Valgprogram · 2003
fridom for kvar enkelt - ansvar for kvarandre
Venstre · 2 930 ord
Fylkesvalprogram 2003 - 2007
Hordaland Venstre
fridom for kvar enkelt - ansvar for kvarandre
VENSTRE SIN IDEOLOGISKE STÅSTAD
Venstre er eit sosialt og liberalt parti. Vi skal ta ansvar for kvarande og syta for valfridom for kvar enkelt.
Vi er alle likeverdige. Alle må få same rett til å utvikla seg i høve til sine føresetnader.
Å vera liberal er å ta sosialt ansvar. Det offentlege skal syta for grunnleggjande velferdstenester. Kven som utfører tenestene er mindre viktig. Det er likevel ein føresetnad at økonomiske tilhøve ikkje styrer kvaliteten på velferdstilbodet.
Å vera liberal er å vera radikal. Vedtekne sanningar må ikkje stå i vegen for kreativitet i arbeidet for finna framtidsretta løysingar. Å vera liberal er å ha tru på framtida. Nye tider krev nye tankar. Utdanning og forsking må ha høgaste prioritet i eit samfunn som ønskjer å utvikla seg.
Å vera liberal er å vera ansvarleg. Natur og miljø har vi på lån. Av omsyn til komande generasjonar må miljøet forvaltast på ein bærekraftig måte.
Å vera liberal er å vera medviten om at kultur er ei berande kraft i eitkvart samfunn. Venstre byggjer kulturpolitikken på toleranse og mangfald, og tek utgangspunkt i den eigenverdi kulturen har.
FYLKESKOMMUNEN SIN ROLLE
Venstre vil:
Venstre meiner at det er viktig med eit effektivt folkevald nivå mellom stat og kommune.
Hordaland fylkeskommune skal spela ei viktig regionalpolitisk rolle, som utviklar, politikkskapar og produsent av tenester der brukaren står i sentrum. Fylkeskommunen forvaltar og vidareutviklar store og viktige oppgåver som vidaregåande skular og samferdsle. Dette gjer fylkeskommunen til ein sentral aktør for at velferdssamfunnet skal fungera.
Det må vera ei prioritert oppgåve å leggja til rette for at kvar einskild har høve til å påverka, kjenna identitet med og eigarskap til fellesskapsressursane. Dette krev større vilje frå staten til å gje fylkeskommunen handlefridom til å tilpassa seg lokale tilhøve.
Hordaland fylkeskommune må ha rammevilkår som set den i stand til både å vera medspelar og bindeledd mellom kommunane i fylket. Det er spesielt viktig å nytta dei ressursane som finst i universitets- og forskingsmiljøa i Bergen til beste for heile fylket. Samstundes er det viktig at Hordaland fylkeskommune styrkjer samarbeidet med dei andre Vestlandsfylka og er aktiv i prosessen rundt utvikling av fylkeskommunen.
Venstre vil arbeide for å gjera fylkeskommunen sterkare som regionalpolitisk arena. På sikt kan det vera eit mål å erstatta fylkeskommunen med større folkestyrte regionar, mellom anna slik at Vestlandet vert ein region. Dette kan mellom anna i større grad gjera det mogleg å overføra oppgåver og mynde frå staten til regionalt nivå. Samstundes vert det regionale byråkratiet effektivisert, slik at midlar vert frigjorde til andre føremål.
Fylkeskommunen må sjølv prioritera tiltak som tek sikte på å auka borgarane si interesse for og identitet til den verksemda fylkeskommunen driv. Venstre vil at Hordaland Fylkeskommune skal oppfatta seg sjølv som ein sørvisinstans for innbyggjarane. Difor må det arbeidast ut sørviserklæringar innafor alle fylkeskommunale tenesteområde.
Venstre vil arbeida for at det vert oppretta fleire kundekontor i Hordaland. Desse skal yta sørvis og informasjon til ungdom og andre brukarar av fylkeskommunale tenester, kontora skal vera tenlege både for næringsliv og einskildbrukarar.
Venstre vil arbeida for å grunnlovsfesta det lokale sjølvstyret. Venstre meiner at utviklinga i regionen skal skje i demokratiske prosessar som ein del av eit levande folkestyre. Difor vil me arbeida for at statlege etatar, som til dømes vegkontoret, vert lagde under folkevald styring.
