Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

PROGRAM FOR FYLKESTINGSPERIODEN 2003 - 2007

Kristelig Folkeparti · 1 011 ord

Fylkesprogrammet er vedteke på fylkesårsmøtet 1. mars 2003

Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane

PROGRAM FOR FYLKESTINGSPERIODEN 2003 - 2007

Ei fast verdiforankring

Kristeleg Folkeparti byggjer politikken sin på det kristne verdigrunnlaget. Det kristne menneske-synet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret skal vere hjørne-steinar i alt vårt samfunnsbyggjande arbeid.

Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:

Kultur

Kristenarven representerer grunnleggjande verdiar både i menneskeliv og samfunnsliv, difor må fylkeskommunen sitt kulturarbeid bygge på dei kristne og nasjonale verdiane og ha ei målsetting i samsvar med dette.

Moderne teknologi, internasjonal påverknad og auka kommersialisering gjer at styrking og vidareutvikling av eigen kultur blir stadig viktigare. Kultur vil også vere eit viktig middel i arbeidet med å få ungdom til å busette seg i fylket vårt.

Frivillig engasjement må stimulerast ved ein rimeleg balanse mellom eigenansvar og offentleg ansvar for dei ulike oppgåvene. Særleg bør kulturtilbodet overfor born og unge styrkast.

Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:

Sosial tryggleik og rettferd

Gode og trygge heimar er det største aktivum samfunnet har, og den beste garanti for eit sunt folkeliv. Kristeleg Folkeparti vil styrke stillinga til heimen og familien.

Alle må få likeverdige og kvalitetsmessige gode tilbod frå helsetenesta, utan omsyn til kvar dei bur. Det er viktig å få til eit godt førebyggjande helsevern.

Auke i rusmisbruk, psykiske lidingar og familie-oppløysing har ført til auka press på barnevernet. For å betre på dette må ein styrke det førebyggande arbeidet og samordne ressursane innanfor barnevernet og barne- og ungdoms-psykiatrien. God og fagleg støtte til fosterheimane er også svært viktig.

Frivillige organisasjonar og private institusjonar yter ein verdfull innsats i helse- og sosialsektoren. Vi ynskjer å stimulere til godt samarbeid mellom slike tiltak og det offentlege.

Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:

Utdanning

Det vert stilt store krav til skulen, både med omsyn til kunnskapsformidling, verdiformidling og omsorg. Trongen for omskulering, tileggsutdanning, etterutdanning og vaksenopplæring aukar i takt med stadig raskare endringar i teknologi og samfunn.

Skulen må styrke arbeids- og næringslivet i distrikta ved eit samarbeid med det lokale næringslivet om opplæring som det er trong for.

Ein må tryggje åndsfridom og toleranse. Private skular må difor sikrast ein fri og ubunden plass i utdanningssystemet

Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:

Samferdsle

Det er ei målsetting for Kristeleg Folkeparti å utvikle gode lokalsamfunn i Sogn og Fjordane. Dei viktigaste føresetnadene for dette er gode kommunikasjonar og eit variert næringsliv i distrikta.

Det er naudsynt med gode og trygge sambindingsvegar både innan fylket og utover fylkesgrensene.

Tiltak for trafikksikring må prioriterast høgt.

Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:

Miljøvern

Forvaltaransvaret forpliktar oss til å ta vare på natur og miljø, og til å forvalte dei avgrensa ressursane på ein bærekraftig måte slik at også komande generasjonar får nytte av dei.

Miljø- og vernetiltaka må likevel ikkje vere så omfattande at dei på ein urimeleg måte svekkar næringsgrunnlaget i fiske, skog og jordbruksnæringane.

Fylkeskommunen må vere aktiv i miljøspørsmål og engasjere seg i å få til ein god dialog mellom verneinteressene og dei som vert råka av eit vernevedtak.

Kristeleg Folkeparti er i mot bygging av gasskraftverk før det ligg føre god nok reinseteknologi. Ein del vassdrag kan byggast ut. Minikraftverk ser ein på som ei miljøvenleg energikjelde. KrF vil vere pådrivar for å utnytte også andre fornybare energikjelder, som t.d. fjordvarme, tidevatn og vindkraft. Enøkpotensialet må hentast ut

Miljøomsyn må vere med å påverke alle planar som fylkeskommunen arbeider etter.

Regional utvikling

Landbruket er grunnlaget for sysselsetting og busetnad i store deler av fylket. Ein må difor ta store omsyn til dette når ein planlegg for næringsutvikling og busetnad i distrikta. Bygdekulturen er mange stader knytt til landbruket som næring, og kan leve vidare berre dersom landbruket si framtid vert sikra.

Fiskerinæringa er viktig både som arbeidsstad, som forvaltar av ressursane i havet og avgjerande for busetnaden langs kysten i Sogn og Fjordane. Difor må ein sikre fiskeria sine interesser og legge tilrette for næringa. Konsesjonsordningane må brukast for å bevare havbruksnæringa som ei distriktsnæring, med størst mogleg grad av lokale eigarinteresser.

Turisme og reiseliv har gjort fylket vårt kjent og gjeve god inntekt for mange bygder. Arbeidet med å skape arbeidsplassar og inntening innan denne næringa må halde fram, samstundes som ein tek omsyn til at særpreget vårt ikkje vert belasta slik at det tar skade.

KrF vil arbeide for å sikre eit variert arbeidstilbod i fylket slik at folk i alle aldersgrupper og med ulik kompetanse vert buande. Dette vil igjen ha samanheng med andre områder som samferdsle, kultur og tilgang på offentlege tenester.

Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:

Personalpolitikk

Fylkeskommunen er ein stor arbeidsgjevar. Trivsel i arbeidet, medråderett og godt miljø på arbeidsplassen er viktig.

Fylkeskommunen må kunne ta i bruk særlege tiltak for å rekruttere naudsynt fagpersonale.

Dei tilsette i fylkeskommunen må få ressursar til å fylgje med i utviklinga innan eige arbeidsfelt, og ein må heile tida ha for auget at ein er ei service-verksemd. Kontakten med brukaren, enten det er på sjukehuset, i skulen eller som sakshandsamar, må prioriterast og utviklast.

Dersom tilsette av omsyn til omsorgsansvar ynskjer redusert arbeidstid, skal arbeidsgjevar i utgangspunktet vere positiv til dette. Ein skal også arbeide for fleksible opningstider i fylkeskommunale barnehagar.

Likestilling er viktig for fylkeskommunen. Ein skal stimulere til at det også i mellomleiar- og leiarstillingar blir ei jamn fordeling mellom kvinnelege og mannlege tilsette.

Det er viktig at ansvaret blir desentralisert til den einskilde institusjon og til dei tilsette.

KrF ynskjer å føre ein personalpolitikk som likestiller funksjonshemma og funksjonsfriske.

Økonomi

I ei tid der marknadskreftene styrer meir og meir, og økonomien er ein viktig faktor i samfunnet, ynskjer KrF å peike på at det er andre verdiar som òg må vektleggast, t.d. livskvalitet og livstil. Vi har òg eit forvaltaransvar som må kome til uttrykk i miljøpolitikken vår, og i våre økonomiske disponeringar.

Kristeleg Folkeparti vil føre ein økonomisk politikk basert på langsiktig planlegging og ansvarleg prioritering.

Fylkeskommunen må til ei kvar tid vurdere ressursbruken opp mot tenestetilbodet og ha vilje til omprioritering.

KrF vil arbeide for at fylkeskommunen ikkje vert pålagt nye oppgåver utan at det vert følgt opp med overføring av pengar frå staten.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7470. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.