkestinget vil RV:
RV tar folk sine behov og rammene som naturen set på alvor. Vi vil ha samfunnsmessig styring - ikkje marknadsstyring av ressursane.
Samferdsel
RV vil ha meir miljøvenleg, sosial rettferdig og trygg samferdsel. Positive verkemiddel som styrking av kollektivtilbod, gjere det både meir tilgjengeleg og billigare er hovudprioriteringa til RV i komande periode.
På fylkestinget vil RV:
Energipolitikk
RV vil ha ein trygg, sosial rettferdig og miljøvenleg energipolitikk.
På fylkestinget vil RV:
Helse
RV ønskjar å reversere sjukehusreforma. Vi ønskjar at fylkeskommunen ikkje staten skal vera eigar og drivar av sjukehusa. Årsaka til dette er at RV meiner at ein viktig sektor som helse må vera underlagt full folkevalt kontroll og innsyn. I dag vert sjukehussektoren styrt ut i frå marknadsøkonomiske avvegingar i lukka styrerom. Helse kostar, det skal ikkje vera noko staten skal tena pengar på!
RV vil i denne perioden:
Tannhelsetenesta
RV meiner at tannhelsetenesta i Noreg er skammeleg. Forsking syner at folk heile tida får dårlegare tenner. Samstundes vert tannhelsetenesta bygga ned til barn/ unge og pleietrengande eldre. Noreg er i dag eitt av to land i Europa, kor tannhelsetenesta ikkje går inn på lik linje som andre helseplagar i eit gratis og offentleg tilbod frå helsevesenet. RV meiner at utviklinga der tannhelsetenesta er overlate til den private marknaden ikkje betrar kvaliteten på tannhelsa til folk, snarare tvert i mot. Det er i dag fleire som ikkje går til tannlækjaren fordi dei beint fram ikkje har råd.
RV vil arbeide for:
Kultur og idrett
RV vil arbeida for eit rikt, variert og folkeleg kulturliv.
På Fylkestinget vil RV:
Næringspolitikk
På fylkestinget 1999-2003 har RV mellom anna:
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7683. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.