UTDANNING - ein god skule er investering i menneske
Venstre vil:
Venstre vil prioritere vidaregåande opplæring fremst av fylkeskommunale oppgåver, og gjere skule- og utdanningspolitikk til hovudsak i prioriteringa av fylkeskommunale midlar i dei kommande åra.
For Venstre er det ei viktig demokratisk oppg ve sikra alle den same tilgongen til utdanning og kunnskap uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn. Kunnskap er grunnlaget for fridom og demokrati. Venstre vil setja eleven i sentrum ved å gje han større ansvar og medverknad i opplæringa.
Det er eit liberalt krav til læringsprosessen - frå det enklaste pedagogiske opplegg til det mest avanserte - at den skal byggja på respekt for både den enkelte og fellesskapet. Skulen skal ikkje berre utdanna kompetente personar, men også engasjerte borgarar. Venstre ønskjer å styrka skulen som demokratisk lærestad. Kunnskapen og verketrongen til ungdommen må takast på alvor og brukast, til dømes gjennom etablering av fleire elevverksemder.
Utdanning har alltid vore avgjerande for eit samfunn si utvikling, og i framtida vil kunnskap og kompetanse vera det mest sentrale element i verdiskapinga i Noreg.
Venstre oppfattar yrkesfaga som berarar av tradisjonar og kunnskap som vanskeleg let seg formidla gjennom einsidig teoretisk framstilling. Praktisk meistring og læring er viktige element i den yrkesfaglege opplæringa og bør etter Venstre sitt syn styrkast. Det er samstundes viktig at allmennfagleg vidaregåande opplæring gir god og relevant bakgrunn for høgare utdanning.
Venstre vil gje elevane større valfridom i den vidaregåande skulen. Elevane må mellom anna ha fridom og rett til sjølv å velja kva skule dei skal gå på. Difor vil Venstre innføra fritt skuleval. Til dei skulane som har fleire søkjarar enn plassar, skal opptaket i utgangspunktet vera tufta på karakterar og tilleggspoeng, men andre kriterier må og kunna vurderast. Elevane må få plass på ein av tre skular dei har søkt på, slik at alle, uavhengig av karakterar og økonomi, får ein reell valfridom
Venstre ynskjer at kvar vidaregåande skule skal få utvikla seg etter sitt særpreg. Vi går difor inn for ei ordning med temaskular.
Elevar i skulen bør ha eit vern på sin daglege arbeidsplass på lik line med vaksne arbeidstakarar. Venstre ønskjer ei lovfesting av elevar og studentar sitt arbeidsmiljø i ein eigen læringsmilj lov, der eit hovudelement må vera at elevar og studentar får meir å seia i saker som handlar om eige arbeidsmiljø. Ein slik lov må omhandle fysiske tilhøve som inneklima, men og psykiske og sosiale forhold.
Venstre sitt framlegg om sørviserklæringar i offentleg forvaltning, bør og omfatte skulen. Fylkeskommunen må difor utarbeide sørviserklæringar for vidaregåande opplæring, som gjer det klart kva for rettar og plikter elevar og foreldre har, kva dei normalt skal kunne vente av skulen, og kva skulen ventar av dei.
I samspelet mellom skulen og elevane, spelar elevrådet ei sentral rolle. Det er difor viktig å gje elevrådet gode arbeidsvilkår for å sikra at elevane vert høyrd før avgjerd vert teken i viktige saker på skulen. Elevane skal vera representert i alle skuleorgan.
Venstre vil arbeida for at skulebiblioteka får auka ressursar. Dette gjeld ikkje berre bøker, men og tilgang til IT-tenester og medieartiklar. Biblioteket skal være ope i skolen si opningstid.
Venstre meiner at dei vidaregåande skulane må bruka læremateriell som ligg føre både på bokmål og nynorsk til same tid og til same pris.
VELFERD FOR ALLE
Venstre vil:
Då ansvaret for sjukehusa gjekk frå fylkeskommunen til staten, svekka det moglegheitene for openhet og innsyn. Venstre går inn for å betra dette, ved å jobba for meir openhet og innsyn.
Venstre meiner at velferdssamfunnet sine tenestetilbod skal vera godt utbygde og sikra alle eit minstemål av omsorg, helse, utdanning og livsstandard.
Likevel kan samfunnet aldri fullt ut erstatta det personlege ansvaret den enkelte har for seg sjølv og medmenneska. Venstre sitt sosialliberale idégrunnlag kjem nettopp tydeleg til syne i ein velferdspolitikk som balanserer eit godt offentleg velferdstilbod med eit individuelt ansvar.
