Valgprogram · 2003
K O M M U N E - O G F Y L K E S T I N G V A L E T 2 0 0 3
Rød Valgallianse · 635 ord
2003-2007
Voss Rød Valgallianse
K O M M U N E - O G F Y L K E S T I N G V A L E T 2 0 0 3
Ideologi
Raud valallianse er eit revolusjonært arbeidarparti. For oss i RV tyder revolusjon at folk sjølv skal ta styringa over framtida si, og ikkje lata seg underkua av rike multinasjonale selskap, enkeltpersonar, eller staten som kun jobbar for kapitalen sine interesser. Alternativet til dagens profittjagande, underkuande og sentraliserte samfunn, er det sosialistiske folkestyret. RV ser for seg dette samfunnet som eit samfunn i økologisk balanse, eit samfunn utan kvinne-undertrykking, rasisme, utbytting og krig. Eit samfunn der folk bestemmer der folk bur!
Vårt mål er eit samfunn utan klassemotsetningar!
Miljø og energi
RV vil ha ein sikker, sosialt rettferdig og miljøvenleg energipolitikk.
Me vil:
RV vil arbeida for eit rikt, variert og folkeleg kulturliv:
Kommuneøkonomi
Staten har i årevis tynt kommuneøkonomien.
Nedskjering, privatisering, konkurranseutsetjing, brutalisering av det kommunale arbeidsmiljøet, senka kvalitet på tenestene, auka eigenbetaling, større sosiale skilnader.
Alle statar i OECD har ført og fører den same politikken på dette området. EU har vedteke å verta den mest konkurransedyktige økonomien i verda innan 2010 (Lisboavedtaket). Det skal dei m.a. gjera ved å systematisk tyna dei offentlege budsjetta gjennom nyliberalistiske «moderniseringar».
Me meiner at dei offentlege tenestene er ei berebjelke både for at folk flest kan ha eit verdig liv, og for at me kan ha eit nokolunde sivilisert lokaldemokrati.
Kampen for auka løyvingar til kommunane er difor den viktigaste saka for Voss RV dei neste fire åra. Me veit at denne kampen berre kan få eit vellukka utfall om vanlege folk engasjerer seg og organiserer interessene sine utanfor kommunestyra. Kampen for lokalsjukehusa er gode døme på slik organisering.
RV vil ta del i slikt arbeid. Me vil og vera eit påliteleg talerøyr for slike aksjonar i
kommunestyret.
RV vil oppmoda andre parti om å stø ein dags generalstreik i oktober som eit folkeleg press for å stoppe svelteforinga av kommunane.
Helsepolitikk
RV vil sikra eldre/uføre/sjuke eit verdig liv, og dei tilsatte i helsetenesta maksimalt høve til å utføra tenester etter brukars behov og lovas bokstav.
Dei kommunale bevilgningar må difor vera i tråd med dette slik at:
Voss RV vil at
Ungdom
Me går inn for:
Utdanning
Utdanningsvesenet har aldri vore til for elevar eller lærarar.
Det har derimot vore til for at elitane skal få den arbeidskrafta dei treng - helst med eit visst nivå av danning og kultur. Me er på veg inn i informasjonssamfunnet. Bruk av ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi i alle næringsgreiner vil skapa mange rutinejobbar som ikkje krev mange kvalifikasjonar. Den same teknologibruken vil òg skapa nokre få jobbar som verkeleg krev høg kompetanse. Dette betyr at makthavarane kan kutta monaleg ned på utdanningskostnadene.
Ved å ta vekk minstekrav i lovverket, opna opp for privatskular og organisera utdanningssystemet etter industrilogikk, kan kostnadene koma endå lågare. Dette vil føra til lågare pris på arbeidskrafta og betre vilkår for kapitalen til å lukkast i det internasjonale rotteracet. Baksida av medaljen er at einskapsskulen vert redusert til kulturlause pølsefabrikkar utan ressursar, samt bloddyre privatskular med høg kvalitet for eliten.
Forsvarspolitikk
Voss RV går imot utvida bruk av Mjølfjell skytefelt, på grunn av trugsmål mot miljø og næringsliv - men også av forsvarspolitiske årsaker. RV er for eit nasjonalt vernepliktforsvar og deltaking i fredsbevarande FN-operasjonar, men er sterkt imot den noverande innrettinga med angrep utanfor landet sine grenser i Nato-regi eller saman med internasjonale overgriparar som USA. Me tek avstand frå ein forsvarspolitikk med mål å forsvare norske og andre land sine økonomiske interesser ute i verda, og synest det er heilt feil at utanlandske styrkar skal driva angrepstrening med bomber og rakettar i norske skytefelt.
Voss RV
Elbjørg Lie
(nr. 2 på RV lista)
Bjarte Kaldestad
(nr. 1 på RV-lista)
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7535. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.