Venstre vil leggja til rette for at borgarane i fellesskap kan ta større ansvar for oppgåver som åleine vert tekne hand om av det offentlege. Frivillig innsats er velferdsstaten sin store og, framleis i nokon mon, ubrukte ressurs. Så lenge dei folkevalde definerer nivå, kvalitet og omfang på tenestene det offentlege skal tilby, bør både private forsøk, og innsatsvillige menneske trekkast med i løysinga av dei. Fleire offentlege tenester, også innan helse- og sosialsektoren, kan løysast av private, dersom det er sikkert at det framleis vil vera rettferdig tilgong på tenestene og at nye løysingar ikkje skapar nye skilje mellom innbyggjarane.
I høve til rusmiddelproblematikken må menneska setjast i sentrum. Det må leggjast meir vekt på behandling og mindre på straff.
KULTUR - grunnlag for vekst
Venstre vil:
Overføring av oppgåver frå sentralt hald til fylkeskommunen og kommunar har vore eit viktig verkemiddel i demokratiseringa av kulturtilboda dei siste tiåra. Fylkeskommunane har vore viktige berebjelkar i denne desentraliseringa, og Venstre vil at dette arbeidet skal halda fram i nært samspel med nasjonale styresmakter.
Hordaland er eit kulturelt tyngdepunkt i nasjonal samanheng. Bergen er mykje av grunnen til at Hordaland har ein slik status. Nye former for kommunikasjon har dei siste ti ra opna kulturbyen for resten av fylket og landsdelen, og har gjort Bergen til ein ressurs i kulturbygginga langt ut over bygrensene. Det er viktig at Hordaland fylkeskommune tek aktiv del i den vidare utviklinga av kulturbyen Bergen. Fylkesengasjementet må først og fremst gjelda dei store kulturinstitusjonane og nyskapande tiltak på kulturfeltet.
Venstre byggjer kulturpolitikken på toleranse og mangfald, og tek utgangspunkt i den eigenverdi kulturen har i samfunnet. I ei tid med sterk internasjonalisering er det viktig å føra ein målmedviten kulturpolitikk, tufta på det me sjølve har skapt, men i fruktbart samspel med omverda. Kultur er i seg sjølv grensesprengjande, og Venstre vil stø internasjonal kulturutveksling, og arbeida for at innvandrarar i fylket vårt møter eit ope og inkluderande kulturliv.
Dei små språka er under press, og Venstres kulturpolitikk som byggjer på ytringsfridom og mangfald, vil ha vårt eige språk, bokmål og nynorsk, som grunnleggjande plattform.
Kulturvern er eit viktig delomr de innanfor kulturpolitikken på fylkesplanet. Kulturvernet femner vidt, og gjeld fysiske spor frå fortida, bygningsvern, historieskriving og andre former for formidling gjennom arkiv- og museumsverksemd. Kulturvernet gjev oss sjølvforståing og identitet gjennom kunnskap om fortida som einskildpersonar, grupper og samfunn.
Venstre vil framleis leggja vekt på kulturvernarbeidet som lenge har stått sterkt i Hordaland. Det vil særleg gjelda kulturminneforvaltinga og dei mange musea i fylket. Fartøyvernet og kystkulturen er etter måten nye innsatsområde i denne samanhengen som Venstre vil fremja.
Ei berande kraft i samfunnet og kulturarbeidet er dei frivillige laga og organisasjonane. Frivillig innsats utgjer ein stor ressurs både for å løysa eksisterande oppgåver, og ikkje minst for å skapa gode levekår og sosiale nettverk.
Eit konstruktivt samarbeid mellom fylkeskommune og organisasjonslivet vil ofte vera avgjerande for å kunna løysa kulturoppgåvene. Det same gjeld tilhøvet til kommunane. Målet er det same, å gjera eit godt og sterkt fylke med store ressursar til eit endå betre Hordaland.
Kulturformidling til barn og unge er eit satsingsområde for Venstre. Ved sida av tilbodet som vert gjeve gjennom det frivillige organisasjonslivet, vil Venstre nytta skulane meir i kulturformidlinga. Hordaland fylkeskommune har lang røynsle når det gjeld å produsera og distribuera skulekonsertar. Ordninga må utvidast til ei kulturformidling som også gjeld ein målretta bruk av kunstnarar også innanfor andre område som forfattarskap, scenekunst, dans og biletkunst. Musea og andre kulturinstitusjonar må også koma inn i ei slik ordning, og tilbodet må gjelda heile fylket.
Naturen i Hordaland gjev oss gode høve til fritidsaktivitetar og opplevingar frå sjøen til høgfjellet. Å letta tilgjenge for menneske med ulike funksjonshemningar, er viktig for at alle lettare skal kunna koma seg ut i naturen. Samstundes må det vera eit overordna mål å sikra at samanhengande naturområde vert mest mogleg upåverka av menneskeleg aktivitet.
Hordaland har eit rikt idrettsliv. Å sikra breidda, ikkje minst gjennom tiltak for born og unge, er viktig.
Biblioteket er ein særs viktig institusjon som formidlar og tilretteleggjar av informasjon og kunnskap. Gjennom fylkesdelplanen for biblioteka i Hordaland har ein eit godt styringsverktøy for vidareutvikling av denne sentrale institusjonen. Venstre vil prioritera at det vert stilt ressursar til rådvelde for å gjennomføra ulike tiltak i planen.
SAMFERDSLE - styrka det kollektive tilbodet
Venstre vil:
Eit tenleg kommunikasjonsnett og godt kollektiv tilbod er ein viktig føresetnad for å oppretthalde og vidareutvikle busetnadsmønsteret i Hordaland. Venstre vil føre ein samferdselspolitikk som gjer det enklare og meir effektivt å koma seg fram i Hordaland, blant anna for å sikre samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregionar. Samstundes må miljø - og helseproblem som følgje av vegtrafikk løysast med milretta tiltak. Venstre vil difor prioritera veginvesteringar retta mot tryggleiks- og miljøinvesteringar, vedlikehald, rassikring og andre trafikktryggleikstiltak og forbetringar i distrikta.
Venstre vil at barn og ungdom skal vera flittige brukarar av kollektivtilbodet. Difor vil vi arbeida for rabattordningar på busskort for barn. Vi vil óg gå inn for at ungdomskort og studentkort skal gjelda på tog og hurtigbåt/ferje i tillegg til buss.
Kollektivtilbodet er viktig i Hordaland, særleg i Bergen. Når bompengeperioden er over for store veganlegg rundt Bergen må ein no prioritere tiltak som gjer at folk vel kollektive reisemåtar framfor privatbilen. Arbeidet med å få fram planar for korleis ein skal realisere dette må setjast i gong straks. Venstre vil prioritere investeringar og tilskotsordningar som gir auka framkome og betre kvalitet og kvantitet på vårt kollektivtilbod.
Båttransport er ein viktig del av Hordaland sitt kommunikasjonsnett. Venstre vil gå inn for meir godstransport på sjø. Dette krev at betre overvaking, merking, og vedlikehald av seglingsleier må prioriterast høgare av omsyn til tryggleiken til sjøs samt for å redusere faren for miljøskadeleg utslepp.
NÆRING OG SYSSELSETJING - verdiskaping
Venstre vil:
Venstre trur på det skapande mennesket. Jobbskaparar og idémakarar må visast tillit, ikkje hindrast gjennom unødig byråkrati og skjemavelde. Alt tyder på at det i framtida vert lettast å skapa nye arbeidsplassar i små og mellomstore verksemder. Nyetablerar og små verksemder må få betre vilkår om me skal oppretthalda sysselsettinga og verdiskapinga. Ei forenkling av det offentlege skjemaveldet, tilskotsordningar som er betre tilpassa småverksemdene sin trong, ei meir rettvis skatteordning og eit skifte frå skatt på arbeid til skatt på ureining, er Venstre sin bodskap.
Fylkeskommunen har ei viktig oppgåve i å hjelpa kommunane til å vera aktive tilretteleggjarar, pådrivarar og medspelarar for etablerarar og verksemder. Overordna planlegging, koordinering og spisskompetanse er sentrale stikkord i så måte. For næringslivet i Hordaland har fylket óg eit viktig ansvar i å vera ein aktiv medhjelpar i deira utanlandssatsing.
Ei stor utfordring er å demma opp for flyttestraumen frå kommunane i distrikta og avgrensa flyttestraumen til Oslo. Å få Bergen, som den store byen i fylket, og dei andre kommunane til å sameina kreftene og ressursane i så måte, bør vera ei naturleg og sentral oppgåve for fylkeskommunen.
Bergen har stor interesse av at dei andre kommunane i fylket har ei positiv utvikling. På same vis vil ei styrking av Bergensregionen som eit alternativ til Osloregionen vera svært viktig.
Bergen er den nest største universitets- og høgskolebyen i landet, og det er i tillegg andre viktige høgskulestadar i fylket. Det er ei stor utfordring både for fylkeskommunen i seg sjølv og for næringspolitikken generelt kunne utnytta studentane sin kompetanse betre.
I ei tid med store og raske omskifte vil det vera viktig å auka kompetansen og høvet til vidaregåande utdanning. Fylket har eit stort ansvar i å leggja til rette slik at alle med utdanningsplanar har sjanse til verkeleggjera desse. Å satsa på varierte utdanningstilbod er investera i framtidig næringsutvikling.
Venstre ønskjer å føra ein aktiv distriktspolitikk. Eit allsidig næringsliv er ein føresetnad for å halda oppe busetnadsmønsteret i Hordaland. Sjølv om talet på yrkesutøvarar i landbruket har gått ned, er denne næringa svært viktig for busetnad og samfunnsliv i distrikta. For å halda oppe eit livskraftig landbruk, er ein avhengig av å ha både deltidsbruk og heiltidsbruk.
Fiskeri- og havbruksnæringa er viktig for fylket vårt. Her vert det skapt store verdiar og gode arbeidsplassar. Venstre meiner at næringa må byggja på ansvarleg bruk av naturressursane, og at næringa må få rammevilkår som set ho i stand til å møta konkurransen i den internasjonale marknaden. Det må vera eit mål at større del av den fisken som vert landa og produsert i Hordaland, vert foredla her. Fylkesdelplanen for arealbruk i sjø må sjå til at det vert eit balansert høve mellom bruken av sjøareal mellom fritidsbruk, tradisjonelt fiske og havbruk. Venstre vil arbeida for at dei fiskerihamnene som er prioriterte i Hordaland, vert bygde, mellom anna for å sikre leveransar til vår lokale fiskeindustri.
Reiselivet er ei viktig næring, og Hordaland er eit av dei største reiselivsfylka i landet. Me har eit mangfald av opplevingstilbod. Her er kyst, fjord, fjell, by, kultur og miljøkvalitetar, og her er varierte tilbod innan overnatting og servering. Det er samspelet mellom dei enkelte produktelementa som skaper grunnlaget for gode heilskapsprodukt. Fylkeskommunen må samarbeida med næringslivet, kommunane og statlege styresmakter for å skapa konkurransedyktige og lønsame reiselivsverksemder.
Vern om naturen, kulturlandskapet og gode miløkvalitetar må vera grunnleggjande premissar. Venstre støttar opp om Reiselivsplanen for Hordaland og trur at den vil medverka til å utvikla det potensialet næringa har.
MILJØ OG AREALFORVALTNING
Venstre vil:
Venstre tek forvaltaransvaret for komande generasjonar på alvor. Det betyr at me vil ta omsyn til natur og arealressursar i eit langt perspektiv og at miljøtenking alltid vil liggja til grunn.
Venstre har som grunnhaldning at miljø- og naturvern skal inngå i all samfunnsplanlegging og utvikling. Kortsiktig økonomisk vinst vil i mange samanhengar verta kostbar for komande generasjonar eller for fellesskapsgode som rein luft, vatn, arealkvalitetar m.m. Venstre kan ikkje godta kortsiktige disponeringar eller ressursuttak som på lengre sikt fører til eit dårlegare miljø. Areal som fellesgode, er ein avgrensa ressurs; det er difor viktig å utnytta eksisterande infrastruktur. Det må og setjast krav til estetikk i byggjesaker og i utforminga avtettstadsmiljø, veganlegg m.m.
Arealplanlegging vert stadig viktigare i samfunnstyringa. Venstre vil at fylkeskommunen skal kvalitetssikra alle planar, for å sikra at det vert teken naudsynt omsyn til viktige miljøsider, naturkvalitetar, jordvern og andre arealressursar.
Fylkeskommunen skal vera ein pådrivar i miljøspørsmål og i Lokal Agenda 21-arbeid, mellom anna for å skapa berekraftige lokalsamfunn. Hordaland Venstre ønskjer varmepumper i fylkeskommunale bygg i den grad det er muleg.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7531. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.